cover

Fraillaments

Erling & The Armageddonettes

CD (2013) - Clearpass

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock

Spor:
Unmagic
Soulslipperism
Tankstelle Blues
….and such
Bent By Rain
Kosmonaut
For Love
On Repeat
Dreams
Island
No Soul
Dream Me

Referanser:
Æ/Æ og Dem
Æ og dem
Schtimm
Wunderkammer
Major Parkinson

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein internasjonal Æ

Æ har blitt Erling. Tonen er kvesst. Han svingar seg med armageddon. På ein human måte.

Det er eit heilt stykke i frå Træna og til Budapest, men Erling Ramskjell har no likevel tatt vegen. Der har han funne i hop med ein liten gjeng ungarske musikantar, døypt dei for The Armageddonettes, skapt tonar som har vel så mykje Svartehavet som Norskehavet i seg, og erverva seg det internasjonale språket engelsk. Heilt utan å ha tapt seg sjølv i prosessen. For aksenten er hans nordlandske, grunntonen er den han har i ryggmargen, og skjeletta dansar natta til endes.

Dei er forresten å finne mellom to blodraude permar desse skjeletta. For trur du ikkje fyren like godt gjer ut plata si som bok. Førti sider med illustrasjonar av marg og bein og skjelett og ganske så dystre utsikter. Der fargane er ingenting anna enn svart og kvitt, og alt er teikna av Kjell Jakobsen. Blant dei illevarslande illustrasjonen klorar det seg fast ord og vers som avgjort høyrer til der. Ført i penn av Erling Ramskjell. På den vesle discen som ligg ved syng han dei. Til tonar som gneg og riv, truar og knitrar. Ute i eit sonisk landskap som er opent, og gjer det tyngjande fornuftig tilgang på oksygen.

I musikalsk samanheng har Erling Ramskjell dei siste fem åra stort sett operert under sitt alter ego Æ. Fire langspelsplater har det blitt. Fullt opp av underfundige, dystre og særeigne viser i ei nordlandsk språkdrakt. Før det var han ein del av bandet Schtimm. Det han gjer her på Fraillaments har vel kanskje meir til felles med den delen av hans fortid.

Han har ramma inn plata i to songar som tematisk har eit visst slektskap til ein gammal John Lennon song, God. "Do you believe in magic?" spør han innleiingsvis, "or just in me" legg han raskt til. I siste song er så dette blitt til "don't believe me, dream me". Korleis det som skjer undervegs på plata fører han fram til denne erkjenninga har eg ikkje fasitsvaret på, men det kan nok kanskje ha å gjere med at ein del illusjonar og utsikter møter motbør langs vegen.

I den sleipt buktande Soulslipperism gjer songaren seg fleire tankar om draumar (og ormar). Han reflekterer over at det finst draumar som må bli drøymt for å kunne haldast i live, men vel så viktig at nokre draumar aldri må drøymast. Og kva drøymer eigentlig ormar om? Små draumar eller store draumar? Det siste er det sentrale temaet i det groovy nummeret Dreams. Ei kvinne med namn Gaya Arutyunyan syng her duett med Erling. Ho opererer i dei høgare toneleier, nærast euforiske. I ein song som grev djupt og dansar høgt og florlett samstundes. Eit definitivt høgdepunkt. Det kan også seiast om den pågåande og kantete Island. Der ein stridig og hardfør hovudperson samanliknar seg sjølv med ei utilgjengelig øy i verbalt slagsmål med havet og det store kontinentet. Gaya bidrar på denne også, men litt lenger bak i kulissane enn på Dreams.

Det er altså få opningar for dei store optimistiske tankar. Kjærleikslivet blir nærast omtala som ei utvisking av eigen personlegdom (For Love). Søvnen er noko ein ikkje skal stole på, ein "gentle reaper" (On Repeat). Medan himmelen er "bent by rain", og det blir stilt spørsmål med om det å vere menneske i grunn er noko særlig bra (Bent By Rain). Det forunderlige er at eg som lyttar ikkje sitt nedtrykt tilbake. Plata kallar like mykje på det lyse i meg som på det mørke. Eg trur det kjem seg av det djupt menneskelige i songarens røyst, og heile hans tonale åtferd. Som på sitt vis, sitt sympatiske vis, og mellom linjene, held fram det gode som ein klar mulegheit, trass alt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo