cover

Science

Thomas Dybdahl

CD (2006) - Universal / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Den ettertenksame soulshaker

Hausten er her. Dybdahl er her. Men er ikkje graset litt grønare? Og har ikkje fyren laga si beste plate tru?

Det skortar ikkje på ambisjonar hos Thomas Dybdahl. Han starta som kjent platekarrieren sin med ein trilogi, og titulerte siste kapittel i den for noko såpass pretensiøst som One Day You'll Dance For Me, New York City. Men det er ikkje galt å ha ambisjonar, ikkje pretensjonar heller for den saks skyld, i alle fall ikkje når ein skjøttar dei med slik raffinert varleik som det Dybdahl gjorde i nettopp dette tredje kapittelet.

To år etter at October Trilogy vart fullbyrda er Dybdahl klar med oppfylgjaren. Han har ikkje tatt sjumilssteg i nye retningar. Skjegget er på plass. Blikket er ettertenksamt. Hausten er stadig årstida. Melankolien dryp sakte, men ikkje for tungt. Og tonane trer fram i måtehaldne former. Men alt er likevel ikkje heilt som før.

Det er ein Dybdahl på veg vi møter. På veg bort frå noko, på veg til noko. Han har ikkje komme så langt. Det er ikkje sikkert han skal så langt heller. Men han er verd å fylgje. Både der han finn det sublime, og der han trør litt feil.

Eit viktig moment som skil Science frå trilogien er Dybdahl sin meir utforskande og varierte songstil. Denne gongen prøver han i større grad ut heile registeret, frå det gruffy og opp til dei lyse tonar, frå det resiterande til det melodisk dansande, og frå det hudlause til det sofistikerte. Vellykka og formålstenlig? Definitivt. Han blir liksom endå meir Dybdahl på dette viset.

Som på førre album stikk Frode Gjerstad ein liten tur innom for å blese i saksofonen sin på opningssporet. Allereie her skjønar vi at Dybdahl har tenkt seg inn på eit og anna sidespor av sin sedvanlige oktobertur. Gjerstad får nemlig lov å blåse kraftig i tuten, og frijazzar Something Real på gnistrande vis av sporet. Før låta kjem så langt har trommis, perkusjonist og medprodusent Øyvind Jakobsen drive fram eggande rytmar som vekslar mellom det sordinerte og det meir fyrige. Medan Dybdahl godt støtta av sin harmoniserande partnar Silje Salomonsen syng inderlig om ein eller annan som ikkje nyttar sitt rådvelde til å gjere dei rette tinga. Kan det vere Gud sjølv han har i tankane når han spør "do you understand my deep frustration on creation and other fairytales"?

Apropos eventyr. Eg opplever det slik at Dybdahl og hans medhjelparar skrid fram med litt Askeladd-mentalitet i årene. Dei plukkar opp mykje langs ruta. Og på inspirert vis nærmar dei seg låtane på ein forsiktig leikande og søkande måte. Dei overspelar aldri. Snarare skaper dei inntrykk av å underspele til tider. Det er opent, liberalt og organisk. Det er subtilt, og det er innhaldsrikt.

Dybahl støttar seg mot dei blåaste av stemningsstrenger når han resiterer fire linjer titulert How It Feels. Han ser seg tilbake med ei jazzig smerte rennande gjennom kroppen i den pleiande Still My Body Aches. Saman med Silje Salomonsen får han den vesle vakre countryfarga duetten Dice til å vokalblomstre. Same dame bidrar med effektfulle "hum-hum-hum" i B A Part, albumet sin småcatchy poplåt. Medan Dybdahl i U svever inn i eit patosfullt og funky soulbilde med Al Green og Antony and the Johnsons vakande frå kvar sitt hjørne.

Min personlige favoritt er This Year. Ein melodisk smidig sak kledd i ei eggande dynamisk drakt, med soulstenk i magepartiet og rader av orgel og lap-steel rennande langs ryggen. Dybdahl syng særdeles overtydande om mismotige tilhøve på både det personlege og det globale plan;

"This year I got my heart broken, my fears awoken, my beliefs shaken and my dignity taken, but am I wrong to assume that the world is absurd when religion comes first and knowledge comes third".

Det er vel her eg kanskje skulle komme med ei lengre utreiing om albumet sin tittel stilt opp mot ei og anna linje i Dybdahl sine tekstar som kan tyde på at fyren nok har meir tru på vitenskapen enn religionen. Det lar eg ligge, og rettar meg i staden opp for å få med meg at Dybdahl fattar eit visst håp This Year også;

"I just hope she's a heartbreaker, a soulshaker and a lovemaker, or a damn good faker..."

Det er ikkje sikkert New York City vil danse for deg denne gongen heller Dybdahl. Det er ikkje ein gong sikkert du vinn halve kongeriket, eller at prinsessa lar seg målbinde. Heilt målbunden er kanskje ikkje underteikna heller, men han er salig fornøgd.

Så fylg vegen vidare du Dybdahl, fang gnistrande tonar, og la perkussiv vitalitet, frittflygande horn, borande strykarar, sprudlande mandolintonar og alt som er livgjevande få spele med. Eg trur du vil gjere det, for du er jo trass alt ein Soulshaker.

comments powered by Disqus

 



AC
2006-10-31Veldig enig.... og godt skrevet

Dette er den beste beskrivelsen av platen jeg har lest til nå, og jeg tror jeg har lest de fleste... Det er tydelig at du har tatt deg god tid, som man ofte må, men som mange kanskje ikke gjør.. Det kan jo ta en artist flere år å lage en plate og da skal det av og til mer til en 15 minutters gjennomlytting for å få med seg alt.

Takk for denne!

Ingrid
2006-11-08thomas

Jeg synes thomas er i ferd med å suse seg litt for langt inn i sin musikk. Jeg forguder hans tre første plater, men ble egentlig litt skuffet da jeg fik høre denne. SIlje Salomonsen: Ikke noe godt forbilde å være sanger og stå med en ølflaske i ene hånda og røyken i andre på en konsert. merkelig

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo