cover

Benji

Sun Kil Moon

CD (2014) - Caldo Verde

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Singer/songwriter / Country

Spor:
Carissa
I Can't Live Without My Mother's Love
Truck Driver
Dogs
Pray For Newtown
Jim Wise
I Love My Dad
I Watched The Film The Song Remains The Same
Richard Ramirez Died Today Of Natural Causes
Micheline
Ben's My Friend

Referanser:
Red House Painters
Mark Kozelek
Neil Young
Leonard Cohen
American Music Club
Bonnie Prince Billy
Magnolia Electric Co.
Damien Jurado

Vis flere data

Se også:
Ghosts of the Great Highway - Sun Kil Moon (2004)
Ghosts of the Great Highway - Sun Kil Moon (2004)
Tiny Cities - Sun Kil Moon (2005)
April - Sun Kil Moon (2008)
Universal Themes - Sun Kil Moon (2015)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Note frå ein middelaldrande mann

Ei melankolsk storstund som saumfer livet, kjærleiken, lystene og døden.

Eg ser Mark Kozelek komme nedover gata. Litt brydd, han er på veg vekk, på veg heim. Han kjem direkte frå ein konsert med Postal Service. Der stod han lengst bak i ein skare av 8000 tilhøyrarar. No har han nett ringt sin venn Ben Gibbard (Postal-sjefen), og takka for fin musikk, men også gitt beskjed om at han ikkje kjem til å komme backstage. Det kunne fort berre blitt pinlig tenker han for seg sjølv. For "there's a thin line between a middle-aged guy with at backstage pass and a guy with a gut hangin' 'round like a jack-ass". Han hutrar, dette er ikkje hans mest minneverdig augeblikk. Han må innrømme at det ligg eit grundig element av misunning i hans avslag også. 8000 møter opp for å høyre Postal Service, kor mange kjem det på ein Sun Kil Moon-konsert? Han prøver å riste det av seg, og dei neste dagane er han i studio att "doin' 12 hour shifts singing' a song about one thing or another". Slikt blir det plater som Benji av.

Tankar rundt det å vere ein middelaldrande mann er blitt ein del av tankeverksemda til Mark Kozelek. Det kan fort bli slik når ein er blitt ein middelaldrande mann. Når ein sitt på restaurant saman med kjærasten sin for eksempel, og nett har bestilt seg "blue crab cakes", og ho påpeikar at han "seem distracted" og spør kva som står på, og han må svare som sant er at han "can't explain it, it's a middle-aged thing", og ho seier "ok" og ete vidare på sin porsjon med "eggs benedict", medan han stirer inn i veggen "cluttered with sports bar shit". Få skriv songar om livet akkurat slik det fortonar seg, som det Mark Kozelek gjer. Og sjeldan har han gjort det betre enn på Benji.

46 år gammal er han no over tjue år inn i ein musikk-karriere som har avfødd fleire plateutgjevingar enn det eg har oversikt over. Det første tiåret under signaturen Red House Painters, seinare under eige namn, og i diverse samarbeidskonstellasjonar, men først og fremst som Sun Kil Moon. Heile tida i dette ikkje spesielt hastige tempoet, med den akustiske nylonstrenggitaren som det sentrale instrumentet, og med melankolien som den drivande grunnkrafta. Det er forresten ikkje ei kraft som først dukka opp idet Kozelek byrja å sysle med musikk. Om vi skal tru han er den meir grunnleggjande enn som så. "From my earliest memories I was a very melancholic kid" meddele Kozelek undervegs på Benji. Det er ikkje den einaste linja på plata som handlar om han sjølv. Visst har mannen trekt sitt eige liv inn i songane sine før også – det er for så vidt eit av hans kjennemerker – men i så stort omfang som han gjer det på Benji har han vel aldri gjort det.

Kozelek høyrer nok med blant desse ein kan nytte det noko omstridde begrepet litterær låtskrivar om. Det er ikkje mindre aktuelt denne gongen, for aldri har han fylt songane sine med fleire ord. I tillegg er det freistande å trekke ein parallell til eit konkret litterært verk, Karl Ove Knausgård sin Min Kamp. Akkurat som Knausgård går Kozelek inn i sin private sfære, blottlegg eigne kjensler, fortel det slik det blir opplevd, eller slik minnet om noko som hendte fortonar seg, utan ironi, utan metaforar, i eit enkelt og dagligdags språk. Nokre gonger nesten på grensa til platt, ved andre høve utstrålar det ei poetisk kraft, men heile tida maktar Kozelek, akkurat som romanforfattaren, å skape noko med ein suggestiv energi i seg. Så er sikkert ikkje alt sant, så har han sikkert endra og dikta, så glir sikkert fiksjon og fakta om ein annan. Men kva så? Det er hans privilegium, og for meg som lyttar er det komplett underordna kva som er kva. Det er energien i det som faktisk er der som er avgjerande, og den er som nemnt ikkje liten.

Men Mark Kozelek er ikkje forfattar, han er låtskrivar, så det han byr på er først og fremst songar. Energien i orda hans hadde nok ikkje vore den same om dei ikkje hadde hatt sin eksistens i lag med tonar. Eller om dei ikkje hadde blitt fortalt i songaren sin slentrande, modne og sterkt nærverande songstil, akkompagnert av fingerplukka gitartonar, og litt meir (litt koring, ein xylofon, ein bass, eit tangentinstrument, ja endåtil trommer ved nokre høve, og ein saksofon i avslutningslåta). Det er sjølvsagt ikkje songar som tar for seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg (og for så vidt ein tanke meir variert enn den gjennomsnittlege Kozelek-utgjevinga – kva no det er).

Googlar du Benji dukkar det opp nokre bilde av ein liten hund. På syttitalet hadde den hovudrolla i ein film med nettopp det namnet. Ein film Mark Kozelek minnast han såg ein gong i sin barndom, på besøk i Los Angeles hos bestemor si. Eit godt minne. Han syng om ein annan film han første gongen såg i sine yngre dagar også. Den lett surrealistiske konsertfilm The Song Remains the Same, med Led Zeppelin i hovudrolla. Til varmt jagande tonar frå gitaren formidlar han eit (ti minuttar langt) assosiativt epos ramma inn av opplevinga det var å sjå denne filmen som barn, kontra det å sjå den att no ganske nylig. Han konstaterar at dei scenene som virka sterkast på den unge Kozelek også virka sterkast på den middelaldrande Kozelek. Inne i denne ramma assosierer han så fram ein god del anna. Han planlegg eit besøk til mannen som gav han den første platekontrakten. Han ber ærbødig om tilgiving til ein gut han slo ned i barndomen. Og så handlar det mykje om døden då, om venner og kjenningar som har døydd, samt ei fastslåing av at

I cannot shake melancholy
for 46 years now I cannot break the spell
I'll carry it throughout my whole life
and probably carry it to hell
I'll go to my grave with my melancholy
and my ghost will echo my sentiments
for all eternity


Benji handlar i grunn mykje om døden. Om kor sterkt det gjekk inn på Mark då han fekk beskjeden om at Carissa var død. Tremenningen hans Carissa, som han ikkje kjente spesielt godt. Det var omstenda som gjekk inn på han. At ei mor midt i trettiåra blir drept av ein spraybokseksplosjon idet ho skal kvitte seg med noko søppel. Kva er meininga i det, "you don't just raise two kids and take out your trash and die". Og kva er no oddsen for at ho skulle døy nett på denne måten, når det var akkurat slik bestefar hennar døydde. Onkelen til Mark, som også får sin song, Truck Driver. Jim Wise heiter ein annan mann, ein venn av Marks far. Han hjelpte si lidande kone inn i døden, og prøvde deretter å ta sitt eige liv. Det siste mislukkast han med, så no sit han i husarrest. Sperra inne er også han som utnytta seg av og tok livet av den psykisk utviklingshemma nabojenta Micheline. "Micheline she wanted love like anybody else, Micheline she had dreams like everyone else".

Som de forstår handlar songane på sett og vis om andre enn Mark sjølv, men det er noko med måten han plasserer seg sjølv i bildet. Det er hans oppleving av hendingane, hans kjensler, tankar og assosiasjonar kring desse som er det sentrale. Også når han med medkjensle syng om massedrapa i Newtown, og andre massedrap (Utøya-massakren inkludert). Eller når han minnast akkurat kor han var då massemordaren Richard Ramirez døydde av naturlige årsaker, 53 år gammal. Noko som fører til at han byrjar å grunne over at døden kan ligge like om hjørnet. For var ikkje han der Sopranosfyren berre 51 år då han nyleg døydde? Same alder som trommeslagaren i bandet hans, og han sjølv, ja korleis står det til med han sjølv:

I don't like this getting older stuff,
havin' to pee 50 times a day is bad enough,
I got a nagging prostate and I've got a bad back,
and when I fuck too much I feel like I'm gonna have a heartattack


Apropos det siste der. Dogs handlar om den gongen unge Mark starta med slikt. Det første kysset, og vegen vidare derifrå, "the complicated mess of sex and love". Ført til torgs i eit ganske så groovy lydbilde, med den Sonic Youth permitterte Steve Shelley på trommer. Shelley sitt der og opererer rytmen også når Mark kjem med si kjærleikserklæring til far sin, I Love You Dad. I den mest temposterke songen på plata – ja det er nesten litt southern-groove over den – takkar han faren for at han lærte han respekt for folk som var litt annleis. Mellom anna synleggjort gjennom ei historie der Mark hadde nekta å sitte ved sida av ein albino i barnehagen. Kor på faren tar han vennlig for seg, før han avsluttar si formaning med å spele ei legendarisk plate av Edgar Winter (som er albino) for sonen.

Mora får også si kjærleikserklæring. Ei inderlig vakker ei. I Can't Live Without My Mother's Love. Om kor umogeleg Mark ser for seg det blir å takle det at ho ein dag døyr. Med Will Oldham som understrekande korist (noko han også er på eit par omkringliggande spor, andre stader er det kvinner som korar).

Ein dryg time varer plata. Den kjennest berre så altfor kort. Akkurat som livet, for oss middelaldrande menn, og kvinner. Dette er songar for oss det.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

JO JO !!! JA JA !!!...
16.08.17 - 14:09

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo