cover

Run to Ruin

Nina Nastasia

CD (2003) - Touch and Go / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Sadcore / Singer/songwriter / Indierock / Americana

Spor:
We Never Talked
I Say That I Will Go
Regrets
You Her and Me
Superstar
The Body
On Teasing
While We Talk

Referanser:
Gillian Welch
Will Oldham
Neko Case
Hope Sandoval
Cat Power
Nick Cave
Dirty Three

Vis flere data

Se også:
Nina Nastasia's The Blackened Air - Nina Nastasia (2002)
Dogs - Nina Nastasia (2004)
On Leaving - Nina Nastasia (2006)
Outlaster - Nina Nastasia (2010)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


I'm not ordinary, friend

8 langsomme og intenst melodi-rike sangar innhylla i til tider uregjerlige arrangement, slikt blir det flott musikk av.

Nina Nastasia malar med mørke fargar her på sin tredje utgjeving, den veldig så presist titulerte Run To Ruin. I åtte langsomme og intenst melodirike sangar innhylla i til tider uregjerlige arrangement, fortel ho fragmenterte historiar om utilstrekkelighet og lengsel.

Dette kunne vore åtte låtar gjort i ein konvensjonell folkcountry-stil, og sikkert blitt eit rett så bra album. Dette kunne vore ei lita diktsamling, åtte minimalistiske nedtegnelsar, og det hadde også blitt patent. Men dette er likevel noko heilt anna: Det er Nina Nastasia si røyst, dvelande og forførande men framfor alt veldig levande, som opptrer i perfekt selskap med eit glødande ensemble, der instrumenter som cello, fiolin og kontrabass, samt Jim White (Dirty Three) sitt smidige trommespel spelar viktige roller. I likhet med kva tilfellet var på hennes to første album er det den smått legendariske Steve Albini som har produsert, eller dokumentert som mannen sjølv foretrekker å seie det. Resultatet er blitt ei rikhaldig og spenningsfull liten (31 minuttar) plate.

Nina sin komprimerte poesi, der like mykje skjer i det usagte (mellom linjene) som i det sagte, blir her ytterligare forsterka og utfordra av den instrumentelle bearbeidinga dei ulike låtane blir tildelt av medspelarane hennes. For det er her i krysningspunktet mellom Nina sine vokale prestasjonar og bandet sine frenetiske, men i høgaste grad dynamiske, avleveringar albumets sanne ansikt og magnetiske tiltrekningskraft ligg. Her blir motsetningane sett opp mot kvarandre; lys versus skygge, det melodiøse versus det atonale, det skjøre versus det brutale, det vakre versus det stygge.

Det som i første omgang kan virke som ei einstonig messe til mørket, viser seg etterkvart å spenne over eit langt rikare og ikkje minst meir gåtefullt register. Når ho allerede i første linje snakkar om "the thing we witnessed" blir uroen sådd. Det kjem aldri fram kva paret har vore vitne til, men vi får følelsen av at det er ein ganske så ubehagelig hemmelighet dei ber på. Sangen heiter We Never Talked og er ein krypande klagesang, der tonane frå ein cello og ein fiolin gneg seg fast. Kommunikasjonsvanskane som blir brakt på banen i denne låta, viser seg for øvrig å være eit slags gjennomgangstema i denne ferda mot øydeleggelse. Ei ferd som når sin, i alle fall temporære, finale med While We Talk, der øydeleggelsen blir manifistert gjennom at hovedpersonen finn ei slags manisk meining i å betrakte partnaren mens denne fortærer ei kake; "Flying bits, I begin to count them".

Før vi kjem så langt har vi imidlertid vore gjennom seks andre brokete historiar, fortalt gjennom Nina sitt nakne og nådelause språk. Som i den konfliktfylte beretningen You Her and Me, ein melodi som bevegar seg frå kun å være ein einsom akustisk gitar, til å bli ein voldsom batalje med mellom anna ein forstyrra cello. Dramatisk er også I Say That I Will Go som etter ein forsiktig og nennsom utgang gradvis bygger seg opp til å bli ein brutal vegg av praktfull dissonans. Noko som også gjentar seg på den innbitte On Teasing, blant anna gjennom Nina sine "ha-ha haa" i hektisk samtale/duell med fiolin og cello.

Høgdepunktet her er likevel den mest konvensjonelt oppbygde affæren, nemlig Superstar. Ein usedvanlig vakker ballade, som sender solide frysningar oppover ryggraden mens Nina fleire ganger gjentar "I know what you said. Look at me. I am a mess", før ho til slutt konkluderar med at "I am a superstar. I'm not ordinary, friend".

For sjølv om ho ikkje er ei superstjerne i ordets opprinnelige betydning, viser Nina Nastasia med denne utgjevinga at ho har meir å fare med enn dei fleste, og står definitivt fram som noko for seg sjølv.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo