cover

Metamodern Sounds In Country Music

Sturgill Simpson

CD (2014) - High Top Mountain

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Countryrock / Psykedelia

Spor:
Turtles All the Way Down
Life of Sin
Living the Dream
Voices
Long White Line
The Promise
A Little Light
Just Let Go
It Ain't All Flowers
Panbowl (Bonus Track)

Referanser:
Merle Haggard
Johnny Cash
Willie Nelson
John Prine
Dwight Yoakam
Jamey Johnson

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Kosmisk

Klassisk lovlaus country, der pedal-steel og 'god bless america' er byta ut med psykedelia og ei mytisk skilpadde.

Opninga er ikkje avgjerande, men det skadar ikkje om den set ting litt på plass. På sitt andre album kjem Sturgill Simpson opp med ei slik opning. Eg snakkar då ikkje om bestefaren hans sin introduksjon, spelt inn over ei telefonlinje, og tilført litt ekkobehandling: "Introducing metamodern sounds in country music". Sjølv om den for så vidt er effektfull og sannferdig nok. Nei eg tenker på den første linja Simpson syng like etterpå, i songen som fantastisk nok heiter Turtles All the Way Down. "I've seen Jesus play with flames in a lake I was standing in" syng han. Eg nølar sjølvsagt ikkje så mykje som ein tøddel av eit sekund med å kåre linja til den nestbeste Jesus-opninga i platehistoria.

Det stansar ikkje med det. Songen har meir å by på, sjølvsagt har den det, og songaren har meir å formidle. Han har møtt djevelen også, påstår han, i Seattle til og med. Og Buddha, og blitt opplyst. Han uttrykke ein tydelig skepsis til kristendommen og dei moralske vaktmennene – "Every time I take a look inside that old and fabled book I'm blinded and reminded of the pain caused by some old man in the sky". Han syng om den gamle myta som fortel at kloden vår kvilar på ryggen til ei skilpadde, og om "reptile aliens", og om dop av ymse slag som "changed the way I see". Denne noko uvanlige beretninga, i countrysongsamanheng i alle fall, blir servert til tonar plukka i det same klassiske landskapet der dei lovlause i si tid henta mang ein song. Der Willie og Waylon, Merle Haggard og Johnny Cash henta mang ein song. Men Sturgill Simpson gjer noko meir med songen, han psykedeliserar den. Med varme bølgjer. Og i desse bølgjene uttalar han det eg trass alt tenker er songens sentrale linje: "but love's the only thing that ever saved my life". For i botn er det ein slik song det er, ein song som helst ynskjer å fremje kjærleik og humanisme, "to everyone you meet and greet and cheat along the way". Ein fabelaktig song.

Sturgill Simpson, eit storarta namn. Han kunne vel eigentlig ikkje drive med så mykje anna enn countrymusikk med slikt eit namn. Når vi så i tillegg får høyre at han har vakse opp i ei lita bygd i Kentucky, med ein far som var narkospanar og ei mor som var dotter av ein gruvearbeidar (eller a coalminers daughter som dei seier i dei traktene), minkar vel ikkje akkurat sjansane. Men det skulle jaggu ta si tid. Som ung mann ramla han utav skuleverket, hangla inn i marinen, og segla verda rundt før han fant ut at det ikkje var særlig til idé. Skreiv nokre songar, reiste til Nashville, men der var det ingen som såg nokon grunn til å ynskje han velkommen. Så han fant i staden ein venn i whiskyen og anna flytande av same slag. Tok seg etter ei tid i nakken og fekk seg jobb som jernbanearbeidar. Som de no sikkert forstår: Tida går, og countrysongaren inne i han ser ut til å bli verande der inne, utan nokon gong å komme ut og gjere seg til kjenne. Men ei kvinne vil det annleis. Dei vil ofte det, kvinnene. Ho skaffar han små spelejobbar, utan å konferere med han først. Plutselig sitt han der berre, i klisteret, på ein liten klubb, med ei forventning om at han skal spele, nokre songar. Han gjer det, og han gjer det igjen, og så blir han med i eit band (Sunday Valley). Det siste skjer like etter at han for andre gong har flytta til Nashville, denne gongen saman med kvinna. Nashville kastar seg ikkje akkurat om halsen på han denne gongen heller. Til det er nok ikkje songane hans godt nok tilpassa den gjengse oppfatning av kva som slår an. Han er litt for mykje av ein lovlaus. Men ei plate fekk han då spelt inn etterkvart, kalla den High Top Mountain, og gav den like godt ut sjølv. Året er no 2013, Sturgill Simpson er midt i trettiåra, og ein og annan melder tilbake at plata er bra, riktig bra. Sant nok, og forståelig nok, for High Top Mountain er ei bra plate det. I tradisjonen til karane eg nemnte lenger oppe, samt ein og annan likesinna. Flust av slikt noko kom det ikkje i 2013, så sjølv om plata kanskje mangla den siste vesle ekstra susen av råsterk personlegdom, hadde den sin tvillause verdi.

Metamodern Sounds In Country Music, ein storarta tittel. Inspirert av ein annan platetittel, og ei storarta plate. Ray Charles sin Modern Sounds In Country and Western Music. Der Charles gjer country på sin måte. Med Metamodern Sounds In Country Music gjer Sturgill Simpson det på sin måte. Sjølvsagt gjer han det, han kunne ikkje tatt sjansen på ein slik tittel om han ikkje det gjorde. Så den er av eit anna kaliber enn debuten denne plata. Den har ikkje berre ein liten ekstra sus av råsterk personlegdom. Den er gjennomsyra av slikt. Spelt inn over fire dagar, med eit marginalt budsjett, ei handfull medmusikantar, og ei frisk innstilling. Produsert har Dave Cobb gjort. Same mann som har gjort same jobb på Jason Isbell sin Southeastern og Jamey Johnson sine That Lonesom Song og The Guitar Song. Sannsynlegvis dei tre beste platene med countryklang som har komme dei fem-seks siste åra. Med det som utgangspunkt er det nok ein smule dristig å hevde at Metamodern Sounds In Country Music faktisk kan være den aller beste plata Cobb har hatt fingrane sine borti. Eg tar sjansen likevel, for akkurat så steikande bra er denne plata.

Først og fremst er det den ufattelige friskleiken, og nærværet, i tonane eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. For det er ikkje berre kring det arkaiske cover-fotografiet av Sturgill Simpson og den før omtalte opningslåta at det slyngar seg psykedeliske stemningar. Slikt skjer i fleire andre låtar også. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

Aller lengst ute på ein tripp er Sturgill Simpson i det nesten sju minuttar lange nummeret It Ain't All Flowers. Psykedelisk skingrande el-gitarsoloar møter her effektar frå hip-hop, og ting blir gjort både framlengs, baklengs, skeivt og illevarslande. I det som i botn er ein mørk countryblues med kunngjeringar av typen "cleaning out the darkest corner of my mind", erkjenningar av typen "when you play with the Devil you know you gonna get the horns", og primale skrik både før og etter.

"Lately things have been a little complicated" annonserar Simpson idet han går i gang med den songen på plata som rockar og rullar heftigast, Life Of Sin. Og formidlar så ei historie om ein fyr som har eit fromt ynskje om "a little happiness, a little love". Han er eit godt stykke unna å få ynskje oppfylt, han er hard på medisineringa og synst "sex is cheap" og "talk is overrated", men klarer no i det minste å kvittere ut at det er henne (hovudårsaka til komplikasjonane) han har å takke "for all my songs".

Apropos snakking. Ein song på plata handlar spesielt om slikt, Voices. Skvaldring, lovnadar og tomprat. I eit samfunn på randen av den store depresjonen er det nokon som har altfor mykje å seie, utan å seie den minste fornuftige ting. Simpson oppsummerar det heile ganske så eksplisitt med linja "a picture's worth a 1000 words, but a word ain't worth a dime". I ein song eg tenker Johnny Cash kunne ha likt å sunge.

To av songane er det ikkje Simpson sjølv som har laga. Ein er ein gammal togsong av klassisk skapnad, Long White Line. Den andre er ein synthdansepop-hit frå det seine åttitalet. Det britiske bandet When In Rome sin einaste nemneverdige song, The Promise. Simpson gjer låta om til ein countryballade av den gripande sorten.

Simpson inntek for så vidt litt ulike posisjonar plata igjennom. I eit svakt lite augeblikk serverer han til og med ein liten fyrig gospelsak, A Little Light Within. Men eit overordna inntrykk er at fyren held seg på ein langt meir skeptisk avstand til Gud og religion enn kva den gjengse countrysongar gjer. Så noko takk til Gud, eller Gud velsigne Amerika er ikkje å sjå. På den korte takkelista hans finn eg i staden folk som Aldous Huxley, Carl Sagan og Stephen Hawking. Science fiction, astronomi, og vitenskap altså. Eg ser ikkje heilt bort ifrå at han gjerne kunne ha slått av ein prat med Dalai Lama også. Han ytrar i alle fall vennligsinna ord om buddhismen i Just Let Go. Nærare bestemt buddhismen sin Bardo-tilstand ("a 49 divine day vacation"). Alt medan tonar frå eit keyboard flyt rundt, krengar litt, ja endåtil morskar seg litt. Eit keyboard (eller orgel) gjer seg også gjeldande i Living The Dream, på eit svellande vis her, medan songaren fabulerer fram tankar av meir fatalistisk karakter. Slike som "I don't have to do a Goddamn thing except sit around and wait to die".

Sturgill Simpson drar sine linjer til andre, til tradisjonen. Viser respekt, men først og fremst vågemot, og skapar ei plate som er noko litt for seg sjølv.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo