cover

Still

Joy Division

CD (1981) - Factory / London / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Post-punk

Spor:
Exercise One
Ice Age
The Sound of Music
Glass
The Only Mistake
Walked in Line
The Kill
Something Must Break
Dead Souls
Sister Ray
Ceremony
Shadowplay
Means to an End
Passover
New Dawn Fades
Transmission
Disorder
Isolation
Decades
Digital


The Sound of Music
A Means to an End
Colony
Twenty Forue Overs
Isolation
Love Will Tear Us Apart
Disorder
Atrocity Exhibition
Lydsjekk:
Isolation
The Eternal
Ice Age
Disorder
The Sound of Music
A Means to an End

Referanser:
The Velvet Underground
David Bowie
Iggy & The Stooges
Roxy Music
Can
Kraftwerk
Wire
Bauhaus
The Sound
New Order

Vis flere data

Se også:
Unknown Pleasures - Joy Division (1979)
Closer - Joy Division (1980)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Det som vart til overs

Det heile er over. Her er nokre spor som ikkje hadde funne vegen ut frå før. Det var nok minst ein grunn til det.

Still er av desse albuma som er blitt til mest fordi ein desperat plateselskapssjef ikkje klarer å innsjå at historia faktisk er slutt. I dette tilfellet Factory-sjef Tony Wilson. Det vert, som det plar bli i slike tilfeller, ein epilog som ikkje på noko vis maktar å yte forhistoria rettferd.

Joy Division var for mykje Ian Curtis til at det kunne bli noko meir etter den 18. mai 1980. Ein planlagt USA-turne gjekk fløyten, eit mulig gjennombrot gjekk fløyten, og nye plater likeså. Men ratt alle låtane dei hadde spelt inn hadde ikkje funne vegen til verken Unknown Pleasures eller Closer, eller andre vegar for den saks skyld. Dei låg halvgode eller halvferdige i skap og skuffer utan at nokon hadde tenkt at dei skulle bli så veldig mykje meir enn det. Det vart dei heller ikkje. Men på Still skulle dei.

Still er altså ikkje Joy Division sitt tredje album. Still er det som vart til overs, pluss Dead Souls. Dead Souls hadde vore ute før, saman med Atmosphere. Men berre som ein singel i 1500 eksemplar vedlagt eit fransk magasin. Og den fekk ikkje vere saman med Atmosphere når denne litt seinare kom ut som singel i større opplag.

Hadde Wilson heller satsa i retning av å samla saman desse magiske "ikkje-album" singlane som Joy Division i beste The Beatles ånd hadde på samvitet sitt. Transmission, Love Will Tear Us Apart og Atmosphere. Så hadde Still vore på god veg til å bli eit strålande album. I alle fall om ein plussa på med Digital frå ein Factory-samling (Ja kvifor er ikkje den her når det trass alt er funne plass til den svakare Glass frå same samling?). Og så har vi sjølvsagt gode b-sider som Novelty, These Days og ikkje minst Dead Souls. Og så, og så. Men Wilson ville det altså annleis.

Alle låtane nemnt i førre avsnitt, og meir til, er forresten å finne på samleplata Substance som kom nokre år seinare. Nykommarar gjer gjerne lurt i å starte sin Joy Division løypebane med det albumet. Dei skal i alle fall ikkje starte med Still. For Still er ein parentes grunnlagt på parentesar.

Utanom Dead Souls då. Dead Souls er blant dei sånn cirka 10-12 låtane som kjempar om tittelen beste Joy Division-låt. Ein monumental wall of sound sak, med eit seierrikt gitartema, og ein ropande lengsel i seg.

Elles? Vel, The Sound of Music er ei bra låt, der den skjær seg ganske så nådelaust fram gjennom piggtråd og eld, og går "higher, higher, higher". Bra er også Ice Age, der kvartetten går til verket i energisk punkmodus. Medan The Kill har eit krakilsk og slett ikkje ueffent sonisk vesen, og ein Ian Curtis som må sloss litt for å bli høyrt.

Still er i sin originale vinylutgåve eit dobbeltalbum. Der den eine skiva er eit live-opptak av den aller siste konserten til bandet (helde i Birmingham, 2. mai 1980). Eit opptak som startar med Ceremony, som jo skulle bli New Order sin første singel. Denne utgåva har nok meir historisk enn eksplisitt musikalsk interesse. Mellom anna blir Ian Curtis sin vokal noko drukna i ein ikkje altfor dynamisk miks. Dynamikken betrar seg utover i opptaket, men eg får ei kjensle av at dette nok ikkje er av Joy Division sine mest minneverdige konsertar.

Då trur eg nok konserten ein finn på bonus-CD'en som fylgjer denne nyutgjevinga, var ei meir eksplosiv affære. Det er i si tid gjort på ekte bootlegging vis av ein Duncan Haysom i High Wycombe. Og har ein uraffinert lyd som klarer å fange ei rå nerve som må ha vore i lufta der den februarkvelden. Eit betre opptak, enn det som er gjort av same mann, og som er lagt ved som bonus til Closer.

Still. Dette er nok albumet ein plasserer nedst på lista når ein skal i gang med å handle inn lyden av Joy Division.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo