cover

Coles Corner

Richard Hawley

CD (2005) - Mute / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Pop / Crooner / Country

Spor:
Coles Corner
Just Like the Rain
Hotel Room
Darlin' Wait For Me
The Ocean
Born Under a Bad Sign
I Sleep Alone
Tonight
(Wading Through) The Waters of My Time
Who's Gonna Shoe Your Pretty Little Feet?
Last Orders

Referanser:
Longpigs
Frank Sinatra
Roy Orbison
Johnny Cash
Scott Walker

Vis flere data

Se også:
Lowedges - Richard Hawley (2003)
Lady's Bridge - Richard Hawley (2007)
Truelove's Gutter - Richard Hawley (2009)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Den flottaste stemma i Sheffield

Songar til å omfamne, framført av ei røyst som omfamnar dei mest fundamentale delane av kjensleapparaturen.

Kva kunne vel ein fyr på godt over tretti år, som inntil då berre hadde levd eit musikalsk bakgrunnstilvære, ha å by på som låtskrivar og songar? Eg vil tru eg ikkje var den einaste som trekte likegyldig på skuldrene og bladde forbi Richard Hawley då han i 2000 debuterte under eige namn, med eit minialbum. To full-lengdarar fylgde dei nærmaste åra, utan at så veldig mange møtte opp til gildet. I desse dagar prøver han seg igjen, og denne gongen inviterer han oss ned til Coles Corner.

Og Coles Corner er eit praktfullt album, støypt i ei vever og vakker melankolsk form. Der dei viktigaste ingrediensane er plukka frå tonar som spreidde seg utover verda på 40-, 50- og 60-talet. Den gongen Frank Sinatra flaut nedover Moon River, Eddie Cochran hevda å vere Three Steps From Heaven, Johnny Cash medgav at han Still Miss Someone og Roy Orbison song for Only the Lonely. Alt dette og mykje meir fant Richard i "den beste platesamlinga i heile verda", eigd av faren hans.

Richard Hawley brukte deler av nittitalet til å spele gitar i det middelmådige britpop-bandet Longpigs, samstundes som han lånte bort sine utvilsame evner som gitarist til andre (Robbie Williams, All Saints, Beth Orton), for å kunne spe på ei heller skranten inntekt. Mot slutten av nittitalet, på eit tidspunkt der han sjølv har uttalt at han var i ferd med å gå "mental with drink and drugs", fekk han jobb som turnegitarist med Pulp. Og det var Jarvis Cocker, som etter å ha høyrt nokre demoar, overtala Richard til å komme seg i studio for å spele inn plate.

Coles Corner har trigga underteikna til også å søkje Hawley sine tidlegare framstøyt. Då finn ein tonane til ein kar som allereie frå første innspeling viste fram låtskrivar-kvalitetar, og ikkje minst ei songstemme som kunne røre ved dei inste og skjøraste kjensler. Låtar med tydelige røter i svunne tider, men med eit tidlaust og personlig preg. Ei baryton-stemme som smyg seg fram med utvungen og vemodsfull croonerkraft. Gitaren som hadde vore reiskapen hans så langt er der også og bygger under med skimrande og elegisk åtferd. Med tida har gitaren gradvis trekt seg litt meir i bakgrunnen, og på Coles Corner er det låtane og stemma som har dei soleklare nøkkelrollene. Noko som nok er medverkande til å gjere albumet til hans mest sofistikerte til no. Samstundes er det også hans beste. For der hans tidlegare utgjevingar nok slit med ein og annan litt fargelaus låt innimellom alle dei gyldne stundene, så er Coles Corner heilt utan fyllstoff.

Tittelen på alle albuma hans har sitt utspring i frå heimbyen Sheffield. Late Night Final (1. albumet) er eit uttrykk avisseljarar som tilbyr siste utgåve av Sheffield Star brukar. Lowedges (2. albumet) er eit kallenamn på eit drabantbyområde i stålbyen. Medan Coles Corner var ein namngjeten stemnemøtestad for unge sjeler, som, meir enn tretti år etter at den vart fysisk fjerna, stadig er levande blant byen sine innbyggarar. Men det er ikkje dei lukkeleg elskande Hawley syng om i det strykar-kjælte og Sinatra-inspirerte tittelkuttet. Her er han i staden stemma til den einsame nattevandrar som lutrygga og håpefull nærmar seg lysa, men som nok likevel ikkje kjem til å oppleve den salige gleda ned på hjørnet. Slik går refrenget:

I'm going downtown where there's music
I'm going where voices fill the air
Maybe there’s someone waitin' for me
With a smile and a flower in the hair
I'm going downtown where there's people
My loneliness hangs in the air
No one there will be waitin' for me
No smile, no flower, nowhere.

Trist. Og i eit tilsvarande dunkelt lys oppheld hovudpersonane i dei aller fleste av Hawley sine komposisjonar seg. Det er ikkje vanskelig å fatte at dei alle er henta frå same hjerta. Ja, kanskje er det den same fyren vi møter heile vegen, det er i alle fall nær slekta lagnader som blir fortalt. "Lonely, I've been lonely... deeper, I'm going deeper" blir det ytra med desperasjon og sakn i den countryfarga I Sleep Alone. Til gnagande tonar frå både gitar og strykarar trakkar Scott Walker-aktige The Ocean seg fram i ei dyster drakt. Eit sug mot bølgjene har ført hovudpersonen ned til strandkanten. Eit "here comes a wave" vert så uttalt før eit gjentakande "the ocean" etterkvart druknar i eit hav av stigande tonar.

Nå er verken den tekstlige eller melodiske tonen like nedstemt heile vegen. Tidvis er det absolutt eit håp å skimte i den Hawleyske verd. Darlin' Wait For Me nærmar seg det tilfredse, og sjølv om Just Like the Rain omtalar lyden av tårer som fell mot asfalten har den noko oppmuntrande i seg også. Kanskje det er den ringande gitaren og den lett vispande country/folk-drakta den har på seg som gjer utslaget. Og apropos country, den heilt klassiske twang-tilstanden har Hawley funne fram til i nydelige Wading Through the Waters of My Time.

Via ei spartansk tolking av voggevisa Who's Going to Shoe Your Pretty Little Feet glir opplegget avslutningsvis over i ein langsam meditativ instrumental for piano og synthesizer titulert Last Orders. Då er det lett å konkludere med at her har vi eit førsteklasses soundtrack for både verkande søndagsmorgonar og vemodige kveldsstunder.

comments powered by Disqus

 



Børge
2005-11-09Coles Corner

En veldig fin sang (og plate), men han synger vel "flower in HER hair". En viktig detalj, synes jeg.

Thomas K.
2005-11-09Språkcolaps

Korrekt nok, men Berges utdrag gjelder vel første, og ikke siste refreng. Der heter det, som du påpeker, flower in HER hair. Dette til etterretning.

Oddmund Berge
2005-11-09Meir hjelp takk.

Sidan vi først held på. Nest siste linje er eg litt usikker på. Eg har skrive "No one there WILL BE waitin' for me", men det korrekte kan like godt vere REAL, eller kanskje noko anna?
Over.

Børge
2005-11-09Hele teksten

Han synger nok "HER hair" på første refreng også. Mener også at han synger "no one there REAL waiting for me", ja. For sikkerhets skyld gikk jeg nå inn på hjemmesiden richardhawley.co.uk og lastet ned teksten. Så her er fasiten:

Coles Corner

Hold back the night from us,
Cherish the light for us,
Don't let the shadows hold back the dawn.

Cold city lights glowing,
The traffic of life is flowing,
Out over the rivers and on into dark.

I'm going down town where there's music,
I'm going where voices fill the air,
Maybe there's someone waiting for me
With a smile and a flower in her hair

I'm going down town where there's people
The loneliness hangs in the air.
With no-one there real waiting for me,
No smile, no flower nowhere.

Cold city........etc

Hold back .......etc

(Chorus)

(End on)

Hold back the night

Oddmund Berge
2005-11-09takk til Børge

Fasiten skal vi ikkje kimse av. Prøvde å finne tekstane då eg skreiv omtalen. Men lukkast ikkje då. Dei har muligens komme opp på heimesida ein av dei seinaste dagane? No har eg lasta den ned, og har den klar for neste til til Coles Corner.
Takk for hjelpa.

Ole
2005-11-10Ja Ja

det var da voldsomt til flisespikkeri. teksten er, som resten av skiva,veldig fin uansett ordrett gjenngivelse. Ja så fin er den at i nåværende øyeblik er jeg fristet til å kalle den årets skive. Jeg har ikke hørt det mannen har gitt ut tidligere (bortsett fra en fryktelig kjedelig Longpigs cd et eller annet sted i samlinga), men nå er jeg bare nødt til å sjekke ut de andre solo tingene. JÆVLIG vakkert. takk...

Børge
2005-11-10Detaljer

Jo da, det er kanskje flisespikkeri, men det er slike detaljer som skiller godt håndverk fra det ordinære (altså, da snakker vi om teksten - ikke anmeldelsen, bortsett fra tekstglippen var sistnevnte en av de bedre og mer innsiktsfulle jeg har lest av norske anmeldere).

De forrige platene er fine, men jeg synes Hawley har hevet seg betraktelig på denne platen. Bedre arrangementer, bedre låter, mer klassisk crooner-stil. Men for all del, de forrige skivene er verdt å sjekke ut. Bedre enn Longpigs iallfall.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo