cover

Believers

A.A. Bondy

CD (2011) - Fat Possum

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Blues / Sadcore

Spor:
The Heart Is Willing
Down In The Fire (Lost Sea)
Skull & Bones
123 Dupuy Street
Surfer King
Hiway/Fevers
Drmz
The Twist
Route 28/Believers
Scenes From A Circus

Referanser:
Timber Timbre
Great Lake Swimmers
The Low Anthem
Sun Kil Moon
Bonnie Prince Billy
Smog
Hayden

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Etter midnatt

Han fronta eit rockeband, så vart han trubadur. No rissar han inn sin tydeligaste signatur ein dunkel stad i mellomrommet.

Akkurat då eg hadde skrive ferdig årsbestelista mi dukka A.A. Bondy opp. Så eg la den vekk. Eg høyrde det var grunn til det. Believers tok meg med inn i natta. A.A. Bondy mana fram diffuse snapshots og gåtefulle stemningsleie. Av det slaget det så absolutt går an å ha divergerande syn på, men som vanskelig kan hevdast å vere struttande av optimisme og idyll. For det som her blir formidla er nok stort sett like mørkt som natta, og like lumskt som vegen heim ein tåkete morgon. Med andre ord eit tematisk territorium det har komme mange songar ut av. Men å legge det fram like meisterlig, i ord, tonar og sonisk habitt, som det A.A. Bondy gjer på si tredje soloplate er slett inga vanlig hending.

Heilt førebudd på at det skulle bli slik var eg ikkje. Hans førre plate, When The Devil's Loose, var eit stykke americana med den akustiske gitaren i ei framtredande rolle. Vellydande og bra, men ikkje velsigna med ein distinkt signatur. Utan at eg har sett meg djupt og inderlig inn i det han har produsert av musikk før den tid, trur eg eg kan hevde at dette med eigenart nok har vore eit endå tydeligare problem der. I sine år som songaren og gitaristen Scott Bondy i bandet Verbena spesielt. Eit band som eksisterte frå midten av nittitalet og nokre få år inn i dette århundre. Og som med produsenthjelp frå folk som Dave Fridmann og Dave Grohl gjekk vegen frå Stones-pastisj, via Nirvana-pastisj til Foo Fighters-platte. Då plate nummer tre floppa var det over.

Auguste Arthur Bondy (for så heite han) kasta skreppa over skuldra og drog nordover frå heimbyen Birmingham, Alabama, og fant ein heim i Catskill Mountains utafor New York. Der reparerte han brønnpumper, leste Cormac McCarthy, og spelte gitar. Akustisk gitar. Det blei songar av det også. Arkaisk folk-country-blues som han etter ei tid fylte opp sin solodebut American Hearts med. Fyren var gjenfødt, og hadde skapt noko som var vel verdt ein lytt eller sju.

Når eg no høyrer Believers er det nesten så eg er freista å forfekte at han er gjenfødt atter ein gong. Men det er han ikkje, han har berre tatt nokre steg inn i noko som fortonar seg litt annleis. Inn i noko der den akustiske gitaren er bortimot fråverande, der det er den elektriske gitaren, steel-gitaren, pianoet, gnisselet og resonansen som kolorerer sakene.

Det uskarpe omslagsbildet av ein einsam nattevandrar på ein veg i utkanten av der folk finst er ein god illustrasjon på kva som ventar på innsida. Ti låtar dyppa i gårsdagens regn, brennmerka med melankoliens render, omslutta av eit heimsøkt drag. Folk noir. Ti opptrinn som skjelar mot både røyndom og draum. Og glipa imellom. Ti scener der atmosfæren dei lever under fortel like mykje som orda dei er forsynt med.

Bondy syng sine smått enigmatiske tekstlinjer i eit nært samspel med det soniske. I nokre songar, som i det monotont pulserande og psykisk kimande opningssporet The Heart Is Willing får lyden frå instrumenta ei såpass dominant rolle at teksten slit med å gjere seg til kjenne. Eg meiner likevel å høyre at det handlar om ein fyr som står der einsam innerst i skuggen, og tilbyr sitt villige hjerte til ei neppe like villig kvinne. Men utan at det fører til blodutgyting. Slik det førekjem i eit og anna spor elles på plata.

Yesterday your arms were wide
Now by fingers they are tied
To the pistol at your side
Mercy me


Drmz er den mystiske tittelen. Dreams skulle det bli om vi oversette det til ein meir vanlig stavemåte. "All tangled up in dreams" synge songaren når han når fram til refrenget. Så då skulle det vel vere grunn til å tru at hendinga han refererer til har sin scene på ei pute, og ikkje i ei stove. Og bakom syng steelgitaren, og tonen er country, og vakker.

You're dead, and all there was, a killer inside
Won't get to heaven tonight
Fucking around with the killer inside
And all you want is a ride


Og då heiter songen Rte. 28/Believers. Og eg får ei vag kjensle av at vi nærmar oss ein Jim Thompson-roman der sheriffen er djevelen sjølv. I eit langsamt flytande lydbilde som både har noko godt og noko vondt med seg.

Behind the red door, in American skin

There is a murder of roses

In the midnight hiss, come cover me there

For I am electric nothing


Surfer King handlar det då om. Ein nesten guddommelig skikkelse som songens hovudperson har eit løynlig håp om skal rydde opp i all horror og vondskap som har klistra seg til han. Songens varme tone signaliserer vel at det ikkje skulle vere ein heilt umogeleg utgang. Ein varme, og ein tiltalande tone, som fort tok tak i meg, og som eg har ingen intensjonar om å riste av meg.

I eit lite intervju eg har lest med Bondy oppfatta eg at han følte seg litt snurt over at plata i så overveldande grad blei plassert i eit nattebilde. Han hadde jo skrive fleire av desse songane på dagtid, fortalte han, ja endåtil i sollys. Eg trur eg skal fylgje han litt. Believers er ikkje midt inne i eit botnlaust mørke. Den heiter ikkje Believers heilt utan grunn. Den forfektar ei tru på at det går ein veg ut her ifrå. Sjølv der feberen brenn og vegen ser endelaus ut er det ei demring i sikte (Hiway/Fevers). Og uansett kor "far away from the world" songaren erklærar å vere i ørkenrockaffæren The Twist, så er det kanskje berre ein draum. Rett nok ikkje ein heilt god ein, men like fullt ein draum.

Draum eller røyndom, Believers fjernar seg aldri frå sitt eige fortetta og ulmande univers. Nett det kan eg ikkje gjere anna enn å sette inderlig pris på. Og så får eg finne fram den der årsbestelista mi igjen, og gjere ei lita endring.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo