cover

spring spring spring spring spring

Kullrusk

CD (2006) - Moserobie / Bonnier Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Jazz

Stiler:
Jazzrock

Spor:
Hellstone
Children's Song
Indo
All That I Need
He Ma'm
Faidros
Merguez
Herkules

Referanser:
Eddie Harris
The Core
Zanussi Five

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Living rock'n'roll

Med Per 'Ruskträsk' Johansson og Jonas Kullhammar i spissen, har Kullrusk for alvor utvida det tradisjonelle bruksfeltet for saksofon og klarinett.

Det som starta som eit speleoppdrag for Swedish Jazz Celebration i 2004, har utvikla seg til å bli eit etablert prosjekt med to glimrande plater som resultat. Platene er gjevne ut på Jonas Kullhammar sitt eige selskap, Moserobie. Då det første albumet hausta gode kritikkar som eit av årets beste jazzrock-skiver, er det ingen grunn til denne plata skal bli noko mindre rosa.

Moserobie er relativt nytt plateselskap, oppstarta av Kullhammar i 2000 og med eit eige manifest med den utopiske undertittelen Independent Jazz for World Peace. Her har både norske og svenske band fått kontrakt på grunnlag av sound og kunstnerisk utfolding, ikkje på grunn av potensielle hitlåtar for å bli kommersielle pengemaskiner. Som Kullhammar sjølv skriv på heimesida: "The idea of Moserobie is to invest the profit from record sales in future releases," og ikkje minst "to be an alternative to some of the regular record labels and their attitude towards musicians".

Når dette er sagt er det likevel ikkje noko i vegen for at nettopp Kullrusk kan bli ein stor suksess. Til å vere ambassadør for ny jazz er da spanande å høyre Kullhammar ilag med Per "Ruskträsk" Johansson utøve noko som kan seiast å vere meir rock enn jazz. Der saxofonisten Josuha Redman med sitt Elastic Band utforskar funk-universet til pionerane The Meters, utforskar Kullrusk rocken på ein slik måte at Jimi Hendrix ville blitt varm i hjarterota.

Besetningen med to saxar, bass og trommer er ikkje veldig uvanleg. Men det som gjer alt så mykje meir enn berre ei plate med gode komposisjonar og flotte soli, er elektrisiteten som vert tilsett. For det er ikkje berre snakk om vreng, men også wah-wah, oktavpedal og ulike former for ekko. På Hellstone sit ein igjen med kjensla om at det glidande introriffet kunne vore frå ein bluesy låt av Deep Purple med det karakteristiske soundet til den småpompøse Jon Lord. Med den valsande Children's Song hyllar Kullrusk den amerikanske saksofonisten Eddie Harris. Harris starta allereie på midten av 60-talet å eksperimentere med elektriske effektar, med ulike munnstykker og diverse koplingar mellom klarinett og saksofon. Det er med andre ord ein mann som er viktig for eit band som Kullrusk.

Kompet er heller ikkje noko å kimse av. Sven Lindvall (bass) er studiomusikar og har spelt med blant anna Ian Hunter og a-ha. På same måte som sin kollega i E.S.T., Dan Berglund, har Lindvall eit sett med wah-wah-pedalar og fuzz-pedalar som han nyttar til fulle i hans eigen komposisjon Faidros. Kombinasjonen wah-wah og bogespel får fram mange vakre klangar og får bassen til å synge som ein didjeridoo.

Trommis Martin Jonsson, som for meg er eit ukjend namn, legg ned eit imponerande arbeid i dei hardtsvingande låtane. Ilag med Lindvall utgjer dei noko av det tøffaste eg har høyrt sia eg forvilla meg inn på ein konsert med The Core under Moldejazz for to år sia. Ilag legg dei eit mektig fundament for dei to blåsarane til å utforske og bygge ut.

Låtane er majestetiske, leikne, steintøffe, hardtsvingande og uendeleg vakre. I siste kategori finn me poplåta All That I Need som er skrive av den allsidige produsenten og gitaristen Jari Haapalainen frå svenske Heikki. Han har jobba ilag med The International Noise Conspiracy, og no nyleg Belle & Sebastian-inspirerte Camera Obscura. Det at Kullrusk gjer ein versjon av ein poplåt vitnar om musikalsk medvit. Det varmar meg som har ein fot både i jazz- og popverden at det ikkje nødvendigvis alltid må vere ein standard låt som blir gjort slik mange jazzband har for vane. Heldigvis har denne trenden snudd meir og meir dei siste åra. Det er grenser for kor mange gongar ein ynskjer å høyre All The Things You Are i nye drakter.

Når Kullrusk tross alt dette ikkje får toppkarakter, er det fordi eg ikkje kan la vere å tenke at alle låtane ikkje er gjort med den barnlige gleda og gje f-haldinga eg opplevde på første albumet. Men hildring; likevel eit glitrande album å bruke feriepengane på. Gjerne begge!

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Pains of Being Pure at Heart - Belong

(Slumberland)

Det regner tårer fra himmelen og knuste hjerter og brutte løfter åpenbarer seg på dette lekre andrealbumet fra The Pains Of Being Pure At Heart.

Flere:

Diverse artister - John Barleycorn Reborn – Dark Britannica
Ricochets - The Ghost of Our Love