cover

Full Flower Moon

In Gowan Ring

CD-EP (2005) - Hand/Eye

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Frifolk / Psykedelia / Alternativ / Visepop

Spor:
Limpid Brook
Clover
Moon Over Ocean
Marigold
Aurora

Referanser:
Birch Book
Sol Invictus
The Incredible String Band
Vashti Bunyan
The Strawbs

Vis flere data


Til neste fullmåne

Eit av verdas finaste neofolk-band gir sitt bidrag til ein serie fullmåne-inspirerte tretommarar.

Gjennom dei åtte åra som skiller debuten og den foreløpig siste av dei fire ordinære platene til In Gowan Ring kan ein sjå fleire interessante utviklingar: innhaldet av middelaldersk jøgleri har gradvis blitt redusert til null, lyden har blitt klarare og klarare, arrangementa har blitt meir og meir nedstrippa. Ein kombinasjon av desse faktorane og det stadig meir stabile låtskrivartalentet til Jon Michael B'eirth (ein instrumentmakar frå Utah vi utan å utelate altfor mange detaljar kan definere som ekvivalent med In Gowan Ring) har gjort kvar plate betre enn den førre, og med Hazel Steps Through a Weathered Home i 2002 nådde utviklinga eit punkt der oppfølgjaren ikkje kan bli anna enn ein nedtur eller dråpen som gjer innbarka fans til maniske tilbedarar.

Spenninga vil rett nok ikkje bli utløyst heilt enda, for den tjue minutt og fem spor lange tretommaren Full Flower Moon er inga ordinær utgjeving, men det tredje volumet i serien The Folklore of the Moon, som ved kvar fullmåne får eit nytt tilskot frå ein ny artist, og vil vere fullenda når kalenderen viser 14. mars 2006.

Hand/Eye, som står bak serien, hevdar å drive med alt frå "folk to experimental and all points between", og om tidlegare inkarnasjonar av In Gowan Ring har sysla mykje med droning og rennande vatn, må dagens utgåve plasserast langt ute på folk-sida av denne skalaen.

Mykje tyder på at B'eirth først og fremst hentar inspirasjon frå eller gjennom britisk folk og folkrock frå seksti- og syttitalet. Ein del indikasjonar på denne inspirasjonen finn vi mellom anna i den fire volum sterke Exists and Entrances-serien, ei samling musikalske rotekister dominert av skisser, alternative versjonar, liveopptak og andre ting B'eirth truleg lèt vere å kaste berre fordi nokon kanskje kan få bruk for dei ein dag, der mykje av innhaldet er plukka opp frå eller via namn som Shirley & Dolly Collins, The Incredible String Band, Vashti Bunyan og The Strawbs.

Karakteristisk for nesten alt eg har høyrt av In Gowan Ring er den forstyrrande verknaden på oksygeninntaket. Den sjeldnaste utgåva av dette fenomenet er den semireligiøse musikkopplevinga, der alle fysiske behov blir erstatta av ei naiv, andeleg kjensle av at du forsvinn inn i musikken, eller den inn i deg, og at å puste var noko du dreiv med i ein tidlegare, meir primal eksistens (sjå opp for Cupped Hands Spell frå The Twin Trees); den vanlegaste førekjem når In Gowan Ring er så lavmælte at til og med den høgst moderate lyden frå kroppen sine sjølvpreserverande og vanlegvis automatiserte funksjonar står i fare for å drukne musikken.

Ein variant av sistnemnde gir seg til kjenne i instrumentalen Marigold, der volumet til både fløyta og gitaren fell betrakteleg mot enden av kvar takt, slik at ein parallelt med dette må senke sitt eige støynivå til det absolutte minimum for å hindre songen i å renne bort mellom fingrane sine. Eit stykkje ut i dei tre minutta og tjue sekunda songen varer oppdagar eg ofte at pusten min nærmar seg ei rytme tilsvarande songen sin puls, eller kanskje heller at heile kroppen gjer det - til dømes ser tempoet i rørslene mine ut til å vere direkte proporsjonalt med lydintensiteten i songen.

Frå denne fysiske responsen er vegen kort til refleksjonar over (det førmoderne) menneskelivet versus naturen sine eigne rytmer: flo og fjøre, sesongar og årstider, kalendertid og månefasar, The Folklore of the Moon. Dette er naturlegvis ikkje idéar som ligg i sjølve musikken, men ei stemning du nødvendigvis hamnar i om du kjøper heile pakken til In Gowan Ring. Det einaste som knyttar B'eirth til notida er kanskje behovet hans for å feste musikken sin til diverse lagringsmedium, det er i alle fall lite anna ved platene hans som gjer det: dei musikalske røtene går mange hundre år tilbake i tid, instrumenteringa er alltid reint akustisk, og personane i dei arkaiske tekstane liknar mindre på menneske med hus og veggur enn spøkelse som svevar stille og tilfreds rundt i skogar, elver, årstider og hundreår. Denne tid- og til dels personlegdomslause estetikken er ikkje utan farar; dei tidlege platene til In Gowan Ring opplevast tidvis som påtvungent middelalderske, tøvete eller uinteressante, men med åra har B'eirth perfeksjonert formelen i så stor grad at det i alle fall for underteikna er bortimot umogleg å ikkje fortape seg fullstendig i universet han teiknar opp gjennom tonar, arrangement, tekstar og image.

Full Flower Moon består av demoinnspelingar B'eirth gjorde i løpet av eit år han tilbragte på ei øy ved kysten av USA som nabo av havet og månen (tredjesporet heiter Moon Over Ocean) og kan difor neppe reknast som noko perfeksjonert verk, men den føyer seg likevel pent inn i utviklinga eg skisserte i første avsnitt. Arrangementa er kanskje enda meir beskjedne enn på Hazel Steps, med berre eit par gitarar, ei fløyte, ein dråpe trekkspel og forsiktig bruk av nokre gong- og bodhran-liknande perkusjonsinstrument, og bortsett frå avslutningssporet Aurora er lydkvaliteten upåklageleg.

Det er songane "i seg sjølv" som står i sentrum, og spesielt Marigold og Aurora er makelaust vakre, sjølv om det øvrige materialet også held høg kvalitet. Men sidan dette er demoinnspelingar og eit slags sidespor i katalogen må ein nesten rekne med at det tyngste skytset blir spart til fullengdaren B'eirth's Birch Book, som visstnok skal kome seinare i 2005 (eigentleg i april). Eg kan ikkje gjere anna enn å sitre av forventning.

(NB: Utgjevingane i The Folklore of the Moon-serien er tilgjengelege berre frå Hand/Eye, berre i hundre eksemplar og berre fram til neste fullmåne, så Full Flower Moon forsvinn ut av sirkulasjon seinast 21. juni.)

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på hissig.no
!hissig logo

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo