cover

30.13 EP

Swamps Up Nostrils

Download (2005) - Fabulat

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Elektronisk

Stiler:
Ambient / Techno / IDM / Støy

Spor:
Yuan Hausspatzen
Nesh Ichor
Splintermission
One thousand Million Electro Volts
Medicatering
Futurbulence
Asteroid Mine
Nonlinear Observation of Cassinis Descent

Referanser:
Bjerga/Iversen
Pål Asle Pettersen

Vis flere data


Sjangersamansurium

I ein jungel av sjangrar dukker det opp ein og annan godbit på den nye MP3-utgjevinga frå Fabulat.

Eg må innrømme at eg vert veldig skeptisk med ein gong eg høyrer omgrepet MP3-utgjeving. Kanskje har eg ingen god grunn til det, men uansett, skepsisen er no der. Eg får problem med mi eiga rolle som kritikar. Kvifor skal eg skrive noko om denne plata. Folk treng ikkje kjøpe ho, så eg kan ikkje kome med ei fråråding, eller ei oppmuntring til eit eventuelt kjøp. Dermed sit eg att med den rolla kritikarar no for tida gjerne er veldig redd for å ha: eg skal kome med konstruktiv kritikk til artisten, slik at han (eller for så vidt ho, men i dette tilfellet er det no ein gang han) skal kunne forbetre musikken sin til ein seinare utgjeving. Skummelt!

30.13 er som sagt ei MP3-utgjeving. EP-en kan lastast ned heilt gratis frå heimesidene til internettlabelen Fabulat. Eg vil tilrå alle som har interesse for skitten og støyete musikk, à la det Ant-Zen plar sleppe, å gjere det (med mindre du sit på ei antikk ISDN-line, då kan du kanskje lese heile denne omtalen før du tar det opp til vurdering). Likar du ikkje musikken, er det ikkje verre enn at du kan slette det igjen. På same sida som du lastar ned frå, står det litt info om kva du har i vente, og mellom anna vert sjangrar som støy, ambient og d&b nemnd. Dette er for så vidt rett at musikken vandrar innanfor desse sjangrane, (sjølv om eg har visse vanskar med å finne d&b i dette) men eg kan gjerne tilføye IDM og kraft-støy til mangfaldet. Med andre ord er det litt av eit sjangersamansurium Swamps Up Nostrils har klart å presse inn på ein stakkars 30-minutt lang EP.

Og dette er kanskje det største ankepunktet eg har. EP-en manglar heilskap. Ved kvart songskifte følast det som ein har skifta til ei heilt anna plate. 30.13 byrjar med ein støy-låt, før det skiftar til skitten IDM, før det plutseleg kjem eit halvharry orgelintermission, som igjen bryt ut i kraft-støy så over til IDM så støy og så ambient. Eg klarar i alle fall ikkje å henge heilt med.

Dessutan skal det seiast at eg ikkje vart veldig imponert over dei nemnde støydelane av plata. Støy er kan hende ekstremt, men eg likar ikkje når det vert brukt heilt utan anna meining enn å gjere ei plate ekstrem, slik i alle fall førstelåta Yuan Hauspatzen kan verke å gjere. Denne låta seier meg ingen ting, musikken skaper ikkje kognitivt nokon djup kjensle i meg, slik ordentleg støy kan gjere. Dermed vil låta bere fungere som noko som kan skremme vekk lyttarar frå å oppdage resten av EP-en. Det er synd.

For det finst verkeleg nokre godbitar på denne plata, som ikkje fortener å forsvinne i det lydvirvaret 30.13 først verkar å vere. Nesh Icor er ein drivande feit IDM-låt som eg har hatt stor glede av dei siste dagane. Dette gjeld også låten Medicatering, medan eg med hell har spreidd One Thousand Electrovolt til alle vener og kjente som er meir inne i den småindustrielle kraft-støyverda. Desse tre songane er vel i grunn det einaste som står att som interessante etter nokre gjennomlytningar.

For det er berre å innrømme at Swamps Up Nostrils ikkje lagar støy som Ambre. Og dei meir ambiente delane er nok heller ikkje heilt Biosphere. Så kvifor la dei stå saman med dei langt meir interessante låtane som er att på 30.13 etter at desse er forkasta? Dette må vere min konstruktive kritikk til Swamps Up Nostrils. Dump desse halvinspirerte delane og slepp heller ein MP3-singel som faktisk kan fenge mange, og ikkje skremmer vekk lyttarar.

Og til andre: Last ned og døm sjølve! Det er trass alt gratis!

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Diverse artister - 20 Years of Dischord

(Dischord)

En obligatorisk samler fra DisChord. Denne triple boksen er en gjennomført, delikat og historisk dokumentasjon.

Flere:

Arthur's Landing - Arthur's Landing
Okkervil River - Don't Fall In Love With Everyone You See