cover

The Lucky Ones

The Lucky Ones

CD (2002) - Lost in America

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Heartland rock / Countryrock / Poprock

Spor:
The Marquee
Crawl Into the Night
The Long Goodbye
One Woman's Hand
Emily
My World
Lonely Hearts' Waltz
Ordinary Girl
Stella Girl
Blue Down in Bucktown
Amanda Lee
'Til You're My Baby

Referanser:
The Gourds
Old 97's
Todd Snider
Lonesome Romeos

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Uforløyst

Håplaust ordinært og blotta for eigenart frå dette Chicago-bandet.

Rob Brookman og Dave Kay er to karar (begge syng og spelar gitar) frå Chicago som begynte å opptre som duo i 1995. Nokre år seinare (2002) får dei med seg tre veteranar frå byens musikkscene for å spele inn musikk. Bandet kallar dei Lucky Ones, og plata deires blir gitt ut på det lokale uavhengige selskapet Lost In America. Sånn, det var faktaopplysningane.

Lucky Ones er eit av desse amerikanske banda som spelar straight rock ispedd litt countryklang, dei er langt frå aleine i denne gata så ein smule eigenart lyt til skal det være interessant. Dessverre høyrer nok ikkje Lucky Ones til blant den delen som på nokon måte utmerkar seg, verken når det gjeld oppfinnsomhet eller virilitet. Produksjonen blir for flat og manglar tilstrekkelig temperament og dynamikk.

Dei prøver heilhjerta, og skal ha honnør for det, men det hjelper berre så lite når dei ikkje har det store utvalet av gode låtar. Litt for ofte manglar sangane flyt og det blir traurig å høyre på. Men så dukkar det opp ålreite melodilinjer innimellom, og ein skjønar at både Brookman og Kay absolutt ikkje er heilt utan talent. Uansett treng dei å skaffe låtane sine meir retning og spenst, før ein kan seie at dette er bra. Men for all del, vi finn teikn til godbitar på denne utgjevinga også, som i balladen Lonely Heart's Waltz der særlig Jon Williams sitt trekkspel er fint. The Marquee er slett ikkje ueffen den heller og har eit brukandes driv, noko den til dels har til felles med låtar som Ordinary Girl og Stella Girl.

Så Lucky Ones må gjerne prøve seg igjen, for eg skal slett ikkje sjå bort ifrå at dei har meir i seg enn kva denne noko uforløyste debuten ber bud om.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo