cover

Welcome Home Loser

The Broken Family Band

CD (2005) - Track & Field / Racing Junior

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Folk / Countryrock / Poprock

Spor:
Happy Days Are Here Again
Living In Sin
O Princess
Where the Hell Is My Baby?
Yer Little Bedroom
John Belushi
Cocktail Lounge
Honest Man's Blues
We Already Said Goodbye
A Place You Deserve
Roman Johnson One
The Last Song
Wherever You Go
Coping With Fear

Referanser:
Herman Dune
Radiogram
The Mendoza Line
Ryan Adams
Slim Cessna's Auto Club

Vis flere data

Se også:
Jesus Songs - The Broken Family Band (2004)
Jesus Songs - The Broken Family Band (2004)
Please and Thank You - The Broken Family Band (2009)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


HEE HAA!

Engelsk slentre-country, honky-tonk og strålande pop. Med The Broken Family Band på øyret vil du aldri kjede deg.

Låtar som handlar om Jesus, kvinnfolk og sprit tenderar ofte mot å kulminere i hovudpersonar som forvillar seg inn i eit eksistensielt tåkehav. Gjerne høyrer vi om den maskuline karakteren som mislukkast i sine søk etter religiøs frelse, kvinneleg selskap eller eit liv på vannvogna. Musikken som fylgjer teksta kan ofte vere mørk, mismodig og deprimerande, og antyde ei dyster og resignert framtid. Når det er sagt; det er fullt mogleg å stortrivast i selskap med slike låtar, noko mange av oss også gjer. Samstundes er det også befriande når artistar som The Broken Family Band formidlar dystre tema med ein solid miks av humor, sjarm og frisk speleglede.

Det er lite i musikken som antydar at bandet har opphav i engelske Cambridge. Inspirasjonen har kanskje kome rekande med radiobølgene frå Dei Forente Statane, for her pløyar familiebandet over velkjente, men framleis grøderike americana-sletter. Utan å ha gjort meg kjend med bandet sine tidlegare utgjevingar, er det likevel fengjande frå fyrste sekund. Frå hjerteskjærande countryviser i Hank Williams-ånd, gjennom lekker skranglepop til humørfyllt bluegrass (i stil med herlege Slim Cessna's Auto Club) - Welcome Home, Loser høyrast ut som soundtracket til intense rotbløyter. Innspelingane gjekk då og føre seg i under fuktige kveldar i studioet The Sick Room i Norfolk. Sjølvopplevd eller ikkje - anten det handlar om å få kroppsleg utladning på sjødeslause gledeshus, å tilfredsstille småiltre nevar i heseblesande barslagsmål, eller å angre bittert på sin idiotiske oppførsel - resultatet er uansett smektande som varm eplepai.

"Happy days are here again, whoo hoo!" jublar Steven Adams med nasal røyst på den banjodrevne låvedansen som opnar albumet. Litt honky-tonk og festen er i full gang, sleng deg gjerne med på denne svingande låta. Den store entusiasmen held fram på Living in Sin; ei obskur kjærleikssoge som vert presentert i ei original språkdrakt og med fornøyelege country-rytmer, akkompagnert av desse briljante tekstlinjene: "One night I came home early to find you half undressed, with a man at your feet, and an animal at your breast. You're a devil woman, your heart is black, but your body drives me crazy". Nydeleg formulert, om eg får seie slikt like etter kvinnedagen.

The Broken Family Band ledar ikkje musikalske revolusjonar med sin folk/country- rock (det skal vi heller ikkje kreve). Melodiane meislast på velfunderte måtar, utan å bli unødig kompliserte eller krevjande for lyttaren. Stødig gitarplukking, fjørlett trommevisping, "klukkande" banjo, enkle bassganger og gjerne eit orgel eller to, formar storparten av melodiane om til nynnbare einheiter. Det er likevel den cowboy-tilgjorte vokalen til Steven Adams, samt dei frekke og humoristiske tekstane, som har gjort dette bandet til eit vanedannande bekjentskap. Gje meg mi daglege dose, I say.

Dei gode låtane kjem som perler på ei snor. Rus-hymna O Princess er både lågmælt og elegant, og syner også eit band med godt utvikla pophjerter. Som serenader flest takkar hovudpersonen sin betre halvdel for alle sine lukkelege augneblink. Under den bråkjekke sjalusi-visa Where The Hell is My Baby?, får derimot pipa ein annan lyd. Vi møter den frådande unge herren som i vilt raseri fantaserar om kvinneleg utroskap og svik ("I'm sure she's not sleeping around, but maybe there's one other person making her little heart pound..."), og som seinare trugar heile den mannlege befolkninga i byen med kraftige neveslag og solide ballespark. Etter ei slik utblåsning roar det seg naturleg nok på Ryan Adams-aktige John Belushi, der ein stille kveld under dyna med tv-kontrollen i armlengdes avstand foretrekkast framfor eksperimentering med diverse rusmiddel.

Siste halvdel av albumet er omtrent like god som den første. Ser vi bort frå unødige Roman Johnson One (ein kjedeleg bass og tromme-sak på knappe 30 sekund), og det litt anonyme sistesporet, har eg svært få kritiske innspel å komme opp med her. Noko av grunnen kan sikkert forklarast med at skribenten her manglar fantasi, kunnskap og kritisk overvåkenheit, eller kanskje er Welcome Home, Loser ei så sjarmerande, underhaldande og gjennomført briljant skive, at all negativ kritikk vil vere overflødig og tøysete?

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Torgeir Waldemar: Natta, tankane og morgondagen

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast...

Hardingfelepsykedelia
The Low Frequency In Stereo + Nils Økland = Hardingfelepsykedelia.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Synes vel ikke det var så...
26.11.14 - 10:37

Hei, jeg heter Adrian og er...
31.10.14 - 12:26

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Torgeir Waldemar - Torgeir Waldemar

(Vestkyst)

Den brenn min santen denne plata, den brenn seg fast.

Tidligere:

Ought - More Than Any Other Day