cover

Fading Parade

Papercuts

CD (2011) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indiepop / Drømmepop / Psykedelia

Spor:
Do You Really Wanna Know
Do What You Will
I'll See You Later I Guess
Chills
The Messenger
White Are The Waves
Wait Till I'm Dead
Marie Says You've Changed
Winter Daze
Charades

Referanser:
The Zombies
The Boo Radleys
Grandaddy
Grizzly Bear
Beach House
Arcade Fire
Miracle Fortress

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Disige saker

Blant minner og kvinner i eit popsfærisk drøymelandskap.

Paraden glir forbi. Eg høyrer konturane av den, ganske så djupt inne i eit disig popbilde. Eit breitt og høgt og vegg til vegg utforma lydbilde. Men altså, også disig. Uklart. "I don't mind, I don't mind, if it's all an illusion" syng songaren. Det gjer i grunn ikkje eg heller, tenkjer eg. Noko tiltrekkande er det med den uansett, denne Fading Parade.

Papercuts er vel meir eit prosjekt enn eit band. Meir Jason Robert Quever enn nokon annan. Ein mann som i sitt fjerde plateframstøyt under Papercuts-vignetten bringer til torgs mjuke poptonar. Tonar som han omhyggelig bygger inn i eit lydrikt og rommelig mønster, der kvar enkelt lydkjelde lever i ei atmosfære av ekkoeffektar.

Ting filtrerer seg saman til eit slørete drøymebilde. Eit som ikkje gjer nyansane særlig til spelerom, men som på ingen måte gøymer bort det verkelig verdifulle. Melodien. Den er her, inne i det disige men eteriske luftlaget, den kjem ut, den høyrest, den er sval.

Kva Jason Robert Quever syng om krev meir enn grundig konsentrasjon for å oppfatte fullt og heilt. Hans lyse røyst er inne i disen den også. Noko han bøter på ved å legge tekstane med cd'en. Eg les tekstane. Eg synst dei verkar litt flate, litt daffe. Utan poetiske musklar. Eg ser dei handlar om kvinner, eller andre, som var der, men som nå kanskje ikkje er der lenger. Kvinner, eller andre, som betydde noko for songaren, som kanskje framleis betyr noko, eller som nå er eit vagare minne enn det som kan skimtast på hi sida av disen.

Juliette, Julie, Juillanne, Julia. Slike namn blir ho gitt ho som dominerer tankane til songaren i dei tre første songane på plata. Eg legg tekstarket vekk, og berre høyrer. Då er det ikkje flatt, ikkje daft, då er det flott. Med ein syngande gitar i ei essensiell rolle i Do You Really Wanna Know. Ein popgrandeur om harmoni og tvil, med eit lite Arcade Fire heng. Mindre praktfull er ikkje Do What You Will. Noko lunt og lett har den i seg også, og eit generøst tilbod: "Come as you please, go as you need". Godord fortener den tredje i opningstrioen også, I'll See You Later I Guess. Noko meir nedpå, noko meir vemodig i tonen, og med eit refreng som drar til seg merksemd. "Julia shot the door, your things are on the floor".

Den vemodige tonen er det vel forresten ingen av låtane som er heilt utan. Minst til stades kanskje i det forbarmande kuttet Chills. Der hovudpersonen har fått frosten, men ei kvinne med medkjensle sørgjer for varme, og slikt. "I had the chills, she gave me pills". Ann derimot, i Wait Till I'm Dead, har ein langt mindre helsebringande effekt, ho gjer helst mannen urolig med sitt flyktige vesen. Så då syng han "I don't want to sound cruel, but count up all your lovers".

Eit variert bilde er ikkje denne Fading Parade. Den har sitt soniske mønster, den har sitt tema, den har si vennlegsinna popforståing. Den går rundt i sitt skylag, men eg kan ikkje anna enn å like dens ferd.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo