cover

Ladies and Gentlemen of the Opposition

Sivert Høyem

CD (2004) - Virgin / Virgin / EMI Virgin / Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

[capsule review in English available]

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Americana / Folkrock

Spor:
Northwind
Be For Real
Smalltown Supersound
Far From Here
Song For Cornelis
Black Box
Ladyfriend
What’s Wrong With You?
First Day of Somersaults
Woman
Slow Blues/Let It All Hang Out Now
Theme From Bambi

Referanser:
Madrugada
Grant-Lee Phillips
Leonard Cohen
Bob Dylan

Vis flere data

Se også:
Exiles - Sivert Høyem (2006)
Moon Landing - Sivert Høyem (2009)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Mangslungen solo-debut

Ei fin plate er det Sivert leverer. Ikkje heilt der oppe i selskap med bandet sine to beste, men med fleire låtar som kitlar ryggraden.

Det er nokre år sidan no. Meir nøyaktig var det vel nokre månader før det sagnomsuste årtusenskifte. Med ei overbevisande kraft presenterte Madrugada seg på den norske rockescenen. Deires Industrial Silence vil alltid stå der som ein av dei verkelig store opptrinna i norsk rockehistorie. Oppfølgaren var ikkje heilt av samme kaliber, men så, med 2002 sin mørke og balstyrige Grit var bandet nær ved å tangere debuten. Og nå er dei sannelig, fullt fortjent, i ferd med å skaffe seg eit navn i England. Ei nyutgjeving av Grit har fått fleire fine omtalar, og bandet blei for nokre månader sidan endåtil tildelt ei heilside i magasinet Mojo, i spalta "mojo-rising".

I ein sånn situasjon er det altså at frontfigur Sivert Høyem dukkar opp med si første plate under eige navn. Og ei fin plate er det, ikkje heilt der oppe i selskap med bandet sine to beste, men med fleire låtar som kitlar ryggraden. Her er spor som lever i områder Madrugada har vitja ved tidlegare høve, men her er og fleire spor henta frå ulike sfærer som bandet aldri har oppsøkt. Først og fremst er dette ein langt meir dempa og stemningsbærande affære enn kva Madrugada stort sett har hatt føre seg. Og stemma hans, ein av dei aller beste i rockeriket Norge, kjem minst like mykje til sin rett i denne samanhengen.

Ladies and Gentlemen of the Opposition er spelt inn i studioet der Industrial Silence i si tid blei til, Athletic Sound Studio i Halden. Før tapen tok vegen til Peter Gabriel sitt Real World studio i Bath, der Tchad Blake (Tom Waits, Richard Thompson, Ed Harcourt ++) tok seg av mixinga. Det høyrest ut som om at Sivert og dei inviterte musikarane har hatt trivelige dagar i studio. Det er nemlig ein laus og avslappa stemning her som absolutt gjer sitt til det vellykka sluttresultatet.

Nå tar det ikkje av sånn heilt med det samme. Northwind og Be For Real som startar gildet er to tilfeller som nok også kunne kledd seg i Madrugada si drakt, men som blir litt tomme på friske tonar til at dei heilt klarer å tilfredsstille. Medan singelvalget Far From Here er ein Grant-Lee Phillips-aktig poprockar i strigla utforming som aldri kjem innunder huden. Men då er og det litt traurige unnagjort. Smalltown Supersound er ein særdeles popfrisk sak med ein ung og sjarmarande trio som heftig kor-følgje. Den ærverdige trubaduren Cornelis Vreeswijk får litt merksemd her også i form av det engelsk/irske folkbrygget Song For Cornelis. Meir folk-tonar frå angloamerikanske marker blir presentert i snurrige Black Box, og i ekstraordinært vakre vendingar i den litt Bonnie Prince Billy-aktige Ladyfriend. Med den er vi også inne i albumet sin absolutt beste del, den siste. Her sprikar det rett nok meir både i stil, tempo og decibel. Men her finn vi og dei beste låtane, med dei mest leikne og vitale arrangementa.

Han stuper inn ein av Lou Reed sine bakgater, der han møter Smog og spør What's Wrong With You. Han helser på både Leonard Cohen og Bob Dylan i den melodisikre godbiten First Day of Somersaults. Her er sangar om draumar, om kjærleik som sigrar, om kjærleik som grunnstøter, om anger, sinne og demonar, og om alle løgnene. Det siste har den knokkel-piano draperte Woman sin del av. Ein låt der tone tar tone og bringer den gradvis inn i eit vakrare og vakrare univers. Ganske andre takter er det over Slow Blues/Let It All Hang Out. Frå sin plass bak Simen Vangen (den einaste frå Madrugada som deltar på albumet) sitt vuggande og innbitte rytmedriv syng Sivert ein erotisk betont sak, "stripped of feathers, boots and common sense". Kva avslutningslåta har med Bambi å gjere har eg ikkje klart å finne ut. Uansett, Theme From Bambi er ein nennsom og fin ballade der håpet har fått grobunn, "maybe".

Jodå, Sivert klarer seg fint åleine og han, men rundt neste sving har eg no lyst på ei ny Madrugada-plate likevel, eg.

comments powered by Disqus

 



ThomasO
2004-08-19God anmeldelse

Nesten som om jeg skulle skrevet den selv.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo