cover

Exiles

Sivert Høyem

CD (2006) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Countryrock / Poprock

Spor:
Love, Leave Me Alone
January 3rd
Don't Pass Me By
Exiles
Arcadians
Into the Sea
Just a Little Closer Now
Horseshoes
Black Cross
I've Been Meaning to Sing You the Song

Referanser:
Madrugada
The Triffids
The Soundtrack of Our Lives
R.E.M.
Counting Crows
Grant-Lee Phillips

Vis flere data

Se også:
Ladies and Gentlemen of the Opposition - Sivert Høyem (2004)
Moon Landing - Sivert Høyem (2009)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Langs ein bein og mektig veg

Det er ei ganske så risikofri og føreseielig rute Høyem har valt å fylgje her. (Først Into the Sea og så vidare rett inn i stova til 70 000 nordmenn.)

Det var ein upretensiøs, utprøvande og fleirfasettert Sivert Høyem som gav seg til kjenne på solo-debuten Ladies and Gentlemen of the Opposition. Slik er det ikkje i same grad når han no prøver seg igjen. Exiles er blitt tildelt ein langt fastare og meir eintydig sonisk struktur. Slik blir Høyem si solo-utvikling på eit vis ein ekvivalent til Madrugada si utvikling frå Grit til The Deep End. Det uklare, retningsforvirra, upålitelige og offensive blir lagt til side, og eit meir sofistikert, kontrollert og defensivt orientert uttrykk trer fram i staden.

Eller for å seie det slik, der han på sitt førre album køyrte langs ein svingete veg med slitne støytdemparar, har han denne gongen komme inn på ein breiare og rettare veg, og støytdemparane fungerar perfekt. Kanskje er eg litt rar, men når det kjem til musikk synst eg det som regel er meir spennande når omgjevnadane er litt kronglete og ikkje alt nødvendigvis er heilt i orden.

The Volunteers kallar han kvartetten som har hovudansvaret for å gje han musikalsk ryggdekning. To nordmenn og to svenskar. Gitaristen Freddy Viklund har saman med Høyem og Head hatt ansvaret for den produksjonen. Ein produksjon som tar den eine folk og country influerte låta etter den andre og fører dei med trygg hand inn i ein struktur der den akustiske gitaren gjerne er eit grunnelementet, men der det soniske ofte søker seg mot mektige former. Som om David McComb skulle ha funne på å invitere Mike Scott til eit møte i eit stort, velorganisert og godt overvaka vegkryss. At her i tillegg er lite mystikk og lumske farar å skode er kanskje unødig å tilføye.

Skal likevel ikkje underslå at eg finn hugnad i noko av det Sivert og gjengen har for seg her. Frå Love, Leave Me Alone fram til Just a Little Closer Now er det rett nok ikkje så altfor mykje å fryde seg over. Det kan nemnast at sistnemnte til liks med January 3rd rår over ei aktverdig refrenglinje. At Arcadians har ei stillfaren og lågtsvevande form eg finn rimelig tiltalande. Og at det åtte minuttar lange tittelkuttet tar for seg trafficking på eit alvorstungt og respektabelt vis, samstundes som det søker mot soniske tomter der Madrugada var på debutalbumet sitt, utan heilt å finne den frigjerande og skjelsettande blåtonen.

Når Horseshoes dukkar opp, derimot, og innleiar ein rett så fin avslutning i tre akter, då fangar Exiles verkelig merksemda mi. Med ørkentwang i gitaren, R.E.M-konturar i melodiføringa og ein dramatisk undertone prøver Høyem med Horseshoes å ta eit, kanskje litt ufint, oppgjer med dei som sendte nedlatande blikk i retning han og hans venner for tolv år sidan, men som i dag kanskje sitt og stirer i golvet i staden. I den nennsame og mellotron-furnerte Black Cross har han med seg Ingrid Olava i godgjerande harmoni. Før I've Been Meaning to Sing You This Song avsluttar seansen med country-arr i sjela og listande tonar frå ein steel-gitar, medan Høyem audmjukt og vemodig syng om angsten for spotlighten.

Slik blir eg sittande att med ei god kjensle idet albumet tonar ut. Ja, det er nesten som om eg er villig til å gløyme at eg før dette har vore gjennom eit sjulåtars parti som berre unntaksvis gjorde inntrykk.

Men berre nesten.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo