cover

That These Things Could Be Ours

Robert Skoro

CD (2005) - Yep Roc / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Folkrock / Singer/songwriter

Spor:
All the Angels
Kidnapped
I Was Blonde at Age Four
Before the Sun
Boo Hoo
Old Friend
China
Hungry Ghost
Influence
Morning
The Package

Referanser:
Elvis Costello
Ron Sexsmith
Michael Penn
Elliott Smith

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Den grunne tone

Lite fargesprakande og mykje grått på oppfylgjaralbumet til denne unge amerikanaren.

Her på sitt andre album serverer Robert Skoro 11 låtar støypt i ei form veldig mange har nytta før, den melodiretta og straighte poprock-forma. Ei form som i stor grad dyrkar det uforfalska og nonsensfrie. Noko som gjer den 100 % avhengig av at tone-tilverkaren har grepet om det å skape gode låtar. Skal vi leggje That These Things Could Be Ours til grunn er det mykje som tyder på at Skoro strever litt med dette.

Produsenten Brian Deck (Modest Mouse, Iron and Wine, Califone) prøver nok etter beste evne å injisere vitalitet og variasjon i materien, men det hjelp lite så lenge råstoffet er bortimot livlaust. Låtane til Skoro er bygd rundt melodifattige og temmelig likelydande tonesekvensar. I all hovudsak kan ein plassere låtane i to båsar. Det er dei som prøver å frese litt, men som på grunn av sin veike grunntone i beste fall freser for døve øyrer. Kanskje med eit lite unntak for opningssporet All the Angels.

Den andre kategorien låtar svimar rundt i eit småjazzig popdistrikt, her er det ikkje fnugg av liv. I begge tilfella fraserer Skoro som ein avsjela Elvis Costello. Det vil seie, i Kidnapped høyres han meir ut som Jeff Tweedy. Den låta lever vel litt på utsida av dei to båsane eg nemnte også. Ja eg sa lever, for den gjer faktisk det. Utan at den er i nærleiken av å kunne bli tilbydd plass på Summerteeth, har den nok likevel snodd seg fram frå dei same marker der Tweedy fant Pieholden Suite og Via Chicago. I denne samanheng er jo slikt å rekna som det reinaste gullfunn. Men det er det einaste Skoro-sporet eg kan tenke meg å høyre igjen etter at eg har sett punktum for denne omtalen.

For eg vil tru at det finst sånn cirka 124 539 plater der ute støypt i ei tilnærma lik form, og der dei fleste er betre enn denne. Men har ein alle dei, og synes om dei, ja så kan det jo hende at det er verdt å prøve seg på denne også.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Mick Harvey - Four (Acts of Love)

Tidligere gitarist i The Bad Seeds, Mick Harvey, lever godt i skyggen av Nick Cave. Kjærlighet i fire akter funker både fra skive og scene. Spiller på vestlandet denne uka.

Low i Oslo
Minnesota-bandet feirer 20-årsjubileum med nytt album og turné som fører Low til Blå på lørdag. Vi varmer opp til konserten med en fersk video som du kan sjekke her.

Jenteslipp
Øya med tre nye navn i dag, Cat Power, Laura Mvulah og Mona & Maria meldt klar for Middelalderparken i august.

Podium

Hovedsiden / Siste:

London folk ønsker å låne en...
13.05.13 - 21:04

Bassist søkes Oslo/Akershus
13.05.13 - 11:04

Vi soker øvingsrommet i Oslo...
05.05.13 - 20:55

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Erlend Ropstad - Hva om det ikke er sånn som du tror at det er

()

Ein sørlending finn stemma si blant ein bunke lågmælte songar om rastlause tider.

Tidligere: