cover

It Is Time For a Love Revolution

Lenny Kravitz

CD (2008) - Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Bluesrock / Poprock

Spor:
Love Revolution
Bring It On
Good Morning
Love Love Love
If You Want It
I'll Be Waiting
Will You Marry Me
I Love the Rain
A Long and Sad Goodbye
Dancin' Til Dawn
This Moment Is All There Is
A New Door
Back in Vietnam
I Want to Go Home

Referanser:
The Jimi Hendrix Experience
Cream
The Rolling Stones
John Mayall's Bluesbreakers
Primal Scream
Ben Harper
Terence Trent d'Arby

Vis flere data

Se også:
Lenny - Lenny Kravitz (2001)
Baptism - Lenny Kravitz (2004)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Kun for blodfansen

Det er fare på ferde når Kravitz minnar meir om ein Idol-artist enn Hendrix.

Lenny Kravitz var eit av dei verkeleg store nye talenta på slutten av 80-/byrjinga av 90-talet og i dag står mange av låtane frå denne perioden som pålar i moderne rock. Kven kan vel gløyme Let Love Rule, Mama Said, Are You Gonna Go My Way og Rock'n'Roll Is Dead for å nemne nokre.

Når han først kom på banen stod han for noko forfriskande og ekte, og ikkje minst fekk han musikaliteten attende til forgrunnen i ei tid der synthpopen framleis var regjerande. Kravitz er ein trollmann på gitaren og på sitt beste er han ein stor låtskrivar. Vokalen hans har også ein kvalitet som kler musikken, passe rufsete og passe polert på ein gong. Dei siste utgjevingane til mannen har diverre ikkje vore like potente som dei tidlegaste platene.

Det var difor med spenning eg mottok og slengde It's Time For a Love Revolution i spelaren. Og, med respekt å melde, Kravitz har nok ein gong falle i dei same fallgrubene som dei siste åra har vore så framtredande; nemleg å pøse på med likelydande og intetsigande balladar. I'll Be Waiting er eit av kroneksempla på dette. Songen er ei pianoballade med gitarausing på omkvedet, noko som får godaste Kravitz til å likne meir på ein Idol-artist enn på Jimi Hendrix.

Då er det fare på ferde for ein mann av dette kaliberet.

Andre songar som ligg faretrugande nærme dette nivået er I Love the Rain og A Long and Sad Goodbye. Desse er plagsamt forutsigbare både i tekst og melodi. Resultatet er at det blir kjedeleg. Minste motstands veg er sjeldan ein god framgansmåte når ein lagar musikk i denne genren. Ein byrjar nesten å lure på kva Kravitz tenker når han lagar ein song som I Love the Rain, med ei latterleg enkel akkordrekke som einkvar gitarist i rocken har gjort før han. Eg tør påstå at eg skreiv denne melodien då eg lærte å spele gitar, og at alle som spelar gitar i ein eller annan form kunne ha skrive dette like bra.

Det einaste geniale Kravitz har gjort som er genialt her er å faktisk ta copyright på det og tene ein god slump pengar.

Det er sjølvsagt ikkje alt som er like grelt her. Særleg dei tre første spora er gode, der Kravitz i alle høve tidvis viser glimt av gamal storleik. Særleg Good Morning er ein godt utført song, med eit særs smakfullt strykearrangement og nydeleg 70-talslyd på gitarane og utsøkt harmonivokal.

Men alt i alt er denne skiva eit litt trist dokument der stagnasjonen verkar å vere langt framskridande. Det gamle "stick to the formula"-syndromet hemmar han og gjer store delar av materialet til eit langt gjesp. Og, skal ein vere ærleg, så må det vere lov til å vente meir av ein slik stor artist, ja han blir sågar stundom skildra som ei levande legende, enn at han lagar dårlege kopiar av sine tidlegare hits. Det beste som kunne skje no var at han fekk ein ung og svolten produsent og eit nytt band som kunne sparke han i ræva og få han til å bli litt meir leiken og eksperimentell. Det nyttar ikkje å spele bra på instrumenta når materialet ein framfører manglar totalt nerve og feel. Nei, folkens, dette albumet bør ein styre unna. Det fins mykje meir levande og spennande materiale både i Kravitz eigen katalog og ikkje minst hjå inspirasjonskjeldene hans som det er verdt å finne fram til i staden.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Samara Lubelski - The Fleeting Skies

(The Social Registry)

En makeløs ode til naturen, som bergtar og forvirrer.

Flere:

Kullrusk - spring spring spring spring spring
Bob Dylan - Modern Times