cover

Becoming A Jackal

Villagers

CD (2010) - Domino / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Folkpop / Prog / Kammerpop

Spor:
I Saw The Dead
Becoming A Jackal
Ship Of Promises
The Meaning Of The Ritual
Home
That Day
The Pact (I'll Be Your Fever)
Set The Tigers Free
Twenty-Seven Strangers
Pieces
To Be Counted Among Men

Referanser:
Prefab Sprout
Elliott Smith
Jeff Buckley
Ed Harcourt
Jens Lekman
Bright Eyes
Richard Swift

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Unge ambisjonar

Ein ung ambisiøs ire med blikk for det melodiske, sans for det komplekse, og ein og annan suspekt idé han ikkje finn grunn til å undertrykke.

Conor O'Brien er hans namn. På sitt mest inderlige har han eit og anna fellestrekk med sin namnebror frå Omaha, men han har ein god del andre trekk også. Han kjem frå Dublin, han kan framstå yndefull og skjør, han kan framstå lumsk og nådelaus, han kan ta ein enkel veg, han kan ta ein episk veg, han kan gå med lette steg, han kan gå med komplekse steg. Men den melodiske poptonen har han som oftast med seg i sekken.

Den unge mannen er ikkje yngre enn at han allereie har nokre år i eit rockeband bak seg. The Immediate heitte det bandet, og var etter seiande ein kantete og energisk kvartett med slektskap mot både Franz Ferdinand og eit ungt U2. Nokre ep'ar og eit album rakk dei å gje ut også, før dei fant det best å gå kvar sin veg.

O'Brien gjekk vegen vidare med namnet Villagers som skjold og signatur. Og det utan at så mykje av lyden etter The Immediate vart med. På scena har han med seg medspelarar. På sitt debutalbum gjer han det aller meste sjølv. Spelar på sin akustiske gitar, men fyller meir enn gjerne bildet med både den elektriske seksstrengaren, pianoet, orgelet, bass og rytmikk.

I lag med ein strykargjeng i det tonalt vennlegsinna men tekstlig nokså forstyrra opningssporet I Saw the Dead. "Have you got just a minute?" spør han ei kvinne, "are you easily mad? Let me show you the backroom, where I saw the dead" held han fram. Og ein treng kanskje ikkje fundere alvorlig lenge over korleis det stemnemøte ber i veg. I eit tittelspor med progressive popmomentum fortel han om si tid som "a dreamer", då han tilbrakte dagane stirande ut vindauget, eller i suspekt dans med sjakalar. Nå tilbyr han sine redsler på billigsal. "For a long long time, I've been in pieces" lyde mantraet i soulvalsen Pieces. Ein vals som endar med at O'Brien uler som ein ulv frå den mørkaste sida av midnatt.

Men dette er ikkje ei plate eg først og fremst tenker er eit dystert popopus frå ein tungsindig ung mann. Den har for mykje lettbeint ynde i seg til det. For mykje rom og for mange oppløftande tonar. Og for mykje vilje til å vere kontrastfull og tvetydig.

Plata kan heller ikkje seiast å vere ein seiersrunde frå første til siste tone. Den er nok meir ein av desse platene som har sine gode songar, men og sine høgst middelmåtige (av typen vel pretensjonstyngde, eller slike som reint melodisk gjer heller lite utav seg). Aller best er plata der den trør lettast, og mest popelegant. I det lett fordøyelige popnummeret The Pact, med sitt konsise og vinnande refreng; "You'd be my master and I'll be your fever". Og i den pianodrivne og oppbrotsstemte saken Set The Tigers Free.

Teften er der, og ambisjonane om å få til både store og eigne ting også. Full blomstring finn ikkje stad her på debuten, men noko seier meg at den vil komme.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo