cover

Sweetheart of the Rodeo

The Byrds

2 x CD (1968) - Columbia / Legacy / Sony Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country / Rock

Stiler:
Country & western / Honky Tonk / Countryrock / Folk / Americana

Spor:
You Ain't Goin' Nowhere
I Am a Pilgrim
The Christian Life
You Don't Miss Your Water
You're Still On My Mind
Pretty Boy Floyd
Hickory Wind
One Hundred Years From Now
Blue Canadian Rockies
Life In Prison
Nothing Was Delivered
All I Have Are Memories
Reputation
Pretty Polly
Lazy Days
The Christian Life
You Don't Miss Your Water
One Hundred Years From Now
Radio spot: Sweetheart of the Rodeo


Sum Up Broke
One Day Week
Truck Drivin' Man
Blue Eyes
Luxury Liner
Strong Boy
Lazy Days
Pretty Polly
Hickory Wind
The Christian Life
The Christian Life
Life In Prison
Life In Prison
One Hundred Years From Now
One Hundred Years From Now
You're Still On My Mind
You’re Still On My Mind
All I Have Are Memories
All I Have Are Memories
Blue Canadian Rockies

Referanser:
The International Submarine Band
Flying Burrito Brothers
Buffalo Springfield
Poco
New Riders of the Purple Sage
Nitty Gritty Dirt Band

Vis flere data

Se også:
The Essential Byrds - The Byrds (2003)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Musikkhistorie

Eit rockeband lar steelgitaren få fritt spelerom, slikt blir det countryrock av.

At The Byrds sitt countryalbum Sweetheart of the Rodeo er eit av pop- og rockhistoriens mest legendariske album er det vel få som kan seie seg uenig i. Men som tilfellet ofte er med legender; dei blei ikkje så veldig verdsatt i si eiga tid. Slik også med Sweetheart. Midt i den psykedeliske tidsalder, og med hippiar på kvart eit hjørne var ikkje countrymusikk særlig påakta saker. På den andre sida, at eit rockeband var så uforskamma at dei turde å sysle med slikt, blei mildt sagt heller ikkje særlig godt mottatt i den konservative C&W-verden. Så med andre ord var det ikkje mange som var klar for dette i 1968, og plata nådde, i Byrds-samanheng, kun ein ussel 77. plass på hitlistene.

Når innspelingane til Sweetheart tek til, har det gått ganske nøyaktig tre år sidan The Byrds spelte inn sin debut Mr. Tambourine Man. Langs ruta har bandet imidlertid gradvis blitt redusert frå ein kvintett, til dei nå før innspelingane av si sjette plate kun er ein duo. Dei gjenværande er Roger McGuinn, vokalist og ansvarleg for å ha introdusert ein tolvstrengs Rickenbacker som eit meir enn dugande redskap for rock'n'roll. Og det er bassist og vokalist Chris Hillman. Førstnevnte har ein idé om å lage eit dobbelt album som skal sole seg i heile den amerikanske musikkarven, og Chris er for så vidt med på notene. Til dette treng dei imidlertid ein del støttespelarar. Ein av musikantane dei tar inn til prøve, har dei tiltenkt rolla som pianist. Nå er ikkje den 21 år gamle Gram Parsons den store pianovirtuosen, så istaden set han seg ned ved mikrofonen og syng eit par countrylåtar. Når han har gjort seg ferdig fortel han at han tykkjer The Byrds skal spele inn ei countryplate. McGuinn rynker på nasa og synest at nett det skal ikkje ein innleigd jypling legge seg så voldsomt oppi. Hillman derimot som har ei fortid i bluegrass-musikken er slett ikkje så negativ til idéen.

For å gjere ein lang historie kort, ein månad seinare, den 9. mars 1968, er The Byrds i Nashville for å spele inn ei plate med country-musikk. Som nye faste medlemmer i bandet er nevnte Parsons og Hillman sin fetter Kevin Kelley på trommer. I tillegg har dei tenkt å benytte seg av Nashville sine eigne session-musikarar. Følgande kan få illustrere litt av atmosfæra i studioet og bandet sin innstilling til det dei skal foreta seg: Då steel-gitaristen Lloyd Green dukkar opp for å gjere sine tjenester på Dylan-låta You Ain't Goin’ Nowhere, spør han forsiktig kvar i låta dei ynskjer at han skal putte inn sine tonar. - Overalt, svarar McGuinn og Parsons i kor. Slikt var heilt uvanleg i den heller fastlåste country-industrien i Nashville. Green fortalde imidlertid i ettertid at innspelingane han gjorde saman med desse rockemusikarane frå Los Angeles var noko av det kjekkaste han hadde vore med på.

Men etter ein heller dårleg mottakelse på Grand Ole Opry ei veke uti sitt Nashville-opphald, fant The Byrds det like greit å returnere til Los Angeles for å gjere ferdig plata der. Seinsommaren 1968 var Sweetheart of the Rodeo ute i butikkane, men som tidlegare nemnt, til ingen som helst form for trampeklapp eller unison jubel. Ein av dei få som faktisk gav albumet skryt var den visjonære rockejournalisten Jon Landau (han, ja). I ettertid har sjølvsagt folk stått i kø får å lovprise denne vesle halvtimen med vakre tonar. Absolutt fullt fortjent, og i likhet med Gram Parsons sine seinare prosjekt er nok dette albumet (saman med Byrds sine øvrige 60-tals utgjevingar) blant dei viktigaste inspirasjonskjeldene for mykje av den finaste rockmusikken vi har fått på 80- og 90-talet. Som R.E.M., Green on Red, True West, Long Ryders, Uncle Tupelo, The Jayhawks og Whiskeytown, for å nevne nokre.

Sweetheart er naturligvis langt meir enn ein legende, den er eit tidlaust og håndfast musikalsk dokument, med elleve sangar som er like kjekt å høyre på i dag som (det burde ha vore) i 1968. Her er rett nok få eigenkomponerte låtar. To er ført i pennen av Gram Parsons, dei ni øvrige er coverversjonar. Sjølvsagt er det blant desse inkludert eit par frå bandets meir eller mindre faste låtleverandør Bob Dylan. Denne gangen har han skjenka eit par kutt frå sine Basement Sessions - låtar det skal gå fleire år før han sjølv gjer ut. Det er You Ain't Goin' Nowhere, mant fram frå Zimmermann sitt aller heilagste kammer av gyldne tonar. Den gyngar fryktlaust av gårde bore fram av Lloyd Greens steelgitar, og når sitt klimaks i gåsehud-framkallande harmonisang idet refrenget gjev seg til kjenne; "whoo-eee ride me high, tomorrow's the day my bride's gonna come, Oh-oh are we gonna fly, down in the easy chair". Og dævven om ikkje den andre Dylan-saken Nothing Was Delivered er like eventyrleg den også. Litt meir i eit soul-landskap, sjølv om steelgitaren hentar fram country-følelsen her og.
Parsons bidrar med den evige klassikaren Hickory Wind, der han med vemod i røysta syng om tidene då sorglausheten og idyllen var dominerande, i barndommens rike ein plass i South Carolina, målt mot einsemda og alle dei bitre erfaringane som storbyen nå har gitt han. Melankoli blir ikkje stort vakrare enn dette. Mannens andre komposisjon på Sweetheart er One Hundred Years From Now, om rykter og folks medfødte evne til å blande seg i noko dei egentlig ikkje kjenner sanninga bak. På originalutgåva er det McGuinn og Hillman som syng denne. Det viste seg nemlig då innspelingane gjekk mot slutten at Parsons hadde kontrakt med eit anna plateselskap. Og Lee Hazlewood som var sjef der likte dårlig at hans mann spelte ei så viktig rolle på ei plate utgitt av eit anna selskap. Dette førte til at på tre av dei seks spora Gram var hovedvokalist, blei stemma hans bytta ut mot enten McGuinn eller Hillman. Det er dette som tilgangs blir retta opp på denne de-luxe utgåva. Her er all Parsons vokalinnsats tilgjengelig, og kan nytast i all sin skjøre og sjelfylte prakt. Det er nemlig noko med mannen si røyst som verken McGuinn eller Hillman heilt klarar å erstatte, han har på eit vis ei uforstyrra linje rett inn til sjelas irrganger, totalt fri frå pretensjonar og tilgjorte fakter.

Albumet spenner ellers frå William Bell sin soulsak You Don't Miss Your Water, her sjølvsagt i countryfisert utgave (Cosmic American Music, you know), til honky tonk tilfeller som Life In Prison og You're Still On My Mind. Dei fleste vil sikkert meine at Sweetheart er meir country enn rock, og det kan eg nok være einig i. Likevel, det er noko med den fordomsfrie og frigjorte vinkelen dette blir gjort frå som gjer albumet til eit mesterverk hinsides alle sjangergrenser.

Treng ein så denne påkosta, stilfulle praktutgåva? For oss Byrds- og Parsons-fortapte er den nok eit must, sjølv om CD 2 stundom gjer ein føling av å drive med arkeologisk verksemd meir enn genuin musikklytting. Den er stort sett utstyrt med endå fleire alternative Parsons-versjonar av låtar vi allereie har høyrt på CD 1. I tillegg får vi seks låtar frå Parsons' forrige band, International Submarine Band, blant anna nydelige Luxury Liner. Også er det ein 24 siders booklet med masse informasjon her (snadder). Så utgjevinga kan fullt forsvare undertittelen plateselskapet har gjett den; "The Ultimate Fan Experience". Men folk med eit meir edruelig forhold til Byrds og Gram Parsons kan sikkert nøye seg med 1997 re-utgjevinga. Alle Gram sine spor pluss out-takes er representert der også.

Då Sweetheart of the Rodeo kom ut 22. juli 1968 var Gram Parsons ingen Byrds lenger, han hadde flydd vidare og satt nå og drakk whiskey og sang country-låtar saman med Keith Richards. Men det er ei anna historie.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo