cover

Vindbrest

Tønes

CD (2015) - Kinkverk

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Vise / Folk / Singer/songwriter

Spor:
Antikkmesso På Figgjo
Dråba I Sjøen
Då Runar Fekk Skabb
Spør Meg
Grett Å Få Besøg
Lygn Og Lort
Tordis, Gustav og Andre Savn
Klare Farga
Mindre
Sprøe Svor
Villspor

Referanser:
Alf Prøysen
Stein Torleif Bjella
deLillos
Erlend Ropstad

Vis flere data

Se også:
Grønnare Gras - Tønes (2004)
Sån Av Salve - Tønes (2012)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Slik er no folk

Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.

Det er slett ikkje morosamt å ha skabb. Eg seier det ikkje fordi eg har førstehandskunnskap om det (for det har eg ikkje). Eg seier det fordi det jo ikkje er spesielt vanskelig å tenke seg til det. Det klør noko jæklig har eg høyrt, og ser ikkje spesielt stilig ut. Altså ikkje noko å synge spesielt høgt om skulle ein tru. Tønes syng likevel han, om Då Runar Fekk Skabb. Og ei ganske så trist historie er det blitt, om ein gut som nok ikkje hadde så mange venner, og som vart altfor lite sakna då han var heime frå skulen med denne kløen og desse utsletta. Så er det at innimellom her, utan at opphavsmannen tyr til store fakter, blir det vevd inn underfundige linjer og vendingar som gjer songen til noko anna enn berre å vere ein trist ein, den blir morosam også. Høyr, eller les, eller glytt litt på dette her til dømes:

Folk e så forskjellige
Någen må alltid øvedriva
Andre veid ikkje heilt koss de ska reagera
Tante Ingrid for eksempel
Tåle ingenting før hu begynne å grina
Heldigvis va hu i Amerika

Då Runar fekk skabb
Då Runar fekk skabb


Nett slik er i grunn mitt hovudinntrykk av heile plata, av heile Vindbrest. Den er ikkje spesielt morosam, men så er den det likevel. Litt mørkare til sinns enn ei gjennomsnittleg Tønesplate (kva no det måtte vere), men så avgjort med eit skjelmsk lite blikk på lur.

I 2012 vart det slik at Tønes tok steget frå å vere passelig kjent i Rogaland til å bli ein kvardagssurrealismens skald for heile landet. Det er jo slikt som fort kan skje når ein lagar ei vise om å ville gå og legga seg, eller ein syng om misunnelige blikk som vert kasta over mot naboen. Og i alle fall når det blir gjort på eit både løye og djupsindig vis. Song etter song hos denne Tønes, både på 2012-albumet og tidlegare album, har nemlig tekstar som i all si pussige prakt viser fram ei storveges innsikt i det menneskelige sinnelag. Vindbrest representerer ikkje noko unntak i så måte.

Det er desse tekstane som jo har vore den fremste greia med Tønes. Han finn historier der ingen andre oppdagar historier, han finn rim der dei færraste ville ha trudd det fanst eit rim, og han puttar dei i melodiar som tidvis nesten kan virke litt keitete (medrivande keitete vel og merke). Men det siste der, det med melodiane, opplever eg at har endra seg litt på dei to siste platene. Kanskje kan det ha noko med popmaestro Frode Strømstad (I Was A King) å gjere, og hans rolle som produsent. Ikkje veit eg, men det har då blitt litt meir popdrag over sakene til Tønes, har det ikkje? På Vindbrest endå litt meir enn på Sån Av Salve. Og det gjer i grunn ingenting.

Det gjer sjølvsagt ingenting at Dråba i Sjøen er ein melodisk godsak, med reinslege tonar og subtil godkoring frå Anne Lise Frøkedal. Ja finst det ein vakrare song der ute om bading og kjærleik enn denne? Mulig, men ei saumfaring av mitt ikkje lenger like stødige minne har i alle fall ikkje resultert i nokon funn. Ikkje klarar eg å finne fram til så uhorvelig mange songar om sakn som er vakrare enn visa om Tordis, Gustav og Andre Savn heller. Og om sakn finst det mange songar, sikkert nokre millionar. Tønes klarar sjølvsagt å lage ein som ikkje liknar spesielt mykje på nokon av dei. Med melankoli i tonefallet vert eit sakn etter det som eingong var formidla. Og då er det jo like naturleg å trekke fram den gamle stygge sofaen og bilen som til slutt hadde køyrt over for mange humpar, som det er å minnast rotet som flaut, planar som blei lagt og latter som blei ledd.

Apropos latter. Latteren som boblar litt nede i magen når den tilsynelatande muntre songen Sprøe Svor dansar av garde med raske steg blir etter kvart sittande fast i halsen. For når svoren ikkje blir sprø går han far amokk med ein stokk. Det gjer ikkje hovudpersonen i Grett å få Besøg. Men det kokar nok i skallen hans. For når middagen er servert, eller støvsuginga nett er unnagjort, eller sofafreden kallar, eller dei som ringer på døra er irriterande individ av ulikt slag, ja då er det ganske så ugreitt å få besøk. Slikt eit tema er jo midt i siktelinja for ein Tønes-song. Ein sarkastisk og god Tønes-song.

Ei og anna sarkasme kjem også til uttrykk i den semiepiske låta Antikkmesso på Figgjo. Ramma er ei velkjent ei: Mann møter kvinne, kjærleik oppstår, trøbbel kjem, mann og kvinne går kvar til sitt. Men Tønes si historie er sjølvsagt noko litt for seg sjølv. Eit av versa lyde slik:

Og det skar seg mellom meg og faren
Han rygde inn i min bil så sto parkerte
Så kjørde han bare vidare
Og då eg traff an kjende han ikkje te det
Hadde jyst finge an atte frå EU-kontroll
Det va rett før eg tydde te vold


Tønes vier også ein song til løgna. "Me lyge, me lyge, me lyge, det he me alltid gjort" lyde omkvedet i Lygn og Lort. Mindre løgner og større løgner blir ramsa opp. Nokon lyge om oppskrifta på fleskepannekaker, andre lyge om bistand og miljøhensyn. Eg har i grunn mannen mistenkt for å meine at det siste er verre enn det første. For eg høyrer han også på sitt mest alvorlige synge om ein lengt til naturen "sånn så de va meinte te vær", i avslutningsnummeret Villspor. Songen kan sikkert tolkast på fleire måtar, eg opplever den som ei varleg hyllest til jorda, eit levelig klima, og "åpne arma, åpne arma".

Alvor og skjemt, tragedie og oppstandelse, melankoli og små gleder. Det går i hop på Tønesvis. Eg smiler og eg grublar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

JO JO !!! JA JA !!!...
16.08.17 - 14:09

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo