cover

Born Innocent

The Proclaimers

CD (2003) - Persevere / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Poprock

Spor:
Born Innocent
Should Have Been Loved
Blood On Your Hands
Unguarded Moments
Hate My Love
Redeemed
You Meant It Then
Five O'Clock World
He's Just Like Me
Role Model
No Witness
Dear Deidre
There's No Doubt

Referanser:
Billy Bragg
The Everly Brothers

Vis flere data

Se også:
This Is The Story - The Proclaimers (1987)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Ein overdose skotticana

Denne skotske duoen er ikkje heilt som på 80-talet.

Brødreparet Craig og Charlie Reid gjorde seg første gong bemerka i 1987 med Throw the 'R' Away, som var åpningssporet på debutplata This Is the Story. Ein sang om brødrene sin ettertrykkelige og ikkje så lite utprega skotske aksent. Ein aksent som fort vart eit av The Proclaimers mest markante kjenneteikn. Året etter kom albumet Sunshine On Leith, eit rett så spenstig og trivelig folkpop-album. Med eit åpningsspor, I'm Gonna Be (500 Miles), som var ingenting mindre enn ein liten poptriumf. Nokre år seinare vart låta også ein velfortjent hit, gjennom sitt nærvær i filmen Benny & Joon.

Brødrene frå Edinburgh har etter desse to produktive åra på 80-talet, ført eit heller anonymt tilvære, og har fram til i år berre spelt inn ytterligare to album. Så årets bidrag til diskografien, Born Innocent, blir dermed album nummer fem frå The Proclaimers si hånd.

Nok om historien. Kva har så årets utgave av The Proclaimers å tilby? Målt mot nevnte Sunshine On Leith rekk nok ikkje denne heilt opp, til det blir det noko ujevnt og tidvis til og med litt baktungt. Rett nok er brødrene ikkje vanskelige å kjenne igjen, i sin enkle og likeframme stil. Ein stil som fortsatt har sine røter i den angloamerikanske folk- og country-tradisjonen. Men der dei før kunne ha både ein popfiksert og punka angrepsvinkel på stoffet, rotar dei seg denne gongen litt for ofte over i eit meir traurig leie. Som i den buldrete og ganske så melodimessig sjarmlause Blood On Your Hands, sjølv om den tekstmessig i og for seg er eit velretta spark mot Bush/Blair og andre voldsmenn. Eller som i flate og kjedelige affærer som Dear Deidre og There's No Doubt.

På den andre side finn vi også snop som den uvørne countrypunkpop låta Hate My Love, med sitt kostelige grep på å skildre motstridande følelsar; "I like Johnny Cash singing A Boy Named Sue, but I hate my love for you". Ein av dei få tilfella her som matcher Sunshine On Leith-stoffet, og definitivt eit smart singelvalg. Stadig med twang følelse, men i eit noko meir moderert musikalsk leie finn vi You Meant It Then, ein utmerka sak om nostalgi og savn. Vemod er også temaet i den lavmælte og slett ikkje uefne No Witness. Mens hovedpersonen i den straite poprock-låta Redeemed blir redda frå mørke tankar av morgonlyset. Versjonen av den gamle The Vogues låta Five O'Clock World må vel og få godkjent.

Det blir likevel for mykje middelmådighet og tralla-la, til at Born Innocent løftar seg ut av den store hop av trivialiteter. Nei, dei var nok betre i sin grønne ungdom The Proclaimers også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo