cover

The Novelist

Richard Swift

CD (2003) - Leftwing / Velvet Blue / Lo-Fi

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Indierock / Singer/songwriter / Cabaret

Spor:
Foreward
Lady Day
Lovely Night
Sadsong St.
Blues For Mother
The Novelist
Ballad Of Clifford Swift
Looking Back, I Should Have Been Home More

Referanser:
Tom Waits
Kurt Weill
Ed Harcourt
Brian Wilson
Randy Newman

Vis flere data

Se også:
The Richard Swift Collection Volume One - Richard Swift (2005)
Dressed Up for the Letdown - Richard Swift (2006)
As Onasis I & II - Richard Swift (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Forfattaren og byen

Ein psykedelisk miks av 30-tals cabaret-tonar og nyare popmusikk i musikkhistorien sitt kortaste konseptalbum.

"Det var i den tid jeg gik omkring og sultet i New York City, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fåt mærker av den..." (fritt etter verdenslitteraturen sine kanskje mest berømte åpningslinjer).

Det har seg nemlig slik at Richard Swift har satt seg føre å lage eit lite konseptalbum om ein forfattar-yngling som i 1930-åra flyttar til den store byen for å søke kjærleiken, samt få inspirasjon til å skrive ruvande litteratur. Men der veldig lite går slik han hadde tenkt seg det. Slik har hans prosjekt temamessig mykje til felles med Knut Hamsun sitt sagnomsuste mesterverk frå 1890; Sult.

The Novelist er sannsynlegvis også musikkhistorien sitt kortaste konseptalbum. Åtte spor unnagjort på i underkant av 20 minuttar (det er vel i grunnen slikt ein kallar eit minialbum). Swift nyttar imidlertid tida si godt. Og klarer både ved hjelp av smarte tonar og melankolske bilder å gje lyttaren aninga av å komme innpå denne forhutla sjela som vandrar rundt i depresjonstida sitt New York. Sjølv om det i eldfull intensitet aldri når Hamsunske høgder.

Det første minuttet, Foreward, blir brukt til å stille øyregangane inn på førkrigstida sine lydar og tonar. Men når vi først er plassert der er den unge Swift smart nok til å bringe inn elementer frå seinare tiders musikalske krumspring. Slik gjer han både historien og tonane til meir tidlause hendingar. Lady Day har sitt vaudeville piano, sin lyd av gamle radiobølger, men i dens langsomme og sorglause skapning kan vi også ane undertonar av 60-tals psykedelia, samt trampe takten etter pulsen frå ein moderne trommeboks. Lovely Night startar som om var den eit spor frå Kurt Weills Tolvskillingsopera, men etterkvart trer den ut av det gamle lydbildet og inn i eit langt meir moderne landskap, der vi kan skue spor av både Brian Wilson og Ed Harcourt.

På Sadsong St. har skylaget no for alvor begynt å dekke til utsiktene i retning den brennande lidenskapen, og vår mann trøystar seg; "over and over and over I say it again, I'm happy when the sun don't shine". Lengselen tilbake til barndomsheimen blir illustrert med eit minutt trillande tonar frå ein leike-musikkboks, i Blues For Mother. Tittelkuttet er ein piano-støtta og småskeiv dystervals av det tiltrekkande slaget, og skildrar leitinga etter orda, og den manglande energien til å få noko utav funna. Ballad of Clifford Swift er eit nytt kort instrumentelt mellomspel som set fokuset mot slekt og heimtrakter. Noko den sjølvransakande og sterke konklusjonen Looking Back, I Should Have Been Home More også har merksemda retta mot. Før den fader ut med å fleire gonger gjenta dei lengtande orda; "remember when you loved me babe".

Denne karen noterer vi oss, ikkje sant?

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo