cover

Acoustic Blue

Townes Van Zandt

CD (2003) - Tomato / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Country / Folk / Blues / Americana

Spor:
The Hole
Snake Mountain Blues
Short Haired Woman Blues
Waitin' Round to Die/ Kathleen
Goin' Down to Memphis
Coo Coo
Automobile Blues
Loretta
Nothin'
Gone to Long
Dollar Bill Blues
My Starter Won't Start
Lungs
A Song For

Referanser:
Hank Williams
Woody Guthrie
Lightnin' Hopkins
Guy Clark
Jerry Jeff Walker

Vis flere data

Se også:
Live at The Old Quarter - Townes Van Zandt (1977)
The Best of Townes Van Zandt - Townes Van Zandt (2002)
Texas Rain - The Texas Hill Country Recordings - Townes Van Zandt (2001)
In the Beginning... - Townes Van Zandt (2003)
Our Mother the Mountain - Townes Van Zandt (1969)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Townes synger the blues

Ein samling akustiske live-innspelingar, og det er blått, vemodig og sårt.

Townes Van Zandt, ein beskjeden poet som aldri heilt fekk den merksemd han verkeleg hadde fortjent mens han levde. Sin store epoke hadde mannen i åra frå 1968 og fram til 1973. I denne perioden strøymde det på med sterke sangar frå Van Zandt sitt melankolske skattkammer. Raffinert poesi i samklang med vakre og såre tonar. I åra som følgde etter denne tida og fram til sin død i 1997 kom det berre tre album med ny musikk frå Townes si hånd. Og sjølv om noko av magien frå dei første åra ikkje alltid var tilstades, viste mannen ved fleire høve at han fortsatt hadde kontakt med si poetiske gullåre.

Innimellom studioalbuma dukka det opp eit og anna live-album, og etter hans død har eg ein følelse av at det formelig har vore ein slags eksplosjon av slike utgjevingar. Så sjølv om det alltid er kjekt å oppleve Townes Van Zandt og hans songar, kan vi kanskje stille spørsmål med om vi strengt tatt har behov for alle desse live-dokumentene. Dei kjem i alle fall aldri (trur eg) til å kunne matche det legendariske opptaket frå The Old Quarter, Houston i 1973, der Townes trollbind ein liten forsamling med sin gitar, sin sang og sin låtskrivar-kunst.

At det stadig dukkar opp nye konsertopptak er når alt kjem til alt kanskje ikkje så rart, med tanke på at saman med sin gode venn, den akustiske gitaren, har Van Zandt frekventert mangt eit lokale mellom San Francisco, Trondheim og Brisbane. Eller som han sjølv seier det i A Song For;

London to Dublin
Australia to Perth
I gazed at your sky
I tasted your earth
sung out my heart
for what it was worth

Acoustic Blue er det nyaste skuddet på stamma av slike innspelingar, og er ein samling av mannen sine meir blues-prega stunder. 14 låtar, derav 11 gjort under ulike spelingar i Tyskland hausten 1994. Dei tre siste er gjort berre veker før mannen døydde kun 52 år gammal første nyttårsdag 1997 (nøyaktig 44 år etter eit av hans store førebilete, Hank Williams). Albumet kjem ut på van Zandt sin gode gamle label Tomato Music, og er utstyrt med eit velskreve essay av den kjente musikkskribenten Chet Flippo (ein stor Van Zandt-fan).

Så, jodå, ein fin liten sak er det blitt. Låtutvalget er henta frå heile mannen sin karriere, med ein liten hovedvekt på hans siste studioalbum No Deeper Blue (1994). Av dei fire låtane frå den plata er det dei to som rammar inn albumet som verkeleg utmerkar seg. The Hole er ein dyster og demonisk blues på vitjing i helvetes forgard, der djevelen er ei gammal dame med hår som "looked just like barbwire, boys", og eit smil "just like the grave". A Song For er på si side ein vemodig folk-ballade der vi møter ein sliten vandrar, - lyrisk, sårt og vakkert. Vi får også den gamle honky tonk-saken Lorretta og velrenommerte tilfeller som Waitin' Round to Die og Kathleen. Ellers er det mykje fin akustisk blues som blir servert, nokre er coverversjonar av gamle travarar (tre av førebildet Lightnin' Hopkins) og nokre er Van Zandt originalar. Eit lite pluss til ein sterk versjon av intense Snake Mountain Blues. Medan vi i Nothin' møter ein resignert sangar, ja det gjer nesten litt vondt å høyre denne, ein av hans aller siste sanginnsatsar som blei festa til tape.

Det er nok ikkje denne plata du skal starte med om du er nybegynnar i Townes sin verden, då går du til utgjevingane frå dei første åra. Er du fan, derimot, er denne sjølvsagt vel verdt ein plass i samlinga.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo