cover

Hey Revolution Now!

Home Groan

CD (2006) - Me / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Country / Countryrock / Poprock / Folk / Psykedelia / Americana

Spor:
Gilligan's Island
Queen of the Underpass
Billboard Babe
JFK Loved Volvos Too
She Really Freaks Me Out
I Bit the Head Off My Old Microphone
Hog Hollow
Tears of Lead
Don't Push
Giving Myself Up
Conspicuous Compassion
Bring You Back With a Song
Hey Revolution Now!
Marion's Sereneta (On the Eve of the Revolution)

Referanser:
Woody Guthrie
Mark Olson and the Creekdippers
Steve Earle

Vis flere data

Se også:
Astrodome - Home Groan (1999)
Addicted - Home Groan (2001)
Raccoon - Home Groan (2002)
The Cream of the Crop - Home Groan (2003)
The Opening Act - Home Groan (2004)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Frykt og Urett på tiltalebenken

Absolutt ei angrepsvillig og frisk innstilling hos Hagfors og hans medsamansvorne denne gongen.

Det var slett ikkje for å preike det offisielle USA sitt syn at Martin Hagfors i si tid flytta frå heimbyen Detroit og til Oslo. Det har vi skjønt for lenge sidan. Framstøyta hans, i alle fall dei han har gjort saman med Home Groan, eller berre som Groan Alone, har i stor grad vore driven fram av den same ånda som dreiv Woody Guthrie, Johnny Cash og Erik Bye. Den som har brakt oss songar som I Ain't Got No Home, Man In Black og Hersker og Narr. Slik er det denne gongen også. Ja kanskje spesielt denne gongen, for tittelen skulle jo tyde på at det er ganske så rebelske tankar som ligg til grunn for Home Groan sitt tiande album.

Det er ikkje dogmatiske doktrinar eller propaganderande kampsongar vi finn bakom den opprørske tittelen Hey Revolution Now! For sjølv om Home Groan kallar tekstheftet for ei Revolutionary Songbook, og nyttar seg av illustrasjonar som minnar om sveitt arbeidarkamp og kommunistisk vinkling, er det først og fremst det jaga og snublande men like fullt elskande mennesket sine kampar på forskjellige plan som står i sentrum. Frå popfriske tonar om å gje seg over til sin kjære (Giving Myself Up), og til det allsong-rungande tittelkuttet sitt angrep på det egoistiske tankesett som rår i den vestlige verda.

Joda, det er definitivt mykje kald djevelskap der ute som gjer Hagfors oppbrakt, men samstundes er det noko mildt og humant over tonen hans. Derfor opplever ein han aldri som ein harmdirrande agitator. Og takk for det, vil no eg hevde. Samstundes står han vel heller aldri fram med same tyngde og kraft som dei tre legendene eg nemnte i første avsnitt. Men kven gjer no eigentlig det? Det er i alle fall ingen grunn til å ikkje søke mot tonane hans, for dei er vel verdt fleire besøk dei. Særlig når det er såpass mange velfungerande av dei som det er på Hey Revolution Now!

Som vanlig er det den countryinfluerte tonen som er dominerande, men den er ikkje aleine. No kjenner ikkje underteikna til alle Home Groan sine utgjevingar ned til minste detalj, men etter kva eg kan skjøne må dette albumet vere blant bandet sine mest varierte. Det opnar med den dunkle Gilligan's Island, der ein halvkviskrande Hagfors får utbytterik vokalhjelp frå bandet sitt nyaste tilskot Mona Varpe. Ei dame som i tillegg til å gje det vokale ein ekstra dimensjon, også trykker på ulike tangentar, og gjer i det heile eit positivt inntrykk. Til dømes er ho og hennes theremin med og fører den reklameharselerande Billboard Babe inn i eit tiltalande psykedelisk-austleg lydbilete. Enda fleire spor av psykedelia gneg seg mot overflata i den seige og skurrande She Really Freaks Me Out.

Elles er her sjølvsagt mykje fin strengeplukking. Håkon Gebhardt (som har produsert albumet) gjer ein gjestevisitt med frisk banjospeling i Hog Hollow, og mandolintrakteringa til Lars Håvard Haugen er ikkje mindre attråverdig i artige I Bit the Head of My Old Microphone og countrytunge Tears of Lead. Den siste høyrer med blant favorittane. Med lengtande munnspeltonar og eit whiskeydrenert vesen handsamar den angst- og svikefylte tema vi har høyrt før. Men på eit så tekstlig velfundert og melodisk fangande vis at den smyg seg på innsida.

Andre som høyrer til i avdelinga for låtar det avgjort kan vere kjekt å oppsøke på nytt er den inspirert countryrockande og aparte titulerte JFK Loved Volvos Too, popcatchy men tekstlig svartkledde Queen of the Underpass, og den lett vemodsfulle visa om trøbbel på heimebane Bring You Back With a Song.

Trur faktisk dette fort kan vere ein av dei beste platene Hagfors og hans venner har smidd saman. Det har som sagt blitt ein del av dei etterkvart.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo