cover

Random Spirit Lover

Sunset Rubdown

CD (2007) - Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Psykedelia / Prog / Glam

Spor:
The Mending of the Gown
Magic Vs. Midas
Up on Your Leopard, Upon the End of Your Feral Days

The Courtesan Has Sung
Winged/Wicked Things

Colt Stands Up, Grows Horns
Stallion
For The Pier (and Dead Shimmering)
The Taming of the Hands That Came Back To Life

Setting vs. Rising

Trumpet, Trumpet, Toot! Toot!

Child-Heart Losers

Referanser:
Wolf Parade
Swan Lake
Frog Eyes
Modest Mouse
Arcade Fire
Clap Your Hands Say Yeah

Vis flere data

Se også:
Shut Up I Am Dreaming - Sunset Rubdown (2006)
Dragonslayer - Sunset Rubdown (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Eit spirituelt og ivrig åtak

Fulle av entusiasme og rusa på kontrastveske og intrikat spiritus klarar kvartetten utruleg nok å lokalisere den eine godtonen etter den andre.

Spencer Krug har gjort det til ein vane å dukke opp oftare enn dei fleste andre. Så at han no står utafor døra igjen og trippar med ei nyinnspelt plate i posen burde slett ikkje komme som ei overrasking.

Spencer Krug opererer sjeldan åleine. Desto oftare har han eit eller anna prosjekt på gang, i kompaniskap med gode venner. Då kan dei finne på å kalle seg med namn som Wolf Parade, Swan Lake eller Frog Eyes. Plata han står der med no har han gjort saman med sine tre medsamansvorne i Sunset Rubdown. Det er tredje gongen det kjem ei plate under denne etiketten.

Det er mykje bra å seie om fjorårets utgjeving, Shut Up I Am Dreaming. Ein pasjonert kollisjon mellom det skakkøyrte og det monumentale. Eit uroleg rendezvous mellom skjøre draumar og blodig alvor. Vare balladestunder og frenetiske åtak. Hengslelaus dynamikk. Men kanskje meir enn eit bandoppgjer var det eit Krug-framstøyt. Random Spirit Lover er eit bandoppgjer.

Random Spirit Lover varer i ein time, og er på den eine sida eit komplekst og variert stykke musikk, på den andre sida har den eit sterkt samanvevd og kongruent vesen. Eg opplever den nærast som ein songsyklus der kvar enkelt låt forsyner seg av akkordane som avsluttar den førre, og på ulikt vis, og i ulik grad, lar desse bli til ein del av sitt eige ve og vel. Utan at nokon må tru at opplegget står med begge beina og heile si sjel i eit konseptalbum. Neidå, til det er det for mykje spontanitet og fridomstrong som kjem til utløp. Det er heller ingen tydelig raud tråd i Krug sine tekstlige krumspring. I den grad eg klarer å trenge på innsida av deira abstrakte utforming meinar eg å finne ein fyndig og bittersøt cocktail av leikne ordspel, kontrastfulle bilde og religiøse og seksuelt lada utbrot. Dei er dei mest skarpskodde eg har høyrt frå den kanten.

Wolf Parade er utan tvil det mest framgangsrike av banda Spencer Krug spelar i. Krug har like fullt gitt uttrykk for at hos han er Sunset Rubdown eit vel så prioritert felt. Her blir det i endå større grad enn hos ulveparaden gitt spelerom for frimodige og suspekte soniske påfunn. Her kan enkle låtar risikere å ende opp som komplekse udyr. Og sjølv om Random Spirit Lover altså er bandet si kanskje mest einsarta og samanhengande utgjeving manglar det ikkje på utskeiingar.

Random Spirit Lover har eit meir pågåande vesen enn tidlegare Sunset Rubdown plater. Den har sine varlege og dempa augeblikk, men dei er færre, og dei veks seg fort større og kraftigare, eller dei vert offer for brå overfall. Skal ein sette fingeren på noko, må det vere at all den spirituelle iveren av og til tar litt kvelartak på nyansane.

Spencer Krug syng pasjonert med si skjøre og ikkje alltid like stabile røyst. Kvinna i banden, Camilla Wynne Ingr, støttar opp. Oftare og harmonisk sterkare enn ved førre korsveg. Keyboards og gitarar verkar å ha vore gjennom eit ikkje heilt sunt syrebad, og fører derfor, rett som det er, tonane godt på utsida av regulerte melodivegar. Rytmeseksjonen kan gjere det enkelt, men er slett ikkje vanskelig å få med seg på meir intrikate løp.

Det vert visst kalla indierock. Men det kallar dei tonane til Stereolab og Dinosaur jr. for også. Sunset Rubdown liknar ikkje spesielt på nokon av dei. Hos Sunset Rubdown kan eg høyre spor av glam (som hos Bolan og Bowie). Dei kan finne på å progge i veg, men ikkje for langt. Dei har eit melodisk grunnsyn, men eit kraftig psykedelisk sidesyn. Dei er varmblodige og vanskelige å stagge, og dei er ikkje utan pretensjonar og høgdramatiske tendensar. Dei oppfører seg litt som ein uoppdragen veslebror av Arcade Fire, eller kanskje eit Clap Your Hands Say Yeah med større lyd.

Random Spirit Lover krev nok sin lyttar. Desto kjekkare er det då når ein byrjar å finne fram i den. Det første ein finn er The Mending of the Gown. Ikkje berre fordi den ligg først i sporet, men fordi den midt inne i sitt infernalske driv og sin glassklare gitarljom har eit vinnande pophjerte som opnar seg opp før noko anna på plata. I kompaniskap med Wynne Irgn fortel Krug om Sam, ein "man of many nations" og Maggie, ein "master of disguise". To "random spirit lovers" som seglar rundt på dette skipet som er "built to go down".

Eit anna høgdepunkt er den keltiske skrålerockaren Up On Your Leopard, Upon the End of Your Feral Days med sitt hektande mantra "your highness is holding your chains". The Courtesan Has Song kan skilte med årets antirefreng. Colt Stands Up, Grows Horns startar nesten engleaktig (med Wynne Irgns i hovudrolla) før den manøvrerar seg inn på mørkare og beint fram truande tomter. Medan Trumpet, Trumpet Toot! Toot! er ein temposkiftande og vinkelskakk sak om skodespeleri, møydom og det å kasta trompeten frå seg og gå tomhendt av scena syngande på eit "da da da-da da".

Midt innimellom alle desse lange og smått suspekte titlane finst det ei låt som berre heiter Stallion. Ikkje tru at den er enkel å ha med å gjere av den grunn. Sala opp med psykedelia, og ramma av eit lite frijazzande spark bak, travar den rundt i ikkje nett rolige former, medan ein mørkredd songar oppfordrar til å "fight for your right to hate the night".

Eg har høyrt rykter om at eit nytt Wolf Parade album ikkje er altfor langt unna. Det skal jaggu vere bra for å toppe dette her.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo