cover

White Chalk

PJ Harvey

CD (2007) - Island / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Alternativ / Visepop / Voksenrock

Spor:
The Devil
Dear Darkness
Grow Grow Grow
When Under Ether
White Chalk
Broken Harp
Silence
To Talk to You
The Piano
Before Departure
The Mountain

Referanser:
Vashti Bunyan
Sandy Denny
Nina Nastasia
Beth Gibbons
Linda Thompson

Vis flere data

Se også:
The Peel Sessions 1991-2004 - PJ Harvey (2006)
A Woman a Man Walked By - PJ Harvey & John Parish (2009)
Let England Shake - PJ Harvey (2011)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Piano

Så stillferdig har vi aldri opplevd PJ Harvey før. Men ikkje tru ho har fred i sinn.

Det har ikkje vore ein rak og heilt opplagt veg PJ Harvey har fylgt frå ho platedebuterte i rett så rå former med Dry og til ho no femten år seinare har komme fram til White Chalk. I løpet av desse åra har ho komme opp med album som det brutale Rid of Me, det krypande, distinkte og meisterlige To Bring You My Love, og det meir polerte og melodiske Stories From the City, Stories From the Sea. Med White Chalk tar ho sitt til no kanskje mest vågale skritt og viser fram ei sakral side ho vel tidlegare knapt eingong har antyda å inneha.

Coverbildet viser dama sittande i ei forhistorisk drakt. Ja, ho kunne vel nærast gått rett inn og spelt rolla som den mutte og smått anemiske veslesøstera til Emma Thompson i ei eller anna Jane Austen-filmatisering. Tonane PJ Harvey omgjer seg med på plata kan også seiast å ha eit tilsnitt av noko forhistorisk ved seg. Og då er det engelsk folklore eg har i tankane. For på det som står fram som hennar mest engelske album til dato, er bluesen som i større eller mindre grad har vore grunnpilaren på hennar tidlegare utgjevingar blitt erstatta av eit tandert og spøkelsesaktig folk-uttrykk som hentar mykje av sin inspirasjon frå dei same tufter som Sandy Denny og Vashti Bunyan henta sin.

Borte er gitaren også, i alle fall den elektriske. I staden har pianoet fått mykje plass. Eit instrument PJ Harvey knapt har rørt før. No har ho rett nok med seg ringreven Eric Drew Feldman som ryggdekning, men eg kan like fullt ikkje forstå det annleis enn at ho kjem særdeles godkjent frå si handtering av tangentane. Dama har også funne fram til ein annan del av stemmeregisteret sitt enn den vi er blitt vane med å høyre. Nokre oktavar høgare oppe. Slik at ho stig fram i ei purare form. Og berre heilt unntaksvis fell ho tilbake til gamlemåten, og raspar litt til.

White Chalk er eit album av den sorten som treng litt tid. Låtane har eit marginalt melodisk vesen, og kan virke noko fargelause og tilbakehaldne før ein vert skikkelig kjent med dei. Men dei kviskrar og lokkar lyttaren til seg, og viser etterkvart at dei har ganske så mykje å fare med. Enten dei heiter The Devil og er forsynt med ein lengtande tone og ein bastant rytme, eller The Piano og har ei sonisk tiltakande åtferd, og eit sukk av eit mantra i sin midte; "oh God, I miss you".

Det er den der vansmektande kjensla, skumringstankane og dei tunge farvel som dominerer bildet. Eg skal ikkje seie at håpet ligg seks fot under, men det dansar i alle fall ikkje rundt i dei fremste rekker. "Please don't reproach me" lyde det nakent og bedande i Blues Harp. I den ukomfortable Grow Grow Grow trampar hovudpersonen på det ho fortvila prøver å få til å vekse. Medan To Talk to You handlar om saknet av ei nyleg avliden bestemor.

Tekstane er minimalistiske og slett ikkje eintydige. Dei fortel om ei smerte, men er nødvendigvis ikkje tydelige på kva den kjem seg av. Den melodisk vinnande men særdeles nådelause When Under Ether trur eg handlar om ei kvinne som nett har opplevd ein abort; "something's inside me, unborned and unblessed, disappears in the ether". Tittelkuttet, som også har eit lite hint til eit ufødt barn, tenker eg på som eit besøk i eit barndomens rike ("Dorset's cliffs meet at the sea, where I walked") som ikkje heilt fortonar seg slik hovudpersonen minnast det var.

Det er PJ Harvey i nennsame former, men slett ikkje i døsande former. For dama sår uro på dette viset også ho. Sjølvsagt gjer ho det.

comments powered by Disqus

 



Pål B
2007-10-23

Jeg har skap-digga PJ i mange år, og som den blautfisken jeg er, tror jeg den retningen hun har tatt på denne plate passer meg som fot i pose! Kjenner jeg gleder meg! :-)

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo