cover

Stephen Brodsky's Octave Museum

Stephen Brodsky

CD (2006) - Hydra Head / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Psykedelia / Powerpop

Spor:
Voice Electric
Sentimental Case
Kid Defender
Prove Myself
Bluebell
Red Headed Butterflies
Kill the Queen
Swingin in the Sky
Spirals in Her Eyes
Ploo

Referanser:
Elvis Costello
XTC
Beulah
Spoon
Rogue Wave
Cave In

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Cave Out

Brodsky har komme utav hola, og byr på ordinær popmusikk med psykedeliske innslag.

Innimellom, og no kanskje etter, slaga med Cave In har Stephen Brodsky nytta tida til å musisere i litt andre retningar enn den tungt rockande. Det er vel ikkje å ta hardt i å seie at tonen då dreg meir i popretning. Slik er det også her på hans tredje framstøyt under eige namn, vel og merke med ein solid dose psykedelia som tilleggsingrediens.

Den psykedeliske faktoren er sterkast til stades i opningskuttet Voice Electric. Drivande rytmar, ein pulserande bass og gitarelektriske kaskadar og piruettar slynger seg om kvarandre og plasserer låta ganske så midt i 1967. Eg anar ånda frå Love og Quicksilver Messenger Service, og eg kjenner smaken av ei lykkepille. Kaleidoskopia! For ein strålande start.

Eg klarar ikkje å få ratt det same gode forholdet til dei ni låtane som fylgjer etter.

Desse er i større eller mindre eller ulik grad skodd over ein meir ordinær poprock-lest. Nokre med eit komp i hovudsak tufta på lyden av ein temperamentsfull akustisk gitar. Andre har den elektriske fetteren som sin fremste lydgjevar. Alle gitarstrengene er det Brodsky sjølv som spelar på. Til å hjelpe seg har han fått med seg Johnny Parker Northrup (frå Thee Electric Bastards) til å ta seg av bass-groovet. Same mann fyller også på med litt synth-lyd, og bidrar med vokalstøtte i rimelig harmonerande former. Medan ein Kevin Shirtleff dunkar trommeskinnet. Fleire er dei ikkje. Om ikkje coveret si krediteringsliste er mangelfull då.

Så var det dei ni låtane då. Dei som kjem etter opningsfenomenet. Det er ingenting fenomenalt ved dei. Dei er vel eigentlig ganske så ordinære. Kanskje med eit lite unntak for tre av dei. Sentimental Case er stram kraftpop i eit krysningspunkt mellom Elvis Costello og XTC. Den same Costello kan godt ha stått modell for Kid Defender også, kanskje saman med eit par Elephant 6 band. Medan Swingin' in the Sky skyflar seg framover i meir primitive former, ikkje heilt fjernt frå måten Dan Sartain gjer det på.

Det var dei tre. Dei seks andre har eg lite å fortelje om. Dei er litt Spoon og dei er litt Rogue Wave, men mest er dei melodisk og formativt anonyme, og allereie gløymt.

Men eg gløymer ikkje Stephen Brodsky der han kjem dansande imot meg omkransa av virvlande tonar og rytmikk, syngande med lys røyst sitt flotte mantra "I'm the voice electric". Neste gong er det å håpe at han har plata full av det kaliberet.

Då vil i alle fall underteikna gå ned i kneståande, og på eit eller anna vis gje uttrykk for ei viss takksemd.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo