cover

That Lonesome Song

Jamey Johnson

CD (2008) - Mercury / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Americana / Sørstatsrock

Spor:
Released
High Cost of Living
Angel
Place Out on the Ocean
Mowin' Down the Roses
The Door Is Always Open
Mary Go Round
In Color
The Last Cowboy
That Lonesome Song
Dreaming My Dreams
Women
Stars in Alabama
Between Jennings and Jones

Referanser:
Waylon Jennings
Johnny Cash
Kris Kristofferson
George Jones
Merle Haggard
David Allan Coe
Guy Clark
Steve Earle

Vis flere data

Se også:
The Guitar Song - Jamey Johnson (2010)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Etter festen

Ei nesten heilt ny stemme frå nabolaget til Hank Williams tar ein sylskarp innersving på det aller meste av dei siste åras countrymusikk.

Ei dryg veke inn i det nye året fekk eg ein liten uannonsert skatt i fanget. Eit countryalbum som no har okkupert stereoen min ei heil veke i strekk. Eit countryalbum som er det beste eg har høyrt av det slaget på fleire år. Ja, fanden om det ikkje også viser seg å vere blant dei aller aller største musikkopplevingane med årstalet 2008 stempla på seg.

Dei tre orda som er tittelen, That Lonesome Song, kan nok seiast å vere ein countryklisjé større enn dei fleste. Men andrealbumet til Jamey Johnson kunne knapt heitt noko anna. Der den klorar seg fram som ein 14 bitar, og nesten timen, lang songsyklus om å finne fram til seg sjølv att. Etter å ha dansa ut døra, nedover gata og inn på pubar og klubbar mot ein fridom som snart viste seg å vere vegen til eit fengsel "so much colder than that one I was locked up in yesterday".

Med andre ord, enno ei plate som er blitt til på ruinane av eit havarert ekteskap/forhold. Du kjennar slektningane; Blood on the Tracks, Hearbreaker, Shoot Out the Lights, Here, My Dear. Eg ser ingen grunn til ikkje å trekke fram That Lonesome Song neste gong eit slikt prosjekt skal vurderast. For han gjer det bra Jamey, veldig så bra. Han blir aldri patetisk eller pinlig sjølvutleverande i sitt sjølvransakande opplegg. Nei han balanserer i grunnen stoffet sitt ganske så storveges. Han plasserer som oftast andre karakterar enn seg sjølv i hovudrolla. Og kransar inn kjenslene deira, som spring utav hans eige sjeleliv, på ein direkte og nonsensfri måte. For så å la dei komme til uttrykk i litt forskjellige former. Frå trykkande tristesse til snev av skjemt. Frå nostalgiske augeblikk til hardkokt realisme. Frå varleg balladering til grimmare gnissel.

Alt gjort i Nashville, Tennessee. Men det høyrest avgjort ikkje heilt slik ut.

Jamey Johnson kom til Nashville like etter tusenårsskiftet. Frå den vesle Alabama-byen Montgomery (ja, det var der Hank Williams kom frå også). Han hadde då fleire år bak seg som soldat. Men kjente seg ferdig med det akkurat tidsnok til å sleppe unna Irak-vanviddet. Han verkar på fleire vis å vere ein vandrande kontradiksjon. Han studerte grunnleggande musikkteori allereie på high-schoolnivå. Men synest å ha eit lausleg forhold til fastgrodde reglar innafor feltet. Med sitt rufsete biker-skjegg og mørke blikk ser han ut som ein trøbbelmakar med Metallica på frukostmenyen. Men han skal etter seiande ha eit poetisk hjerte. Det er både eitt og hitt med songane hans som kan tyde på at nett det er veldig riktig.

Det var ikkje uhemma suksess på musikkfronten som prega dei første åra hans i Nashville. Innimellom hardt arbeid med "hammers and nails" var han imidlertid innom Music Row (countryindustriens hovudkvartal) og fekk napp på ein og annan song han hadde skrive. Og i 2005 gav han ut eit debutalbum, på stort selskap, som både ser ut som og høyrest ut som endå ei plate som prøver å komme seg opp og fram der ute mellom Garth Brooks og Toby Keith ein stad. Albumet gjorde verken Johnson eller det store selskapet noko særlig rikare på gods, gull og ære. Så selskapet gav han like godt sparken.

Han byrja imidlertid etterkvart å hanke inn dugande med grunkar på andre sine versjonar av låtar han lagde. Det syntest Johnson var stas. Så stas at turane på byen med heile pakka av sex og drugs og slikt stadig oftare vart ein del av livet hans. Ekteskapet ditto ein mindre del. Men ein dag vakna han opp. Kløen var ikkje lenger så god. Temperaturen var nær frysepunktet. Hovudet verka meir enn ei heil pakke med Paracet kunne reparere. Og angeren byrja klore seg kraftig fast i sjela hans.

Det var då han fant fram ei Waylon Jennings-plate frå det året han vart fødd, sette korken på flaska, og tok seg grundig med tid til å sitte og tenke på "all the things I had, and threw away". Dette vart det songar av. Sterke songar. Desperate songar. Verkelige songar. Slike som selskapa rundt om langs Music Row helst ikkje vil ha noko med å gjere. Så han gav dei ut på sin høgst private label Humphead i staden.

Så skulle det likevel vise seg at sjefen for Mercury records (som visstnok er identisk med sjefen for Lost Highway) oppdaga stoffet, og loste det til ei større hamn. Han såg sannsynlegvis det same som underteikna. At That Lonesome Song er laga av noko heilt anna enn debuten. Av slikt noko som verkelig får karar som Brooks, Keith og dess like til å virke som dei identitetslause og stereotype farkostane dei jo er.

Jamey Johnson opererer i ein hevdvunnen tradisjon. Han legg aldri skjul på det. Snarare tvert om, han er stolt av det. I den lett skjemtande og ikkje så lite sjølvironiske avslutningslåta plasserer han seg "somewhere between Jennings and Jones". Og då er det ikkje først og fremst si alfabetiske plassering i platesjappa han tenker på. Det er nok meir lyden han lagar og livsstilen han har ført han prøver å beskrive (meir då Jennings enn Jones vil underteikna skunde seg med å skyte inn). Men frå denne staden mellom desse to, og for så vidt fleire andre countrylegender, gjer Jamey Johnson sakene på sitt eige vis.

Albumet startar med at Jamey slepp utav fengselet. Ikkje eit reelt eitt med betongmurar og piggtrådsperringar, vel eg å tru. Det er vel heller fengselet nytta som metafor for det tilværet mannen vakna opp til etter at festen var over, han har i tankane.

Lyden frå fleire gitarar byrjar så å virvle rundt. Stilnar. Ein gyngande bass/tromme-rytme smyg fram og får rommet åleine nokre sekund. Før denne slentrande tørre barytonrøysta gjer seg til kjenne. Überdynamiske og sterkt skilsetjande High Cost Of Living er i gang. "Freedom's just another word for nothing left to lose" song Kris Kristoffersen. Ei erkjenning vi er mange som kan skrive under på, vil eg tru. "The high cost of living ain't nothing like the cost of living high" syng Johnson i si sterkt slekta, men ikkje mindre minneverdige tekstlinje.

Dreamin' My Dreams har gått sine rundar, korken er stadig på flaska, og sjølvransakinga når sine første høgder. "I had a job and a piece of land and my sweet wife was my best friend, but I traded that for cocaine and a whore". Det er bittert, og orgelet virvlar, og Johnson og banden viser at dei ikkje berre er countrymenn, men at dei også har snappa opp litt sørstatsrock på vegen, og dei likte det dei høyrte.

Like naturleg som at orgelet svirlar og vrinskar, like naturleg blir det gitt plass til lyden frå steel-gitaren. I den brennande balladen Angel feller steel-gitaren sine tårer i kapp med at det store skilsmisseoppgjeret går inn i ein tiltakande krakilsk fase. Songaren vår kan ikkje skjøne at den illsinte stemma på telefonen er henne han nyleg hadde livet i lag med. Men "these lawyers has poisoned the well, and as our love is dying, they're making a killing on heartaches and furniture sales". Sjølv lurer han på i sitt kaotiske sinn om det er ein demon som er etter hans sjel han prøver å filleriste, eller om han er i ferd med å sende "an angel to hell".

På sitt mest hemngjerrige er nok likevel songaren når han til swampblues takter (à la Tony Joe White eller John Campbell), i Mowin' Down the Roses, fresar over rosebuskane hennar med ein John Deere, riv ned bileta, fyller 15 søppelsekker fulle med klede, og fortel at han "smoked 'em with your potpourri on a burn pile in the back".

Han tar seg også den fridomen å kjemme kvinner flest over same kam i det noko harselerande nummeret Women. "women" snerrar han med utropsteikn bakom, og eit piskande trommeslag som ekstra støtte for å gje teiknet feit nok skrift.

"I've made a sad one laugh
And I've made a good one cry
I've made one scream my name to the good lord by and by
I've made ‘em go insane and I've made ‘em go away
Just can't ever seem to make one stay"

Så når det kjem til stykket, er det nok vel så mykje seg sjølv som alle desse av motsatt kjønn han harselerer over.

Han har skrive det meste sjølv, ein del i kompaniskap med andre, men frå den der Jennings plata han spelte dagleg på denne tida, då dette vart til, har han også henta fram to songar. Det fløyelsmjuke og lett håpefulle tittelkuttet Dreaming My Dreams, og The Door Is Always Open. Der songaren ikkje heilt klarer å finne ut om han skal vere audmjuk eller uforskamma (på ein "eg trur nok eg var betre i senga enn han der nye typen din" måte).

I ånda og til ære for den same Jennings har an laga The Last Cowboy. Der han ikkje heilt kan sjå kvifor alt skal endre seg og ta nyare (og glattare) former. "Ever since Waylon, I can't find no one to buy into sad country songs" syng han i tributerande ordelag til den gamle meister. Før han lar fylgjande konklusjon henge i lufta; "Does everything good have to change til the last cowboy's gone?". Når han gjer dette er han sikkert også litt farga av at Jennings sjølv var inne på noko av det same i sine Are You Sure Hank Done It This Way og Let's All Help the Cowboys (Sing the Blues) frå nett Dreamin' My Dreams albumet.

In Color, som er albumets første singel (den burde ikkje vere utan hit-potensiale), er ein annan av eit par-tre avstikkarar frå den gjennomgåande tematikken. Her møter vi den gamle mannen som med eit fotoalbum og eit barnebarn på fanget fortel via bilder i svart/kvitt om tider som var. Om harde tider; Depresjonstida og andre verdskrig ("If it looks like we were scared to death like a couple of kids just trying to save each other, you should've seen it in color". Og om betre dagar; då han gifta seg ("You can't tell it here but it was hot that June").

That Lonesome Song er heile tida helde i eit organisk og ledug lydbilde. Der dei fleste låtane startar ut i ei sonisk ufokusert form før dei samlar seg og slår ein vital knute om sitt eige melodiske vesen. I avslutningsfasen glir dei så gjerne tilbake til det ufokuserte utgangspunktet. Og over i neste spor utan pause.

Albumets mest intrikate og melodisk utfordrande spor er tittelkuttet. Det bygger frå spartanske former til det beint fram swingande, og har til tider eit smått jazzig preg. Og det er tøft og det er røft. "What the hell did i do last night. That's the story of my life...". Og det vert klynka fram ei bøn om å få hjelp til å komme seg ut av den store einsemdskjensla. "...trying to remember words to a song nobody wrote. And it's sad and it's long, and can't nobody sing along?".

Ein betre arving til å føre tradisjonane frå den lovlause countrymusikken vidare enn det Jamey Johnson viser seg å vere kunne eg knapt klart å drøymt opp. Akkurat no er hans nyaste album det beste eg kan tenke meg. Men sjølv når den dagen kjem – snart – då That Lonesome Song lyt vike plassen for andre songar, så vil den ikkje gå inn i historia som støvsamlar. Til det er den grunnlagt på for store dosar av rastlaust krut.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo