cover

We're All Gunna Die

Danny Cohen

CD (2005) - Anti / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Singer/songwriter / Avantgarde

Spor:
As I Looked Down
Among the Cows
Pamela Rodgers
Caffeine & Sunlight
Film Noir
(Tongue-tied in) Quicksand
Magritte
Cousisin Guy
Funeral In New Orleans
Ghost Country Safari
World of Holograms
Serene
Tanna Leaf Orgies (of the Living Dead
Coffee Is Evil
Mystery Man
We're All Gunna Die

Referanser:
Captain Beefheart
Daniel Johnston
Tom Waits
T-Bone Burnett

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Med døden i hælane

Ein trøyttande time om død og forderving.

Blant folk som dristar seg til å spele inn sine musikalske framstøyt finst det mange slags songstemmer. Frå dei tonetreffande lytefrie til dei som i så måte er fulle av lyter. Det er likevel ikkje der den største skilnaden mellom ei interessant og ei uinteressant røyst er. Nei ein må nok også hente fram element som sjel, personlegdom, utstråling, nærleik og dynamikk. Danny Cohen si røyst har sterkt reduserte kvalitetar i tonetreffing. Hovudproblemet hans er likevel at den scorar lavt på dei andre elementa også. Den har kanskje ein viss personlegdom, men det er nok ei grense for kor lenge han kan gjere seg interessant berre på den. Grensa er i alle fall atskilleg kortare enn den timen dei seksten songane på We're All Gunna Die tek.

Danny Cohen er ingen nykommar, han har ein artisthistorie tilbake til 60-talet. Utan at noko av det han har gjort har nådd mine øyrer før denne plata kom ramlande. Den er ute på den høgst oppegåande labelen Anti. Ein label som kan skilte med artistar som Jolie Holland, Joe Henry og Tom Waits. Sannsynlegvis ser folka bak Anti eit eller anna i Cohen også. Men kva det i tilfelle skulle vere har ikkje eg klart å finne fram til.

Eg fant fort ut at å spele plata frå start til ende nonstop ikkje gjekk an. For i det heile å halde ut med fyren sin einspora tonetilstand måtte eg derfor ta plata for meg i brokkar (6-5-5). Då oppdaga eg at det låg ein brukande låt tredje sist. Coffee Is Evil er ein feberheit og fabulerande sak om ekle draumar som vert realitetar. Melodisk har den litt til felles med labelkamerat Waits; jazzig, døsig men giftig. Dei skakke og flittige tonane frå hornet til Ralph Carney (nemnte Waits sin sjefsblåsar sidan midten av 80-talet) gjer nok også sitt til at denne fell i smak. Albumet hadde heilt sikkert tent på å gje den fyren meir plass.

Plata sitt tema er, som tittelen tyder på, at alt og alle tar slutt ein gong. Han syng (prøver i alle fall) om nær døden opplevingar, overdosedødsfall, død forårsaka av voodoo, 60-tals ideologien sin død, kulturdøden og hjernedøden. I forsøk på å variere sitt einsformige tonebilete prøver seg med avantgardistisk stemmebruk, men det blir enten forsert eller pinlig. Aller tåpeligast er hans gjentakande "love, peace meeuueehh" utfall i Among the Cows. Då kjem han litt betre frå det i den gnagande balladen om malaren Magritte, og i historia om Cousin Guy, som via mishandling og stoffmisbruk forsvinn inn i galskapen. Her klarar han i alle fall å kle historiene i tilnærma passande klede.

Dei sære trekka hans kan minne litt om folk som Cpt. Beefheart og Daniel Johnston, men han har særdeles lite av desse to sin utstråling og substans.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo