cover

Wire Flowers: More Songs From the Wrong Side of Memphis

Johnny Dowd

CD (2003) - Munich / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Bluesrock / Americana / Alternativ / Folk

Spor:
Wire Flowers
The Pawnbroker's Wife
Monkey Run
I See Horses
Black Rain
Judgment Day
Ain't Got a Dime
Rockefeller Eyes
Just Because
Rolling and Thumbling Trilogy
Woody Guthrie Blues
The Butcher's Son
A Change of Heart

Referanser:
Son House
Robert Johnson
Tom Waits
Captain Beefheart
Roky Erickson

Vis flere data

Se også:
Pictures From Life's Other Side - Johnny Dowd (1999)
The Pawnbroker's Wife - Johnny Dowd (2002)
Cemetary Shoes - Johnny Dowd (2004)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Fleire sangar frå livets vrangside

Med Wire Flowers gjer Johnny Dowd tilgjengelig resten av innspelingane han gjorde før platedebuten.

I 1998 dukka for første gang Johnny Dowd opp i platesammenheng. Verket han hadde med seg bar tittelen Wrong Side of Memphis, og er eit album full av historiar, ikkje berre frå feil side av Memphis, men også frå livets vrangside. Til tonane av mørk, dunkel og piggtråd-skarp folk-blues formidlar Johnny beretningar om forhold som har gått dukken, om sjalusi, paranoia og mord - ikkje særlig lystige temaer, altså. Alt sammen spelt inn på ein privat 4-spors opptakar.

Det var ingen ung jypling som platedebuterte, for Johnny runda 50 år omtrent samtidig med at Wrong Side Of Memphis kom ut. Etter mange år i rockeband, utan at dei dreiv det lenger enn til uregelmessige live-jobbar, tok han til å spele inn materialet sitt etter at bandsamarbeidet hadde teke slutt. Kassettkopiar med deler av innspelingane vart formidla rundt til venner og kjente, dermed begynte den berømte snøballen å rulle, og vips så hadde han ein CD på markedet.

Sidan kom det i rask rekkefølge tre øvrige plater der han har utvikla sitt særegne sound, men nå i samhandling med andre musikarar. Av desse er spesielt Pictures From Life's Other Side ein gnistrande studie i barsk rock og skeiv blues, og med tekstar henta frå livets sidelinje.

Nå er vi framme med den femte utgjevinga på like mange år, men dette er ikkje ei ny plate i ordets rette forstand. For med Wire Flower: More Songs From the Wrong Side of Memphis gjer Johnny Dowd tilgjengelig resten av innspelingane han gjorde før platedebuten. Nok ein gang får vi oppleve mr. Dowd i fri utfolding, der han gjer sin versjon av den evige blues- og folk-tradisjonen slik legender som Robert Johnson, Son House og Leadbelly gjorde for mange år sidan. Låtmaterialet kan nok måle seg mot debuten (nesten, i alle fall), men overraskelsesmomentet er ikkje tilstades denne gangen, og det har dukka opp endå betre innspelingar av dei beste låtane (Monkey Run, Judgment Day, Just Because, Woody Guthrie Blues) på andre plater. Derfor blir heilhetsinntrykket at dette er meir ein middels interessant dokumentasjon enn ei verkelig solid plate. Men ikkje for det, hans litt Tom Waits / Cpt. Beefheart liknande grep om rocken og bluesen er jo alltid ein liten begivenhet å oppleve, og her finst sangar som definitivt gjer sitt til å forsvare utgjevinga.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo