cover

Mouthfuls

Fruit Bats

CD (2003) - Sub Pop / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folkpop / Psykedelia / Indiepop / Folk / Countryrock

Spor:
Rainbow Sign
A Bit of Wind
Magic Hour
The Little Acorn
Track Rabbits
Union Blanket
Lazy Eye
Slipping Through the Sensors
Seaweed
When U Love Somebody

Referanser:
Donovan
Nick Drake
The Shins
Beulah
Beach Boys

Vis flere data

Se også:
Spelled In Bones - Fruit Bats (2005)
The Ruminant Band - Fruit Bats (2009)
Tripper - Fruit Bats (2011)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ein munnfull hygge

Tålmodig, trivelig og lett psykedelisert folkpop frå ung Chicago duo.

Fruit Bats er ein duo frå Chicago som spelar lett psykedelisert folkpop. Mouthfuls er andre gongen dei prøver å tilby verden sangane sine i album-format. Ti sangar om kjærleik til mennesker, dyr og jorda vi vandrar rundt på. Slik fører dei oss tilbake til ei tid då blomane var venare, fargane var talrike og sjargongar som "make love not war" var sterkt gjeldande. Den gongen The Mamas & the Papas, Simon & Garfunkel, The Beach Boys, John Sebastian og Donovan sine låtar regjerte rundt mangt eit fredelig peisbål.

Vel, ein mannsalder har passert sidan den gang, og eit mangfald av tonar har fått tid til å befrukta vår jord. Heilt upåverka av alle desse åra er jo heller ikkje Fruit Bats. Både den kjente, men så altfor tidleg døde, engelske melankolikaren Nick Drake og den dessverre like døde amerikanaren Elliott Smith går det an å finne føling av i tonane på Mouthfuls. Og då er vi jo inne i eit noko meir tungsindig musikk-univers. Der velger dei imidlertid å ikkje opphalde seg for lange stunder av gangen, derfor er det jo passande å spe på med vibrasjonar frå eit livlegare pop-hjørne band som Beulah og The Shins også besøker med jevne mellomrom.

Eric Johnson (tidl. Archers of Loaf) og hans venninne Gillian Lisee i Fruit Bats tar det med ro, og dei tyr heller ikkje til særlig hurlumhei i sitt forsøk på å nå fram. Dei lar låtane veldig ofte bygge seg opp frå spartansk akustikk, til ein tanke meir fyldige finalar. Undervegs kan det dukke opp små uskyldige skrudde innfall, og solide dosar med vokal-harmonerande "ooh-ooh-oooooooh", "laaa-la-laaaa-laahaala" og "see-ee-seee-eea".

Allereie i åpningssporet Rainbow Sign kjem dei godt i frå det, eit pent, pyntelig og lettfordøyelig popfølge som glir direkte over i ein litt meir luggande A Bit of Wind. Magic Hour har noko umiskjennelig Brian Wilson'sk over seg, og i The Little Acorn sneiar dei så vidt innom litt meir twangy landskap. Høgdepunktet er den tålmodige Lazy Eye, som med særdeles makelege pianoakkordar flytter seg sakte av gårde medan kjærleiken både "burns a circle in the snow" og "turn tripes into gold". Den spenstige affæren When U Love Somebody avsluttar så desse ti munnfullane med mykje godt i seg. Kanskje kunne ein ønska seg litt meir bredde og spenst i smaksinntrykket, men som litt småkos saman med eit glas Campari ein sommarkveld gjer dette heilt sikkert nytten.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo