cover

Moder Norge

Tindra

CD (2011) - ta:lik / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Folkemusikk

Stiler:
Slåtter / Stev / Vise

Spor:
Ro Ro Håskjer
Li Li Låte
Me Ska Reisa Te By'N
En Ven Jeg Havde
Litle Blå Bukkjen
Kommer I Folk
Farvel Du Moder Norge
Reiar
Katten Daua
Jeftas Løfte
Hu Maja
En Sjømann God
Annemor Mi Jenta

Referanser:
Majorstuen
Sudan Dudan
Annlaug Børsheim

Vis flere data

Se også:
Lukkeleg Vaking - Tindra (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Tindrande klart

Tre opplagte damer viser at det kan vere mykje liv i gamle songar.

Inne i eit heimestrikka cover det står Tindra på finn eg tonar som varmar, og tonar som vil noko. Tonar ingen har eigedomsretten til, og som har vore på vandring lenge, men som ikkje slit med alderdomsteikn som sviktande ganglag og stive ledd av den grunn. Ikkje slik Tindra serverer dei i alle fall. Med fele, akkordeon og song, og ei lødig innstilling.

Tretten viser og slåttar henta frå tradisjonen i Rogaland. Med ei særlig tyngd på Suldalstraktene, der songaren i trioen, Åshild Vetrhus, kjem i frå. Dei to andre i gruppa er den felespelande Jorun Kvernberg (også kjent frå gruppa Majorstuen) og akkordeontraktøren Irene Tillung. I lag skaper dei tre damene ein nærleik til tonane ikkje så altfor mange er unt å få til.

Det er ei spenstig breidd i utvalet på Moder Norge, både når det gjeld sonisk utforming, og tematisk innhald. Ramma inn av dei to barnesongane Ro Ro Håskjer og Kor Ska Me Hen byr albumet på både det lett skjemtande og det vondt verkande. Både lettbeinte trivnadsstunder av typen Me Ska Reise Te By'n og dronedragande og dystre svikskildringar som En Ven Jeg Havde. Og så litt av kvart innimellom der.

Dei er i tradisjonen, og dei har respekt for tradisjonen, men dei gjer den på sin måte. Dei spelar tonar som har luft under seg. Stundom nennsamt, ja nesten heilt sakralt. Stundom friskt og frodig, på lag med det gode humør. Stundom knirkande, gnagande, med sikt mot eit mørkt kvarter. I høgdepunktet Katten Daua er dei innom dei fleste soniske nyansar. Ein sprelsk og fornøyelig tragedie som dei frimodig miksar i hop med ein sjølvlaga kattepols.

Songaren syng med ei herlig naturlig røyst, fri frå alt som måtte minne om manierte tilstandar. Med ein skarre-R så tindrande klar. Om den sjølvgode machomannen Reiar som trur han er guds gåve til kvinna, men blir gjort til latter, og forvirra slår så hardt i bordet at "veggjene rivna, og loftet datt ned". Eller om Hu Maja som stolt sender frå seg friar etter friar og til slutt endar opp åleine med eit lite barn, då løytnanten ho satsa på viste seg å vere av den svikefulle sorten. Men Tindra lar ho ikkje knekke i hop, dei lar ho rette ryggen og friskt deklarere sitt mantra: "La det skrapet gå, la det skrapet gå!".

Elles blir det sunge om både gjetarliv, tjuvslakting, sjømannssorger og strevsam kjærleik. Og tittelen på albumet har dei henta frå ein song som vart flittig nytta i det norske emigrantmiljøet i Amerika. Tindra gjer den med vemod i brystet. "Farvel du Moder Norge, nu reiser jeg fra deg, jeg sier deg så mange takk for du oppfostret meg".

Ei mangslungen plate frå ein trio som tar eit friskt grep i tradisjonen, og gjer den til sin. På eit slikt vis at den kjennes relevant, i dag, og sikkert i morgon også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo