cover

Gjendødsligheta

Æ/Æ og Dem

CD (2014) - Clearpass

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Vise / Poprock

Spor:
Gå?
Svarte Boksen
Det Vi Treng
Mårran Etter
Likholmen Blues
Den Lengste Veien
Elsk Me Litt
Søs
… Ka Enn
Trur Du Det?
Regn

Referanser:
Schtimm
Erling & The Armageddonettes
Stefan Sundström
Terje Nilsen
Kråkesølv

Vis flere data

Se også:
Avvikerike - Æ/Æ og Dem (2012)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Livet før døden

Viser med rock i seg, om slikt som skjer både mellom folk og i folk.

Så har vi nordlendingen med dei mystiske platetitlane her att. Eg meiner, Gjendødsligheta, du finn ikkje det ordet i offisielle ordbøker. Eg mistenker han i grunn sterkt for å ha funne det opp heilt på eiga hand. Sist gong han var her under sitt fyndige alterego – kort og godt Æ – heitte plata Avvikerike. Eit ord det jo for så vidt går an å tenke seg kva betyr, men som han kludra litt til sidan han insisterte på å stave det med berre ein r. Før der att var det Udyrbarmark, og det har vore fleire. Men i år altså, Gjendødsligheta. Det første som slår meg er at det har noko med skrømt og gjenferd å gjere. Platecoveret er ikkje akkurat med på å dempe den ideen, men dei elleve songane eg finn på innsida opplever eg som langt mindre uhyggelige enn som så.

Æ syng om det som høyrer livet til. Noko ein for så vidt kan seie at døden også gjer, men dystert langt inn i den leia dreg han ikkje. Eg høyrer heller at han syng om slikt som skjer mellom menneske medan dei framleis pustar og går rundt på jorda, og då i hovudsak slikt som har med kjærleiken å gjere. Den gode men akk så plundrete og litt for ofte smertande kjærleiken. Eg høyrer han fundere over å "dyrke og investere i framtidig savn". I fotspora fylgjer ofte einsemda. Eg høyrer Æ behandle einsemda. Eg høyrer han formidle at "kor hen ferden går så må du reis aleina tell du kommer heim". Eg høyrer han synge både sårt og eigenrådig om annleisheita og fridomen. Eg høyrer han synge "kjenn at du e friar enn fuglan", før han raskt reserverer seg og legg til "men de er programmert, men kem ække det".

Æ heiter eigentlig, og fullt og heilt, Erling Riibe Ramskjell. Saman med ein liten gjeng, som mellom anna består av to av syskena hans, serverer han songar som kan få eit visestempel på seg. Men ikkje eit slikt eit som finn nennsam fred og ro. Her er ein elektrisitet og eit rockegroove inne i bildet også. Heile tida handtert i ei form der tonane blir gitt luft og songaren har den sentrale plassen.

Eit høgdepunkt er Den Lengste Veien. Frå ein forsiktig start bygger låta seg opp og inn i ei pågåande og etter kvart fortvila form. Det handlar om kor utfordrande det kan være å ville skilje seg ut, om kor lett det kan være å tole liding og blod berre "avstanden er trygg", og det handlar om å hamne i ein nådelaus personleg ørkensituasjon der ein går ned i kneståande og ropar "hjelp mæ pappa, æ har ondt".

Det finst fleire songar på plata som har noko merkbart med seg. Eit hektande gitarriff og eit utkrope driv gjer den djerve kjærleikssongen … Ka Enn til eit eldfullt nummer. Eg nemnte at eit par sysken deltek. Kåre Riibe Ramskjell handterar tangentar av ymse slag. Sterkast i så måte gjer han seg gjeldande i Trur Du Det?. Ein sak der orgelet er feitt, kantane er rufsete, tonen er skakk, Tom Waits luskar i skuggane, og søstera Bjørg Riibe Ramskjell er ein vital duettpartnar. Same dama har same rolle når den Svarte Boksen til songaren blir utsett for visse spekulasjonar ein annan stad på plata. Det vil seie, ho tek seg av det fengande refrenget, og kjem der med visse forslag til kva boksen faktisk kan innehalde av informasjon. "Kan ve katastrofe, kan ve ingenting, …, kan ve falske minna, kan ve poesi".

Innimellom er det meir varleg. Innimellom dukkar Likholmen Blues opp. Ein djupfølt ballade om fiskaren som dreg ut i morgongryet. Om "slitets adelsfolk", om å gjere det ein må, om å høyre til.

Æ høyrer til blant dei nåtidige norske låtskrivarar og songarar det er verdt å spore opp og ta ein lytt, om ikkje fleire, til.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo