cover

The Secret Migration

Mercury Rev

CD (2005) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Psykedelia / Prog / Drømmepop

Spor:
Secret For a Song
Across Yer Ocean
Diamonds
Black Forest (Lorelei)
Vermillion
In the Wilderness
In a Funny Way
My Love
Moving On
The Climbing Rose
Arise
First-Time Mother's Joy (Flying)
Down Poured the Heavens

Referanser:
The Flaming Lips
Spiritualized
Syd Barrett
The Beatles

Vis flere data

Se også:
All Is Dream - Mercury Rev (2001)
The Essential Mercury Rev: Stillness Breathes 1991-2006 - Mercury Rev (2006)
Hello Blackbird (OST) - Mercury Rev (2006)
Snowflake Midnight - Mercury Rev (2008)


Brukbart uinteressant

Det finst to Mercury Rev: det eksperimentelle poporkesteret som sa takk for seg med Deserter's Songs , og det atskilleg gråare popbandet.

Det finst to Mercury Rev: det eksperimentelle poporkesteret som sa takk for seg med Deserter's Songs, og det atskilleg gråare popbandet som ikkje heilt hadde rista av seg fortida på overgangsplata All Is Dream, men som no ser ut til å ha funne seg sjølv med The Secret Migration. Hamskiftet, som vi for syns skuld kan datere til tusenårsskiftet og tilskrive nokre uforståelege linjer hjå Nostradamus, er for meg først og fremst ein overgang frå det jordnære til det høgtsvevande, kor absurd dette enn høyrest ut når ein har i bakhovudet at utviklinga har gått frå multidimensjonale støyrock-eventyr til lettfatteleg pop. La meg utbrodere:

I 1991 skreiv Jonathan Donahue linjer som "if we could find a space/ where we could both stretch out/ roll like Coney Island Cyclones/ I won't chicken out"; i 2005 går det i "where we go from here is anybody's guess/ these thoughts I've got inside ain't easy to confess", eller verre: "You gotta start moving on/ it will be better in the sun". Om vi skal vere sanselaust tendensiøse og sjå desse utdraga som representative for tidsperiodane sine blir nedgangen i litterær kvalitet påfallande, men mindre interessant; den vesentlege skilnaden ligg i korleis tekstane forheld seg til omverda. Dei fire første platene er fast forankra i tid og rom gjennom stadige referansar til lokalgeografi og til sosiale, historiske og kulturelle fenomen av ymse slag – vi har fjellområdet The Catskills, den allereie nemnde berg-og-dalbana på Coney Island, Hudson-elva, Empire State, landskapsskulpturen Opus 40, Skylab, NASA, Board of Cooperative Educational Services (BOCES), The Make-Believe Ballroom (eit radioprogram), puertoricanske ungar som dusjar i brannhydrantar, Cole Porter – og slik kunne eg halde på i tre nye avsnitt.

Med All Is Dream er ankeret i ferd med å lausne. Leonard Cohen er nemnd, men det er likeeins Abe Lincoln, zeppelinarar og Spania, og vi anar ei viss utviding av tidromet, ei utviding som med The Secret Migration går mot uendeleg – Maria Magdalena og den tyske Lorelei-myten er nær sagt dei einaste elementa i tekstuniverset som ikkje predaterer Jesu fødsel. Det synest klart at Donahue strekk seg etter det tidlause og generelle, det evige og universelle, det allment menneskelege. I prosessen går alt som heiter identitet og eigenart tapt; tekstane hans kunne ha blitt skrive av kven som helst, kvar som helst, kva tid som helst – dei spring ikkje ut av ein personlegdom, men eit minste felles multiplum.

Mykje av det same kan seiast om musikken. For meg var Mercury Rev på nittitalet veldig amerikanske – spesielt i arrangementa og instrumentbruken var det lett å høyre påverknad frå eit hundreår med jazz, Disney-filmar, doo-wop og Sinatra-svisker. Musikken på The Secret Migration, derimot, er mykje mindre stadbunden enn Mercury Rev sine tidlege verk, på same måte som tekstane sjeldan eller aldri avslører forfattaren sin posisjon i verda. Songane står meir på eigne bein, i den forstand at arrangementa er relativt enkle og konvensjonelle, bygde som dei er rundt standaroppsettet vokal/gitar/bass/trommer/tangentar. Problemet med dette er at Mercury Rev aldri har vore ein bande geniale låtskrivarar, det har alltid vore innpakninga som har gjort dei spanande – dersom ein fjernar bråket og alle dei underlege lydkjeldene frå dei to første platene står ein brått med handa full av simple togreps-viser, og sjølv det mykje meir komplekse basismaterialet som ligg til grunn for See You on the Other Side og Deserter's Songs kan takke det orkesterstore instrumenttilfanget (og bruken av dette) for det eklektiske særpreget sitt.

The Secret Migration opnar rett nok lovande med "Secret for a Song", der bass- og pianolinjer på delikat vis blir fletta saman til noko som kan minne om ein meir harmonisk versjon av "The Funny Bird", men magien forsvinn så snart refrenget kjem og fiksfakseriet må vike for dundrande akkordar. Likevel er det ting som tyder på at Mercury Rev har fått litt meir tak på å konstruere enkel og grei populærmusikk utan dei store orkestrale krumspringa (All Is Dream sine forsøk på å gjere det same gjekk ofte brutalt på trynet), for songar som "Diamonds" og "The Climbing Rose" er frykteleg fint oppbygde, og aukar i intensitet frå sekund til sekund utan at det eigentleg skjer anna enn minimale endringar i framføringa. Men sjølv om handverket er gjennomgåande brukbart, kan det ikkje skjulte at mesteparten av melodiane og akkordfølgjene på plata er like platte og uinteressante som tekstane om at "I never gave you enough" og at hei kjære, vi rir gjennom ein mørk, mytologisk skog – Mercury Rev anno 2005 er ikkje bandet som laga Boces og Deserter's Songs, og synd er det. Håpet om ei betre framtid er like fullt framleis i live, for dette er ikkje eit band som har for vane å trakke i sine eigne fotspor, og det gjenstår framleis å sjå om singelsleppet kan avdekkje nedprioritert materiale av same sublime kvalitet som "Cool Waves" frå All Is Dream-innspelingane.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Gin & Tonic Youth - New Times

(Kleidermann Records)

The Gin & Tonic Youth veksler mellom låter og eksperimenter – og lykkes hele veien!

Flere:

Radical Face - Ghost
Gluecifer - Automatic Thrill