cover

The Imaginary Kingdom

Margfolket

CD (2010) - Soundcastle Records / Indie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folkpop / Folkrock / Jazz / Tango / Cabaret

Spor:
Mrs. Innocence
Much Ado About Jack
Where It's Coming From
White Widow
Never-never Land
Soundtrack From The Movie In My Head
Zodiak
Armageddon Party
Bleeding
Melt Me Down And Flow Away
Serendipity

Referanser:
Jake Ziah
Real Ones
The Captain & Me
The Decemberists
Beirut

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Spakt og vagt

Folkpop med både jazz og tango i blodet, men utan spenning og eigenart.

Dei kallar seg Margfolket, dei lever og spelar på det indre austlandet. Dei er fem, og har spelt saman sidan 2003. Men noko album har det ikkje blitt av det, før no. The Imaginary Kingdom har dei kalla det. Og som tittelen indikerer, tyr dei til det engelske språket når det kjem til song.

I coverheftet har dei skrive eit lite eventyr. På rim. Hovudpersonen i dette eventyret er ein liten gut. Han bygger eit sandslott, blir sliten, sovnar, og drøymer. Han er på havet, båten forliser, han reddar seg opp i ein liten robåt, besvime, vaknar, og ser "right into a pretty girls eyes". Ho tek han med på ei jakt etter "the eleven lost souls in the tower". Dei kjem til slottets dør, bankar på, slepp inn, og historia held så fram i Margfolkets songdrakt.

Dei spelar for det meste på akustiske instrument. Instrument som ofte blir nytta til å skape eit folkprega uttrykk. Det nyttar tildels Margfolket dei til også. I tillegg tar bandet tak i ein og annan jazztone, finn ein tango, og besøker 1930-talets cabaretscene. Men helst kan ein vel kalle det popmusikk, med litt preg av desse andre ting.

Eit opplegg som har i seg ingrediensar til å bere vel i veg altså. Noko det ikkje heilt og fullt maktar å gjere. Den for så vidt dugande ideen å forankre songane i ei felles forhistorie smuldrar på eit vis bort. Smuldrar bort i eit tekstlig og melodisk opplegg som dessverre blir for vagt på identitet. Tekstane har svært få originale påfunn. Dei gjev meir eit inntrykk av å vere ein collage av litt for opplagte og oppbrukte idear og formuleringar.

Ein poptekst som ikkje lukkast på formidlingssida kan imidlertid redde seg over på godsida om den får drahjelp av melodilinjer med eit attraktivt vesen. Eg kan ikkje sjå at så er tilfelle i særlig grad hos Margfolket. Det vil seie, det ligg eit potensiale i desse tonane deira. Det kjem berre for sjeldan opp og fram. Dei spelar dei med for lite risiko, for lite appetitt, for lite lyst.

Det taflar helst av garde, og eg klarar ikkje å få det til å bety noko for meg. Direkte svakt vert det aldri, men skikkelig bra vert det heller aldri. Men eg har notert meg Melt Me Down And Let Me Flow som eit dugande forsøk. I eit skånsamt melodisk lune skildrar dei her snømannen sin lagnad, frå han står der ferdig med sitt frosne smil, til han ligg på bakken som ein sølepytt. Spretne og elastiske Zodiak hevar seg også over snittet. Medan Armageddon Party skil seg mest ut, med ei folkfunky og manisk åtferd. Heftige fiolintonar gjer sitt til at så skjer. Fiolintonar frå ein fiolin som krydrar det soniske bildet plata gjennom, og som av underteikna blir opplevd som ein plussfaktor.

Dessverre er lista over slike plussfaktorar for kort til at The Imaginary Kingdom blir opplevd som ei fullt ut tilfredsstillande plate.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo