cover

Light Green Leaves

Little Wings

CD (2002) - K Records / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Americana / Indiepop / Lo-fi / Folk / Psykedelia

Spor:
Boom!
Look At What the Light Did Now
Next Time
Sandbar
Fall Flood
Light Green Leaves
Under Your Blanket
iii
Fall Sweep
Uh-Oh (It's Morning Time Again)
The Way I Deux
What Wonder

Referanser:
Bonnie Prince Billy
The Microphones
Pavement

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein rar liten sangfugl

Little Wings byr oss ein drøy halvtime med upretensiøs, oppriktig og ukomplisert musikk.

Nedstrippa, forskrudd, og fryktlaust; det er Little Wings det. Nennsomt, keitete og uten pretensjonar; det er Kyle Field det.
Little Wings er Kyle Field, ein ung mann som rett som det er får med seg nokon folk og spelar inn musikk. Light Green Leaves er hans fjerde plate sidan debuten i 2000, dei føregåande utgivelsane skal reknast som ein trilogi (den har tittelen Wonder Trilogy). Me snakkar altså om ein produktiv fyr. Som om ikkje det skulle være nok, kjem Light Green Leaves i tre forskjellige utgaver. Ein innspeling er gjort rundt omkring på ulike lokaliteter (som i bilen, på soverommet, på stranda), den får ein som kassett. Neste innspeling blei gjort saman med artistar og venner frå plateselskapet, den blir å få tak i som LP. Den tredje er spelt inn saman med venner i eit hus han tidligare har budd i, som utgjer CD-utgava. Det er den sistnevnte denne omtalen er basert på.

Little Wings framstår som alt. country og visesanger i Will Oldham (som Bonnie Prince Billy) sfæren, men han legger for dagen ein meir naiv tilnærmingsmåte. Slik blir den smått besynderlige Eels eit anna berøringspunkt. Assosiasjonar går og mot band frå Elephant Six kollektivet (som Apples In Stereo og Beulah), eg lurer og på om ikkje eit Pavement med kun akustiske instrumenter ville likna litt på dette.

Little Wings byr oss ein drøy halvtime med upretensiøs, oppriktig og ukomplisert musikk. Innimellom skjenker han oss fine små skattar som Look At What the Light Did Now - ein melodiøs folkpop sang som sjarmerer. Tittellåten er ein bedagelig liten sak om "light green leaves from the trees, we'd best enjoy them before they turn brown". Årstidenes gang som representantar for fødselen, livet og døden er tema for fleire av sangane her. Tittelen seier vel sitt om kva dei to fine og vindskeive countryballadene Fall Flood og Fall Sweep tar for seg. Litt godt gjer det når han omsider skrur opp lyden i The Way I Deux, og nesten rockar ein smule, det blir faktisk SLÅTT på trommene på denne. For det er sparsommelig med lyd på instrumenta i denne produksjonen, men akkurat som på Lambchop sin Is A Woman så har dei likevel ein større betydning enn kva ein først innbiller seg. Lyden ligg bak der, avdempa men fyller inn på sin forsiktige og litt skakke måte.

Albumet åpenbarer betraktelig meir substans enn det kan virke som etter første gjennomspeling, for då gav det inntrykk av å være både usikkert og irriterande spartansk.

K records er eit slags kollektiv der alle artistane bidrar litt på kvar andres plater, og det er lønnsomt å sjekke ut fleire utgivelsar frå dette Washington-selskapet.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Savages - Silence Yourself

PLATEOMTALE: Vår anmelder lar seg begeistre av debutalbumet til britiske Savages - som byr på postpunk med ekko fra Patti Smith, Bauhaus og Black Sabbath.

Low i Oslo
Minnesota-bandet feirer 20-årsjubileum med nytt album og turné som fører Low til Blå. Vi varmer opp til konserten med en fersk video som du kan sjekke her.

Jenteslipp
Øya med tre nye navn i dag, Cat Power, Laura Mvulah og Mona & Maria meldt klar for Middelalderparken i august.

Podium

Hovedsiden / Siste:

London folk ønsker å låne en...
13.05.13 - 21:04

Bassist søkes Oslo/Akershus
13.05.13 - 11:04

Vi soker øvingsrommet i Oslo...
05.05.13 - 20:55

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Erlend Ropstad - Hva om det ikke er sånn som du tror at det er

()

Ein sørlending finn stemma si blant ein bunke lågmælte songar om rastlause tider.

Tidligere: