cover

Get Well Soon

Sarabeth Tucek

CD (2011) - Sonic Cathedral / Import

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Sadcore

Spor:
The Wound And The Bow
Wooden
A View
The Fireman
Smile For No One
Things Left Behind
State I Am In
At The Bar
Rising
The Doctor
Exit Ghost
Get Well Soon

Referanser:
Kristin Hersh
Mazzy Star
Sharon Van Etten
Neil Young
Elliott Smith
Big Star
Laura Marling
Natalie Merchant

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Songen som terapi

Ei dotter syng seg vidare i livet, og ho gjer det med gripande songar.

Ein ikkje heilt ukjent fyr frå Ål i Hallingdal presenterte oss, for eit par år sidan, for begrepet visepsykiatri. Utan at han nødvendigvis skal få æra for at den slags finst. For det er mange som har drive med slikt, og det er mange som kjem til å drive med slikt. Det er ikkje heilt fjernt å tenke det Sarabeth Tucek driv med på si andre plate inn i denne samanhengen heller. Visepsykiatrisamanhengen. Mor hennar er psykolog, far hennar var psykiater. Get Well Soon handlar om Sarabeth, faren, døden, saknet, angeren, sinnet, det usagte, det uoppgjorte, lækinga, framtida.

Då Sarabeth Tucek var i slutten av tenåra bestemte ho seg ein dag for å slutte å snakke med far sin. Ho opplevde han så fjern, han gav henne så lite respons, ho ville gjere det synlig for han korleis han virka på henne. Det var eit eksperiment. Før eksperimentet kom fram til sin konklusjon døydde faren. På ein fredfull tur åleine i den vesle robåten sin vart han ramma av eit dødbringande hjarteinfarkt. Såret denne hendinga påførte Sarabeth har hatt vanskar med å gro.

Get Well Soon behandlar såleis ein verk som har sett seg fast, grundig fast. Og som må bort. Gjennom tolv songar, som ikkje kjem i tilfeldig rekkefølgje, gjer den si teneste. Frå den spartansk gnikkande og tematisk motlause The Wound And The Bow til ei læking er nesten fullbyrda i det trøystande og inderlig vakre avsluttande tittelsporet.

Get Well Soon er ei personlig plate, men det er ikkje ei privat og utleverande plate. Den er blitt til som ein del av ein personlig katarsis, men dyppar ikkje orda sine i sentimentalitetens beger, eller malar sjølvmedlidande bilde. Ordknapp, men utan å skjule dei tankar og kjensler som har ulma i henne, serverer Sarabeth Tucek eit verk som også vil vere gyldig i mange andre samanhengar enn den mellom henne og faren.

Det er fire år sidan ho var her med sitt sjølvtitulerte debutalbum. Eit album som romma både det stillferdige og det meir elektrisk stridige, og ikkje minst den underfundig fengande folkpoplåta Something For You. Ei plate som kraup innafor brystet. Forma og framført av ei dame som evna vise att i eit musikalsk landskap ho ikkje er åleine i. På Get Well Soon kan eg sjå henne endå tydeligare.

Ein kan trekke nokre linjer frå Kristin Hersh via Mazzy Star og fram til Sharon Van Etten, og så plassere Sarabeth Tucek inne i den soniske bygningen som der openbarar seg, og føle at ho høyrer til der. Det kan ein. Men ho utstrålar samstundes eit eller anna som fører henne forbi dei fleste interesser om å plassere henne. Det gjer ho. La meg likevel fortsette litt til, og påpeike at det driv ein Neil Young igjennom henne. Ein Neil Young vi finn On The Beach, ikkje han som spelar på Harvest. Og fartar det ikkje ein Alex Chilton rundt i sjela hennar også? Ein Chilton med Sister Lovers i tankane. Sarabeth Tucek er ikkje like ute av kontroll, på kanten av det sonisk stabile, som det Chilton er der. Det er ho ikkje. Men ho forvaltar noko like hudlaust noko.

Og ho forvaltar noko som grip tak i meg. Sterkt tak i meg. Ho er ei røyst som kjem til meg på eit veldig nærverande vis. Klar, med spor av rust. Heimsøkt, på jakt etter håp. Heilt utan å overdrive eller ty til affekterte verkemiddel er ho 100% der songen er. På ei plate som ikkje er skapt i eit mangslunge sonisk eller melodisk bilde, men der det like fullt inntreff saker og ting. Subtile intonasjonsforskyvingar, kimen i det usagte, i det uspelte, og gløden i angrepa frå den elektriske gitaren. Det blir til songar som brenn.

Det blir til songar som Wooden. Med glimtvise minner frå ein oppvekst, og om ein far, og om ein båt på eit stille vatn. Akkompagnert av ein akustisk gitar. Ei stund. Så kjem eit stille sukk, før eit elektrisk torever slår om seg, og ein kamp vert kjempa, "fighting for release, fighting for relief, fighting". Etterpå, A View. Ei skjør vise om å dele ei oppleving, dele ei utsikt. Seinare, Smile For No One. Ein countryinfisert song der ambivalensen sin evige dans mellom nokre av tilværets ytterpunkt blir illustrert på enkelt og konsist vis.

When we are together, we dream we are apart

......

When we are apart, we dream we are together

Forever drifting between the light and dark


Dottera legg ikkje skjul på at det også eksisterar ein ambivalens i hennar kjensler kring denne faren. "Cut me from the part of him that was so mean and cold" syng ho i The Doctor. Like før, i den elektrisk dirrande Rising syng ho om han frå ein annan del av kjensleregisteret sitt, "I couldn't lift you high enough ..... I can't wait to see you again, I cannot see you again".

I The Fireman ser dottera lenger tilbake, til den gongen den velutdanna og velrenommerte faren flytta utav heimen deira. Ho ser det gjennom ein draum. Ho ser seg og faren ligge i ein båt, ho ser handa hans legge seg over strupen sin. "Remember, I am your daughter", seier ho, "remember, you have no father", seier han. Så kjem refrenget, det verknadsfulle refrenget. "The fireman saved many a home, but the fireman could not save his own".

Get Well Soon, ei plate bygd av sterke kjensler. Ei plate som driv utav sitt eige indre, og blir til ei stor plate.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo