cover

Clap Your Hands Say Yeah

Clap Your Hands Say Yeah

CD (2005) - Wichita / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Post-punk / New Wave / Indierock

Spor:
Clap Your Hands!
Let the Cool Goddess Rust Away
Over and Over Again (Lost & Found)
Sunshine & Clouds (And Everything Proud)
Details of the War
The Skin of My Yellow Country Teeth
Is This Love?
Heavy Metal
Blue Turning Gray
In This Home On Ice
Gimme Some Salt
Upon This Tidal Wave of Young Blood

Referanser:
Arcade Fire
Modest Mouse
Wolf Parade
Broken Social Scene
Franz Ferdinand
Talking Heads
The Feelies
Pavement

Vis flere data

Se også:
Some Loud Thunder - Clap Your Hands Say Yeah (2007)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Trampeklapp

Dei har sett skrifta på veggen, og blitt omfamna av sentrale internett-aktørar. Dei er febrilske, dei blør og dei vil ha saltet.

Internett er ein glitrande stad for ryktespreiing. I mai 2005 byrja det å gå eit vagt rykte om ein New York kvintett med eit spektakulært namn. Heime frå kjøkkenbenken pakka, adresserte og sendte karane i Clap Your Hands Say Yeah avgarde sånn ca. fem om dagen av sitt heimelaga og label-lause debutalbum.

22. juni skreiv Pitchfork ein entusiastisk omtale av albumet, og poengsette det til 9,0. Med eitt forsvann førsteopplaget på 2000 eksemplar. Frå no av var de daglige ordremengda gjerne opp i fleire hundre. Slikt blir det støle pakkemusklar, tørre tunger og ein travel haust utav. Når dei fem såg Times Square eksplodere i fest og fargar ved utgangen av året hadde dei kvitta seg med over 40 000 eksemplar. No skal dei få hjelp av den oppegåande labelen Wichita til å spreie albumet utover det europeiske kontinentet.

Og det er all grunn til å dunke saman lankane og la jubelen runge, for bandet har verkelig noko å by på. Med ei energisk innstilling serverer dei ei aldri så lita feststund fundert på nokre av dei same kvilelause og nervøse faktene som deira forgjengarar på New York-scenene Talking Heads og The Feelies gjorde til sine kjennemerke. Går ein forbi New York-angsten og vokalist Alec Ounsworth sin stemmelikskap med David Byrne, kan ein også finne spor av sprelske Modest Mouse-liknande fakter, samt litt Pavementske slentre-konturar. Utan at det skulle vere det minste motiv for å skrike reprodusentar eller hermegås av den grunn. For i signaturen bandet så fryktlaust graverer er særdeles mykje eigenrådig og frigjort også.

Eit av dei fremste kjennemerka til Clap Your Hands Say Yeah er stemma til Ounsworth. Eg har høyrt rykte om at det er dei som ikkje heilt klarar med den noko strangulerte og eksalterte stemmebruken hans. Hmmm, etter mitt syn er den fantastisk. Ukonvensjonell og fantastisk. Uttrykksfull og fantastisk. Tilsynelatande slurvete svelgjer og forkortar han ord. Samstundes flyt han med og konfronterar, og er eit konstant uromoment og ei sentral drivkraft.

Ounsworth er også ansvarleg for låtskrivinga, og har styltra saman ein bognande porsjon med vinnande melodilinjer. Hans fire medsamansvorne på gitar, keyboards, bass og trommer kastar seg heilhjerta med i leiken og bidrar til å pensle tonane inn i eit fargerikt og agelaust, men samstundes kompakt lydbilete. Ja kanskje er det bassist Tyler Sargent som skildrar det best, når han i eit Guardian-intervju seier dette om åtferda til bandet: "We go out in all these different directions, and come in somewhere else".

Det noko eksentriske valet av bandnamn, som dei etter seiande såg skrive på ein vegg på veg til sin første spelejobb, viser at dette er ein gjeng som ikkje nødvendigvis gjer det så heilt enkelt for seg sjølv. Sjølvsagt gjer dei inngangsporten til albumet litt snodig også. Orgelpumpande, Waits-groovy og skrålande, humpar Clap Your Hands seg inn heilt nede til venstre i biletet. Med låt nummer to plasserer dei seg så innafor dei meir sentrale strøk av sitt eige lydbilete. Let The Cool Goddess Rust Away driv tett fram i ein lett vemodig tone, med ein driftig tamburin som effektfullt krydder. Drivet er minst like tett i Over And Over Again (Lost and Found), den melodiske tilstanden upåklagelig, den ekspanderande og gjentakande gitarfiguren like enkel som den er uimotståelig, og konklusjonen minneverdig; "You look like David Bowie, but you've nothing new to show me. Start another fire, and watch it slowly die".

Tekstlig manglar kanskje Ounsworth litt av det poetiske sinnelaget til ein David Byrne, eller ein Matt Berninger. Han serverer likefullt sin meir enn godkjente dose med tekstlinjer av entusiasmeskapande karakter. Frå det absurde til det tilnærma handfaste. Frå "A clean shave in the morning, and a full beard with no warning!", til "And we can do the Zarathustra, we can do the broken fist, we can tear down all the borders, or abbreviate the list".

Neidå, ikkje heilt enkelt å begripe kor han vil alltid. Men vi kan jo leike at vi skjønar. Slett ingen ueffen leik det. Den skimrande og tidvis smukt harmoniserte balladen Details of the War handlar lite om krig i vanlig forstand, men desto meir om krunglete dame/mann-tilhøve. Soldatkjempande krig tar i staden det lett suggerande avslutningssporet Upon This Tidal Wave of Young Blood seg av. Med høgstemte gitarlinjer som fylgjesvenn syng Ounsworth her vemodsfullt og inntrengande om krigen sitt meiningslause vesen. Krig er også eit av elementa i den gitarvegg-stålsette og velmelodiserte In This Home On Ice, i tillegg til utfall mot patetiske TV-programmer, åndstomme motar og andre smaklause trekk i den forvirra vestlige verda. Den gromt groovy og sterkt uraffinerte Gimme Some Salt turnerer ein del av dei same problemstillingane, med eit par artige tekstfintar av Dylansk karakter som ekstra spissing; "Sally hit the pavement, wineglass in her hand" og "I was in the kitchen, cooking up a shark".

Låta som likevel har tatt det kraftigaste taket i meg er nok den nesten seks minuttar lange og absurd titulerte The Skin of My Yellow Country Teeth. Hektisk rytmisert, fresande synthdrapert, skimrande gitarkledd, himmelsk vakkert melodisert, og med ein Ounsworth som turnerer det fortvila, det stridslystne og det undrande med ukultivert og karismatisk vitalitet.

Du har sikkert skjønt det no, det er Clap Your Hands Say Yeah som har pælma den beste debutlyden vegg i mellom i stova mi i 2005.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo