cover

Palo Santo

Shearwater

CD (2006) - Fargo / Indie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Folk / Sakral / Poprock / Psykedelia

Spor:
La Dame Et La Licorne
Red Sea, Black Sea
White Waves
Palo Santo
Seventy-Four, Seventy-Five
Nobody
Sing, Little Birdie
Johnny Viola
Failed Queen
Hail, Mary
Going Is Song

Referanser:
Okkervil River
Talk Talk
Midnight Choir
M. Ward
Richard Thompson

Vis flere data

Se også:
The Dissolving Room - Shearwater (2001)
Everybody Makes Mistakes - Shearwater (2002)
Winged Life - Shearwater (2004)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Stemningsfullt og opprivande

Ein nestkommanderande tar for alvor over roret og lar ferda gå både i stille farvatn og på opprørt hav.

Eg var vel ikkje akkurat smålåten sist gong eg skreiv om ei Shearwater-plate. Då gjaldt det utgjevinga Winged Life (2004), og det var faktisk få grunnar til ikkje å ytre seg i begeistra ordelag. Trur likevel eg tør hevde at det er her, her på Palo Santo, at Jonathan Meiburg for alvor slår ut vengene. Her driv han rundt i eit meir kontrastfylt landskap enn han har gjort før, og det gjer han med minimal hjelp frå compadre Will Sheff.

For dei som skulle vere uvitande om det, så har altså Meiburg vore ein av Sheff sine næraste medsamansvorne i fleire glødande tokter opp og ned Okkervil River. Shearwater har vore eit litt mildare stemt prosjekt frå dei to si side, der Meiburg sine idear har fått meir plass, men der likevel to/tre Sheff-låtar kvar gong kanskje har vist seg som dei sterkaste. På Palo Santo har ikkje Sheff komponert ein einaste tone. Det gjer ingenting, ikkje så lenge Meiburg stiller opp si sterkaste låtrekke nokonsinne.

Det er folkrock. Folkrock som i tone og vesen nok lener seg sterkast mot den engelske tradisjonen. Men det er meir enn som så, langt meir, for Meiburg stikk hovudet inn på andre territorium også. Skulle eg komme drassande med nokre referansar, ja så vil vel Spirit of Eden (Talk Talk) og Amsterdam Stranded (Midnight Choir) vere to av dei mest nærliggande albuma å trekkje fram. Hudlaust og desorientert, luftig og truande, der fundamentet er vakre og vanedannande melodiske løysingar framifrå kolorert med organiske lydmotiv. Meiburg si stemme kan dirre på kanten av å breste, som den skjøraste streng, for så nokre takter seinare å kaste seg inn i kampen med frenetisk styrke. Av og til er den klar og tydelig andre gonger skeiner den ut i utydelig uttale eller druknar og blir til ein bit av den instrumentale strukturen. Slik blir tonar og ord vevd saman til eit heile.

Jimmy Page snakka om lys og skygge, andre har snakka om dag og natt, støy og harmoni, stillstand og kraft, vakkert og stygt. Kontrastar som mykje av den beste musikken er bygd opp rundt. Det er i dette spenningsfeltet Shearwater driv rundt på Palo Santo, og det altså i sterkare grad enn på tidlegare framstøyt. Jonathan Meiburg forklarar seg slik (i eit intervju med See You In The Pit): "It sounds to me like we're heading for something, aiming at someplace, somewhere otherwordly and lovely and a little bit evil, and that we're closer now than before". Etter å ha vore midt blant tonane på Palo Santo nokre veker no, er det vanskelig å ikkje vere einig med han.

"Something is breathing in the air, something is moving in the water." Med ei skjør tenorrøyst tett på øyra, og knitrande elektrisitet i det fjerne melder La Dame Et La Licorne sin komme. Brått ropar songaren i desperat fortviling "bring back my baby", og ein får det første bodet om at Shearwater har endå meir smerte å slite med og meir uvørden energi å halde styr på enn kva ein har vore vant med. Ein får erfare at varlige bølgjeskvulp ofte har ein storm på lur, og at eit audmjukt vesen av og til kan møte veggen og komme i retur som eit uforsonlig mareritt.

Det nemnte opningssporet set standarden, men Red Sea, Black Sea kjem ganske så fort drivande inn frå venstre og utfordrar den. Frisk banjoplukking blir overdøyvd av eit pågåande keyboard-tema, og eit Pixies-aktig refreng dyttar både lys og mørke inn på eit fargesprakande spor. White Waves seglar fram på eit smart el-gitarriff, og har ei melodisk form ikkje heilt ulik den Richard Thompson har meisla ut gjennom ein lang karriere. Medan den piano-bastante Seventy Four, Seventy Five får meg til å tenkje på John Cale sine Paris 1919 dagar. Tittelsporet er på si side ein stille flytande liten triumf, med gitarplukking i Bert Jansch-ånd. I same forsiktige kategori lever også Nobody og avslutningssporet Going Is Song, men med ein om mulig kanskje endå vakrare melodisk aksent.

Dei skarpast kvesste og mest vridde soniske øvingane dukkar opp i siste halvdel. Failed Queen vaklar og gneg seg fram med smattande perkusjon og såre fiolintonar i eit psykedelisk folkrock-bilde. Medan Hail, Mary går frå introvert fortviling over i ilskne åtak og tilbake igjen før den endar sine fem minuttar i eit glødande atonalt kaos.

Varleg og voldsamt, men framfor alt vakkert.

comments powered by Disqus

 



Håvard
2007-05-15Ny utgave

Fin anmeldelse av veldig fin plate. Har noen hørt den nye utgaven med 2cd? Hvordan er den i så fall?

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo