cover

Fear Fun

Father John Misty

CD (2012) - Bella Union / Bella Union / Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Countryrock / Softrock / Psykedelia

Spor:
Funtimes in Babylon
Nancy From Now On
Hollywood Forever Cemetery Sings
I'm Writing a Novel
O I Long to Feel Your Arms Around Me
Misty's Nightmares 1 & 2
Only Son of the Ladiesman
This is Sally Hatchet
Well, You Can Do It Without Me
Now I'm Learning to Love the War
Tee Pees 1-12
Everyman Needs a Companion

Referanser:
J. Tillman
Gene Clark
Harry Nilsson
Loudon Wainwright III
Ronnie Lane
Neil Young
Bonnie Prince Billy
Jonathan Wilson

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Frykt og moro

Ein melankolikar finn seg eit nytt namn, tenker andre tankar, og lagar ei latterlig vital plate.

I ran down the road
Pants down to my knees
Screaming, "Please come help me
That Canadian shaman
Gave a little to much to me!"


Av og til skjer det berre. Og ein kjenner seg blamert, og opprådd. Då kan det kanskje vere like greitt å berre kaste trommestikkene ifrå seg, fylle bilen med det meste av det ein eig, og dra sørover. Gjere krav på det første huset ein får auge på, i det ein sig inn i den store byen. Skulle det by på motstand kan ein prøve å erklære noko slikt som at "my reality is realer than yours, and there's no time in the present, and there's a black dog on the bed". Det skulle kunne funke. Så, etter å ha ofra sine gamle klede på eit bål i bakgarden, og komme til ei forståing med sjølve beistet, kan turen for eksempel gå ut til Malibu. Der ein kan rase rundt "on the beach" i selskap med ein viss Neil. Seinare, i West Hollywood, kan ein drikke syre-te med nokre skodespelarar, eller valium-te med eit par filosofar, om berre ikkje henda hadde vore så fulle av drinkar då. Og så, tilbake i Laurel Canyon, kan ein sette seg ned og skrive ein roman, "because it's never been done before".

Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger, verken i krysningspunktet eller på krakken bak Pecknold & co. Og ikkje er han i Seattle lenger heller, han er i Los Angeles. Der gjer han det litt annleis.

Han har tatt namnet Father John Misty, og med Jonathan Wilson som sin næraste samarbeidspartnar har han laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. I eit slags krysningspunkt mellom Gene Clark og Harry Nilsson (med ei og anna kopling til andre saker i nabolaget).

Det var ein roman han eigentlig sette seg føre å skrive. Den fekk raskt tittelen Mostly Hypotetical Mountains. Eit utdrag på tretti sider ligg ved inne i coveret på Fear Fun. Her dansar Tillman sine ord og betraktningar rundt i eit breiare stemningsleie enn kva som har kjenneteikna melankolien som ganske så eigenrådig fylte opp dei sju føregåande platene hans. Det knugande og mismotige blir i romanen konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Noko som har forplanta seg djupt inn i songane på plata.

Nokre månader før plata blei sleppt la Sub Pop ut ein video på YouTube av låta Hollywood Forever Cemetery Sings. Då eg kom over den skjønte eg fort at her var det noko anna i emning. Videoen viser ei ung kvinne i kronisk kamp med sine omgjevnader. Songaren startar kvart vers med strofa "Jesus Christ, girl". Det handlar om sex, dop, og død, og eit fromt ynskje om å få litt hjelp til å grave. Sonisk blir den driven fram av ein mektig puls, inne i eit endå mektigare ekkokammer, samstundes som den er velsigna med ei intens melodisk gripeevne. Avgjort ikkje J. Tillman, definitivt Misty.

Ein fyr som heilt naturlig startar plata si slik: "Fun times in Babylon, that's what I'm counting on". Ein syndig stad der songaren ser for seg at han skal røyke alt som er innafor rekkevidde, i selskap med kvar einaste dame han har elska. Men låtas tone er ikkje på noko vis av det utsvevande slaget, den kryp folknært og er sterkt varmegjevande. Kontrastbygging er også ein del av Mistys si verd. Han avsluttar seansen førti minutt seinare i liknande soniske former med Everyman Needs A Companion, og syng om vennskap og mytemakeri. Mellom anna ved å referere til ein tenkt samtale mellom Jesus Kristus og døyparen Johannes. Ein ordentlig mannfolkprat om ei viss Maria.

Han opererer i trakter der andre har gått før, men dansar rundt der på sin måte. Ganske så variert gjer han det også. Det ravar ei countryånd av Stones-kaliber over sprelske I'm Writing A Novel. Ein røvarhistorie om korleis songaren hamna i Los Angeles (gå tilbake til første avsnitt om du ynskjer eit nokonlunde truverdig referat over kva den handlar om). Ein mild softrock bris bles gjennom Nancy From Now On. Well, You Can Do It Without Me er ein bluesy og friskt buktande sak om å selje sjel og dronning for ei trone. Medan Tee Pees 1-12 har fele og steel-gitar, og er ei eventyrlig countryferd som hamnar langt ut i det usiviliserte.

Som den miljøvernaren han vil vere tar Misty seg også tid til å grunne over songens og kunstens rolle i klimaproblematikken. Eigentlig vil han helst ikkje tenke over kor mykje olje som går med til å lage ei plate, eller male eit bilde. Men han gjer det, og syng om det i salige Now I'm Learning To Love The War. Med eit glimt i auge. Eit glimt som vel også er til stades i den særs attraktive Only Son Of The Ladiesman. Eller kanskje ikkje. Kanskje er den meir alvorlig denne songen? Der den tar for seg ein kvinnesjarmør og den "legacy of ruin" han har etterlete seg. Sidan både Sunset Strip og Moon River blir nemnt i teksten er det nærliggande å tenke at Frank Sinatra har vore i tankane då songen blei til.

Eller kanskje ikkje. Tankane til Misty vandrar slett ikkje alltid dit det er naturlig å tenke at dei skulle vandre. Eller burde vandre. Dei ser samanhengar der det slett ikkje er opplagt at slike finst (og kanskje ikkje finst heller). Dei kan kanskje seiast å vere ein tåkefyrstes tankar, eller ein blasfemikars, eller ein satans forteljar. Og låtskrivar. Og songar. Ein ganske så fantastisk ein i grunn.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

sign post
10.10.14 - 12:56

sign post
10.10.14 - 12:53

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: