cover

Crazy Love

Tuco's Lounge

CD (2007) - Banana Party / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Ørkenrock / Americana

Spor:
Razzmatazz
Crazy Love In Bridge Town
For The Young and Distracted
Honda
Slender Fingers
Charger
The Taxidermist
Siberian Fatigue
Sober Second Thoughts
Love Me

Referanser:
Helldorado
Madrugada
Emmerhoff & The Melancholy Babies
16 Horsepower
Meat Puppets

Vis flere data

Se også:
Bounty - Tuco's Lounge (2004)
Wide Load - Tuco's Lounge (2005)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Ørkenvandring

Eit heller dvaskt andre album frå dei vestlandske ørkenrottene.

Det går kanskje an å stille spørsmål ved truverdet til eit band som kjem frå dei mest regnutsette delane av vårt våte land men som hentar heile sitt soniske uttrykk frå dei tørre grenseområda der USA møter Mexico.

Eg har ikkje tenkt å gjere det. Eg synst absolutt dei skal få lov å illudere tørsten, hungeren og heten under den nådelause Nevada-sola. Det er ikkje det som er problemet med Crazy Love. Snarare tvert om. Problemet med Crazy Love er at den er blitt ei utvatna og flat utgåve av kva Tuco's Lounge har vore på sporet av tidlegare.

Innleiingsvis kjem dei rett nok brukbart frå det. Razzmatazz er tøffasrock med barske utsegn som "I'm gonna ding ding dong that southern belle". Crazy Love In Bridge Town klarer til ei viss grad å få fram den kvilelause lengten etter denne "senorrrita" som hovudpersonen (ein sjømann) hevdar å ha hatt meir enn ei sanselaus natt i selskap med. Medan den dvelande For The Young and Distracted med sin synd/frelse/svik-tematikk har i seg i alle fall litt av den feberheite ånda som rir dei store meistrane frå desse traktene, folk som David Eugene Edwards, brørne Kirkwood og trioen Lift to Experience.

Det er når Honda kjem putrande inn på scena at opplegget byrjar visne bort. Her deler songaren Bjørn Sturle Hillestad mikrofonen med Thea Hjelmeland. I ein slags Lee Hazlewood og Nancy Sinatra formasjon fortel dei den ikkje heilt ukjente historia om fyren med det dårlige ryktet som møter den uskuldsreine jenta og dreg henne med seg mot undergangen. Men Tuco's Lounge klarar ikkje å tilføre den oppbrukte historia verken substans eller noko som helst form for lidenskap. Så derfor får dei råkøyre motorsykkel langs fjordar og fjell og komme tilbake i ein plastikkbag så mykje dei vil for meg.

Crazy Love eller ikkje, Honda viser seg å vere inngangsporten til eit melodifattig, spenningslaust, konturfritt og alt anna enn vilt landskap. Og det varer, og det varer, heilt til det slepande avslutningssporet Love Me tonar ut. Då ligg ordet ørkenvandring så ferdigtogge lengst bak på tunga at ein ikkje finn anna råd enn å hente fram Low Estate for igjen å få kjensla av kor desperat usunt og sterkt medrivande det verkelig kan vere med ei vandring i desse traktene.

Og det var vel stort sett det eg hadde å underretta om frå Tuco's Lounge denne gongen.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo