cover

Out Into the Snow

Simon Joyner

CD (2009) - Team Love / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Singer/songwriter

Spor:
The Drunken Boat
The Arsonist
Ambulances
Sunday Morning Song for Sara
Last Evening on Earth
Peace in My Time
Out Into the Snow
Roll On

Referanser:
Leonard Cohen
Townes Van Zandt
Lou Reed
Bob Dylan
Ben Weaver
Bright Eyes
Bill Callahan
Richmond Fontaine

Vis flere data

Se også:
Lost With the Lights On - Simon Joyner (2004)
Skeleton Blues - Simon Joyner (2006)
Ghosts - Simon Joyner (2012)
Grass, Branch & Bone - Simon Joyner (2015)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Joyners divisjon

Ein løyndom verdt å avsløre: Simon Joyner er ein av dei aller beste songtekstforfattarane på denne sida av Blood on the Tracks.

Den anerkjente radio-DJ'en John Peel spelte i 1994, i eit av sine BBC-program, ei plate non-stop frå første til siste rille. Det var visst andre, og siste gongen, han gjorde noko slikt. Den første gongen han gjorde det var i 1976, då gjaldt det Bob Dylans Desire. 18 år seinare heitte plata The Cowardly Traveller Pays His Toll. Det var ikkje ei plate med dei store forventningane hengande over seg. Den var trykt opp i skarve 1000 eksemplar, gitt ut på opphavsmannens høgst private label, og berre på vinyl. Plata var Omaha-ibuaren Simon Joyner si andre. Den store etterspurnaden etter plata førte hendinga ikkje til. Ein viss kultstatus, jodå. Men behov for nyopptrykk? Niks.

I fjor tok bysbarn Conor Oberst sitt vesle plateselskap Team Love affære. Plata vart gjeve ut att, på vinyl, og på cd. Det er meir enn Peel-statusen som har gjort den fortent til det. Langt meir. Den er skoren i ei rå og skjørt forstyrra folkform. Veldig lo-fi og totalt erobrande, med sitt mest skilsetjande augeblikk heilt til slutt; Joy Division. Songen Joy Division, den kanskje mest sagnomsuste i Joyners katalog. Den handlar ikkje om Manchesterkvartetten. Men ein poster av bandet heng på veggen, hos ein ung mann, og undergangen nærmar seg, nådelaust. "Papa, everything falls apart" skrik Joyner i siste fase, medan ei kakofonisk lydsmørje prøver kvele det fortvila ropet.

Tematisk er det i liknande mørke og desperasjonskallande former Joyner har pleidd å operere sidan også. Ja, for det har faktisk vore eit sidan. I skuggen av dei flestes synsfelt har det jamleg dukka opp plater frå hans hand. Gode plater. Ikkje tufta på like mykje sonisk råskap som The Cowardly Traveller (nokon av utgjevingane har endåtil vore ganske så stillferdige viseplater), men veldig ofte dyppa i tonar ein kan kjenne dragning mot, og ikkje minst rissa i språklege former som fortener merksemd.

På platefronten er hans største post-1994 prestasjon 2006 utgjevinga Skeleton Blues. Hans mest elektriske plate sidan the Cowardly Traveller, gjort i kompaniskap med ein gjeng han kalla The Fallen Men. Eit lite meisterstykke i sitrande americana, der arven etter Leonard Cohen, Townes van Zandt og Lou Reed rotar seg i hop, under det dunkle lyset av ein måne i bakrus.

Skeleton Blues er også det siste av nytt materiale vi har høyrt frå Joyner. Inntil no, no har han oppfylgjaren ute, Out Into the Snow. Den kjem i rolegare former enn Skeleton Blues. Har meir Cohen enn Reed i seg. Elektriske instrument dukkar rett nok opp, men har inga som helst dominerande rolle. Då har nok den akustiske blodsbroren ei langt meir framtredande rolle, samstundes som den nyt veldig godt av innspel frå piano, steelgitar, ledug rytmikk, og ikkje minst nokre kontrastbyggande og sterkt minneverdige strykar-arrangement.

Hovudrolla er det no likevel røysta til Joyner som har. Den slett ikkje perfekte, eller alltid fullt ut tonetreffande, røysta hans. Den ustøe, limiterte, men langt i frå karakterlause røysta hans. Den hadde sikkert ikkje passert første hinder i ein Idol-konkurranse, men den passerer alle i denne samanhengen, og tar lyttaren med på ein transperent tur inn dit ambivalensen dekker kampen mellom uro og harmoni.

Her ifrå fortel han, på Joyner-vis, historier om dei som elskar, dei som har elska, og dei som hungrar etter å bli elska. Han skildrar folk i havsnaud. Folk som har dratt ut på ei ferd i ukjent farvatn, utan å ha sjekka værmeldinga først. Folk som drøymer draumar med lenker på. Folk som skannar rommet for mareritt før dei går til sengs. Folk som tørstar, leitar, snublar, og som kjenner på den bitre smaken av løgner og tapte sjansar. Folk som mest av alt søker fred og harmoni, men som ikkje heilt finn utav kartet dei har fått utdelt. Kanskje fordi det er tilsmussa, men først og fremst fordi det nok ikkje heilt stemmer med terrenget.

Det sorgtunge og ugjestmilde har altså eit sterkare grep om omstenda enn det lukka har. Langt sterkare. Utan at vi skal titulere seansen for heilsvart. Den har sine lysstrimer, den har sitt snev av håp. "The future gives birth to both sorrow and mirth", syng songaren, og meiner det. Før han i neste omgang etterlet seg den eine skikkelsen etter den andre i ein tilstand der framtida ikkje er ferdigmalt, men der sjansane nok synest større for at den blir malt med duse enn med funklande fargar.

Åtte songar, som til songar å vere må seiast å vere lange. Der det er orda til Joyner som dekker det meste av flata. Klokt nok, for det er hans lag med desse orda som imponerer aller mest, denne gongen også.

Først set The Drunken Boat sine segl. I nesten ti minutt fortel Joyner om denne båten, og dens skipper. Dvelande. I enkle, varleg bølgjande former. Eit rikt forråd av skarpskorne bilde blir presentert. Eit og anna med snev av solskin i seg, langt fleire fortel om dunkle skuldingar, og ei utålelig framtid. "And memory drank from the horizon, while my eyes dried in the breeze", vert det sunge. Betre ville det kanskje vore om stormen kom og vaska minna vekk? Men så, like etter at eit smått oppskakande John Cale-slekta strykearrangement bringer låta inn i siste akt, erklærer forteljaren at det heile eigentlig berre er oppspinn, "an apparation, another sailor's myth". Utan å virke tvers igjennom overtydande om at så er tilfelle.

Ein fabelaktig song, verdt heile plata åleine. Men den er ikkje åleine, om å vere fabelaktig. Det er nokre til her også. Og ingen dårlige, ingen uinteressante, ingenting som får ein til å trekke mot skip-knappen. Absolutt ingenting.

Ambulances høyrer med blant dei fabelaktige. Eit par kvinnestemmer dekorerer den med sine "ooh-ooh-ooh", midtvegs smyg ein resignasjonens fiolin seg med. Og tonen er vakker, lendet opent, rommet luftig, og dynamikken kjenslig. Forteljaren fortel om ei kvinne han elska. Ei kvinne som søkte graset på den andre sida, utan at ho fann den evige grøne lukka der heller. På ingen måte. I ein ambivalent mikstur av skadefryd, medkjensle, og trøyst, syng vår mann refrenget slik:

"Tell me why you're so bitter woman,
Didn't it turn out like you planned?
For every hole in your neighbor's garden
there's a pretty flower in your hand."


Sunday Morning Folk Song For Sara er like bra. Av det Cohenske her er vel denne låtas melodiske formel den mest Cohenske. Suzanne-æra. Joyner starta sitt første album Room Temperature med Folk Song For Sara. Der hans hardt prøvde Sara nokså meiningslaust vart forelska i "a loser who robbed used and bruised her". Søndagmorgonen Joyner bringe Sara inn i denne gongen har spiren til harmoni i seg. Det har ikkje alltid vore slik for fyren som fortel; "I was born alone in a blue room in New Orleans", og "it took years to break my heart, just to see what it was made of". Men no, no sit han her, med frukosten ferdig, og ventar på at hans kjære Sara skal slå opp augo. Om harmonien held fram når så skjer, vel det seier songen ingenting om. Men plata, heile plata, den er tileigna Sara.

Tittelkuttet høyrer også med blant dei fabelaktige. Ein mann, ei nedtrykt sjel, eit kjellarmenneske, lever i ein støvete og vaklevoren kjellar like under ei togline. Ei oppringing frå ein nedkøyrt venn i naud fører han "out into the snow", for å yte hjelp. Utflukta set sine spor, og då ikkje berre i snøen. Tilbake i kjellaren drøymer han ein sveitt draum, og i ein klaustrofobisk tilstand stegar han enno ein gong opp trappa og ut i den jomfruelige snøen. Eit par kvinnerøyster svevar spøkelsesaktig bakom songaren, bandet spelar nøysamt, pianoet er jazzblått, og tonen magisk. Enkel, countryfolk-forma, og magisk.

Det er slett ikkje tilstandar og tonar av innovativ karakter Joyner byr på. Men måten han gjer det på, orda han gjer det med, tonane han gjer det med, treff i alle fall denne lyttaren. Så når eg no i denne stund set plata inn i hylla, der like ved sida av Joy Division-platene, ja så veit eg veldig vel at det, det er ein plass den ikkje får stå i fred og samle støv.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

JO JO !!! JA JA !!!...
16.08.17 - 14:09

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo