cover

Married Alive

Mood Elevator

CD (2003) - Laughing Outlaw

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Pop / Powerpop

Spor:
Boycott
Watch Your Girl
Anglophile
Guilty
Long Hard Look
Life Line
Beginner's Luck
Something I Need
Best Kept Secret
Everything's In Place
At The Wedding

Referanser:
Cheap Trick
XTC
The Shazam
Beach Boys
Flamin' Groovies
The New Pornographers
Pernice Brothers

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Popkameratar

Det plar alltid vere melodisk snert der Brendan Benson ferdast. Slik også når han tar heisen med Chris Plum.

Lenge før Jack White var det Chris Plum. Og lenge før The Raconteurs var det Mood Elevator. Brendan Benson er ikkje berre ein sikker leverandør av attraktivt popstoff under eige namn. Av og til spelar han i band også.

I sin pure ungdom tidleg på 90-talet danna Chris Plum og Brendan Benson sitt første band (SmartBomb). Etterkvart fòr dei kvar sin veg. Då Benson mot slutten av 90-talet søkte tilbake til heimbyen Detroit, etter å ha opplevd at den fabelaktige solodebuten One Mississippi var blitt ignorert av det platekjøpande publikum, fant han fort tonen med Plum igjen. Dei hyra inn tre karar til, og vips var Mood Elevator ein realitet. Det tok ikkje altfor lang tid før dei hadde debutplata si klar. Håpefullt nok kalla dei den Listen Up. Men du skulle nok ein gong vise seg at det ikkje var så mange som høyrte på dei. Då var det ein del fleire som var villig til å høyre på Benson når han eit par år seinare kom med sin smått namngjetne Lapalco. Når han så skulle ut å spele songane frå denne plata for folket vendte han seg til vennene sine i Mood Elevator og spurde høfleg om dei kunne tenke seg å vere backingbandet hans. Det var dei slett ikkje uvillige til, men dei la att namnet sitt i Detroit, og stilte seg i staden bak han som The Well-Fed Boys.

Tilbake i Detroit, og langt ifrå mette på spenstige poptonar, fant gjengen att Mood Elevator etiketten sin og storma inn i Grand Studio for å spele inn oppfylgjaren til den neglisjerte debuten. No vart det nok ikkje til at plateselskapa overbaud kvarandre for å få lov å gje ut det karane hadde spelt inn. Men den vesle Australske labelen Laughing Outlaw tykte om sakene, og sendte det ut til folket med den underfundige meldinga Married Alive som tittel. Så altfor mange var det ikkje som la merke til Mood Elevator denne gongen heller. Laughing Outlaw er imidlertid ikkje labelen som gjer opp etter første runde. Så no fire år etter gjer dei eit nytt forsøk og sender Married Alive ut i re-release format.

Kapteinen for Mood Elevator er Chris Plum. Han er hovudvokalist, multiinstrumentalist og har komponert alle låtane (halvparten rett nok i tospann med Benson). Benson er ein ivrig bakgrunnsvokalist og trommeslagar som av og til drar fram gitaren, og så har han produsert seansen. På fleire av låtane er det berre Benson og Plum som deltar, men her og der stikk også resten av gjengen innom og gjer lyd frå seg.

Sit du no og tenker at Mood Elevator sikkert driv rundt i same soniske kvartal som det Benson gjer når han opererer på eigen hand, ja då tenker du veldig rett. Ikkje berre held dei til i same kvartal, men i same gate, på same side. Men kanskje eit par heftige dansetrinn lenger borte, der underlaget er litt meir knudrete.

Tenker du no vidare at det er litt dumt at Benson ikkje har hovudrolla fordi denne Chris Plum sannsynlegvis ikkje stettar den på same popsmarte vis, ja då må du kanskje revurdere tankane eit lite hakk. Ikkje det at Married Alive kjem sprettande i same fullendte popmondur som det Lapalco, eller for så vidt One Mississippi, gjorde. Men her er nok av hektande tonar og catchy framdrift til å bringe fram idiotsmilet hos ein håplaus popromantikar som underteikna.

Den underfundige tittelen gjer vel eit lite vink om det, men orda som står å lese, med store bokstavar, på innsida av bookleten slår det fast; "Love breaks your heart". Utan at dei står fast i kjellarhøgda av den grunn. Nei då, Mood Elevator lever opp til namnet sitt dei, og bringer både skuld, svik og smerte oppover i etasjane, og fram i lyset, der ein med friskt sinn kan synge med på uimotståelige strofer som; "we used to be a smash hit, now it's all gone to shit". Medan ein bakom Beginner's Luck sitt mismot definitivt kan skimte eit glimt i auga når det vert erklært at "I looked "baby" up in the dictionary, I tell you what it didn't say; someone who runs away, someone who is hard to understand, who cheats on her best friend".

Dei er anglofile, og dei er amerikanske. Ein kan ane XTC, og ein kan skimte Cheap Trick. Ved fleire høve er dei i powerpop lune. À la The Shazam i riffsterke Boycott, og à la Flamin' Groovies i skånsellause Guilty. Dei kastar seg om halsen på Beach Boys-inspirerte "do-do-do-do" i energiske Long Hard Look. Dei er innom melodilinjer Joe Pernice også har snust på i den imøtekomande Everything's In Place. Og dei har fått fat i nokre 60-tals tonar som nektar å sleppe taket i den svikefulle Something I Need.

Dette er pop som styrkar immunforsvaret. Ein kan vel strengt tatt ikkje vente seg så mykje mindre når Brendan Benson er med på leiken.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo