cover

The Mess We Made

Matt Elliott

CD (2003) - Domino / MNW

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Ambient / Post-rock / Eksperimentell / Indierock

Spor:
Let Us Break
Also Ran
The Dog Beneath the Skin
The Mess We Made
Cotard's Syndrome
The Sinking Ship Song
End
Forty Days

Referanser:
Third Eye Foundation
Flying Saucer Attack
AMP

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Den dystraste mannen i Bristol vender tilbake

Det er atmosfærisk og stemningskapande, og kvar komposisjon er som ein liten novelle med fleire intermesso.

Før pleidde Matt Elliott å uttrykke seg musikalsk under signaturen Third Eye Foundation, her gav han oss ravnsvarte og tungt fordøyelige verk som Ghost, men også rett nok dystre men atskilleg meir smakfulle album som Little Lost Soul. Hans medium for å nå ut til verden var computeren, der han skapte sine ambiente komposisjonar ofte krydra med drum'n'bass-element. I 2000 meddelte han at Third Eye Foundation var historie, og han var usikker på når eller om han ville komme tilbake med ny musikk.

Med The Mess We Made har Matt Elliott for første gong valgt å gje ut musikk under sitt eige navn, og det er blitt ei plata som er ganske så forskjellig frå hans tidlegare utgjevingar. Først og fremst ved at organiske instrument som piano, gitar og cello er blitt meir dominerande i lydbildet, i tillegg er drum'n'bass-elementene borte. Samstundes er her meir bruk av vokalinnslag, mest frå Matt sjølv, men han får innimellom hjelp frå ei kvinnestemme (Sabine Chaouch).

Det er atmosfærisk og stemningskapande, og kvar komposisjon er som ein liten novelle med fleire intermesso. I bakgrunnen høyrer vi eit ulmande lydteppe, i front spelar pianoet eller gitaren melodiøst, og innimellom dukkar det opp seige vokalfraseringar. Orda som blir sunge er ikkje lett å oppfatte, men eg trur eg veit kva dette handlar om allikevel:
Historiane er henta frå eit mørkt havnekvartal ein plass i Europa. I fuktige kjellarar, på segneferdige loft, i trange dunkle smug, og i slitne kneiper lever og dør det mennesker. Mennesker som fortsatt trur, mennesker som har gitt opp, og mennesker som er på flukt. På flukt frå livet, på flukt frå døden, og på flukt frå sine private spøkelser. Slik det til dømes blir skildra i den vakre Also Ran. Den startar med at Matt kviskre-syng i samklang med melodiøse pianotonar, vokalen blir stadig meir forvrengt, og plutselig tek stykket ein annan retning ved at det dukkar opp nokre kjappe og hissige beats (kanskje vi skal kalle dei stemningsskakande), før den avslutningsvis igjen glir over i vare pianotonar. Eller som lyden av sur vind, guffent regn og ei knirkande dør i The Sinking Ship Song, ei dyster sjømannsvise som til slutt går under saman med det fortapte skipet. Avslutningsvis skimtar vi imidlertid spor av håp, for Forty Days er vakre akustiske gitartonar i tilsynelatande harmonisk samklang med eit englekor, men det hadde ikkje vore Matt Elliott viss han ikkje hadde forpurra dette håpet med litt forvrengingar heilt til slutt.

I motsetning til mange andre som syslar med ambient musikk (og som ofte endar opp med å lage begivenhetslaus muzak) så maktar Matt Elliott å skape musikk som får ein til å lytte, som stimulerer fantasien, og som dermed skjenker lyttaren ein opplevelse. Vi kallar det ambient-blues, tenkjer eg.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo