cover

Different Strokes for Different Folks

teXum

CD (2007) - Rootsy / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Folkrock / Americana

Spor:
17th of May
What You Leave Behind
Guitars & Hearts
The Last Farmer
New Beginning
The Inspector
Nothing New
Old Letters
Sunny Day
Music & Crowd

Referanser:
Bönkers
The International Tussler Society
Tellusalie
Flying Burrito Brothers
Buffalo Springfield
Lynyrd Skynyrd
Uncle Tupelo
Whiskeytown
Richmond Fontaine

Vis flere data

Se også:
First Shot EP - teXum (2004)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


'Guitars don't break as easy as a heart'

Ein treng ikkje ha noko nytt å komme med, så lenge ein har noko godt å komme med.

Ein gong i min grøne ungdom var Oppdal synonymt med eit par alpinistar som hadde sine problem med å komme til mål, og ikkje så mykje meir. Den neste av trønderbygda sine søner som vekte ein smule oppsikt var vel Vebjørn Rodal, som mange sikkert vil huske fordi han var den kjappaste to gonger rundt banen under eit idrettsstemne i Atlanta i 1996. Frå nedafor nedst i bakken, og nokre hundremeter med hekk og grus unna idrettsbanen dukka det så på slutten av nittitalet opp ein liten Oppdals-bande væpna med andre saker enn alpinski og piggsko.

Dei kalla seg Bönkers. Dei hadde høyrt om både Gram Parsons, Neil Young og Uncle Tupelo. Dei la aldri skjul på det. Dei stod likevel fram med eit visst særpreg. Dei gav ut ein fin EP og det like fine albumet Opp. Dei er ein av dei beste norske banda som har prøvd å countryrocke. Utan at det var så altfor mange som fekk det med seg. Eg har ikkje høyrt frå dei på fleire år. Men no ser det jaggu meg ut som at ein gjeng med slekt, venner, naboar og slikt kjem og tek opp arven.

Dei kallar seg Texum, og har garantert høyrt på dei same platene som i si tid spora Bönkers til å starte sin korte ekspedisjon. I tillegg har eg dei mistenkt for å ha vore innom både Whiskeytown og Richmond Fontaine. Så då skulle dei vere solid plassert i countryrock-tradisjonen dei også, tenker eg. Men dei er langt ifrå av dei mest einsretta og stringente i klassen. Dei trakkar over og leitar litt andre stadar også. Og dei skaper eit nyanserikt, varmt og pretensjonsfritt bilde her på sitt debutalbum. Eit album som er minst like bra som Bönkers sitt.

Dei fangar vemodet og tristessen som så mange andre har gjort før dei, men utan å bli for nedstemte. Årstidene spelar ei rolle, og då dei lyse vel så mykje som dei mørke. Vokalist Bård Sande si inderlige røyst fortel om flyktige møter, om ho det er så vanskelig å fatte at berre drog sin veg utan planar om å returnere, om livet på vegen, om å få nye sjansar, og om å sjå noko evigvarande i nokre brev frå 1969. Det er slett ikkje grensesprengande lyrikk, men ord, observasjonar og fragmenterte historier som aldri skjemmer seg bort og som på høveleg vis bygger opp om den lindrande tonen som herskar her.

Det startar midt i våren den 17th of May. Ei einsam sjel ber om å få fyr på sigaretten, men ber nok helst om så mykje meir; "but it's not for the matches, you've put on a mask, on such a sunny day". Ei vemodig og nydelig opning, laidback, med slark i svingane, subtil instrumentføring, og Marthe Valle som godgjerande harmonifylgje. Ho har den same rolla på den like så vemodige og vakre Guitars & Hearts. Ein song henta frå dei same romma som Ryan Adams sin Heartbreakers kom ut frå, med eit lite refrengnikk mot Crosby, Stills & Nash. Det handlar om ho som for ut døra, og om lengselen som vart igjen; "Your love won't fade as nicely as the minor chord of G". Men kanskje kan ein finne litt trøyst i ein song?

Nokre gonger rockar dei meir til, og sender tankane i retning av Lynyrd Skynyrd, Rolling Stones og ein foreining av tuslarar ikkje så langt unna. Då er Unni Norbeck og hennar hammond-orgel ein viktig komponent. The Inspector er ein slik låt, ein annan er tributten til The Last Farmer. Der dei til Richards-licks og i gospel-skapnad engstar seg over korleis det skal gå med jordbruket her i landet.

Dei har hyra inn ein saksofonist, Arnstein Solem, til å fylle inn røykfylte tonar på nokre av låtane. Spesielt effektfullt i den regntunge balladen Sunny Day. Texum nyttar seg i det heile av eit rikt arsenal instrument og lydkjelder, men dei passar godt på at desse ikkje overdøyvar, eller går i vegen for, kvarandre.

Nothing New heiter ein song. Den er ein hyllest til den store låtskrivaren, han som laga soundtracket til livet deira, han som vart lagt til sides ei stund, men som no er der og rører hjarta igjen. "It's not something new, but it sure is good" syng Sande. Det same kan trygt seiast om Different Strokes For Different Folks.

PS. Idet eg skal til å postlegge denne omtalen snappar eg opp eit rykte om at Bönkers skal ha ting på gang for ei sein 2007 utgjeving. Utsiktene til at det vert mykje fint frå Oppdal i år skulle dermed vere rimelig gode.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo