cover

The Richard Swift Collection Volume One

Richard Swift

2 x CD (2005) - Leftwing / Lo-Fi

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folkpop / Singer/songwriter / Psykedelia

Spor:
Forward
Lady Day
Sadsong St.
Blues For Mother
The Novelist
Ballad of Clifford Swift
Looking Back, I Should Have Been Home More


Walking Without Effort Theme
Half Lit
In the Air
As I Go
Above and Beneath
Mexico (1977)
Losing Sleep
Not Wasting Time
Beautifulheart

Referanser:
Bruce Cockburn
Loudon Wainwright III
Ron Sexsmith
Ed Harcourt

Vis flere data

Se også:
The Novelist - Richard Swift (2003)
Dressed Up for the Letdown - Richard Swift (2006)
As Onasis I & II - Richard Swift (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Enkelt og personleg

Enkle songar kledd i dempa men fasetterte drakter. Ein kar å merke seg.

"Du kan rocke, men du må rocke på rette måten. Ikkje som Velvet Underground, men som Blink 182." Slik skildrar Richard Swift sin gode venn batteristen Frank Lenz lyden av den amerikanske kristenrock-industrien. Swift og Lenz heva i fleire år lønna si som session-musikarar innan denne ultrakeisame musikksjangeren. Inntil dei ein dag fant ut at det rett og slett ikkje var verdt det. Istaden byrja dei å spele musikken som hadde surra i hovudet medan dei kjørte det dorske pliktløpet. Kanskje vert det mindre midlar til verdsleg gods av eit slik valg, men tonane dei omgjer seg med er rikare.

The Richard Swift Collection Volume One er tittelen. Nå har ikkje Richard så mykje meir å samle saman av innspelt materiale enn det vi får servert på denne utgjevinga. Sidan mannen byrja å spele inn eigne påfunn rundt 2000 har det kome eit par singlar og to korte album. Det er dei to siste som er samla på Collection. Tretti minuttar lange Walking Without Effort frå 2001 (her i remiksa og ny drakt), og tjue minuttar lange The Novelist frå i fjor. I denne omtalen konsentrerer eg meg om låtane frå førstnemnte, The Novelist har eg nemlig omtalt før (følg linken nede til høgre).

Han likar lyden av gangne tider, Swift. The Novelist var lagt opp som ei ferd blant 30-talet sine lydar og tonar ispedd litt psykedelia og nyare lydkjelder. Instrumentaltemaet som startar Walking Without Efforts har noko av den same førkrigsstemninga. Inspirasjonen for resten av materialet ligg derimot stort sett noko nærare vår eiga tid. Eg trur vi kan kalle det akustisk popmusikk. Ein kan sikkert finne slektskap mot mang ein såkalla singer/songwriter, frå Bruce Cockburn og Loudon Wainwright III til Ron Sexsmith og Ed Harcourt, men eg vågar likevel å påstå at Richard Swift allereie her på sine første innspelingar meislar eit personleg uttrykk. Det er nennsomt men aldri dorskt, enkelt men like fullt iderikt. Saman med nemnte trommekompis Frank Lenz har han med seg Matt Fronke og Greg Riley på diverse blåseinstrument (dei resterande instrumenta, gitar, piano etc. spelar Swift sjølv). Blåsarane yppar aldri til høglytt kappestrid men blir spelt med sordin. Saman skaper dei fire eit lunt og smakfullt ettermiddagsbilde.

Her er blå balladar som den svakt jazzige In the Air og den stillfarande Mexico (1977). Litt meir tempo i melodisk treffsikre og raffinert spankulerande låtar som Half Lit og As I Go. Aller størst pris set eg like fullt på Losing Sleep og Beautifulheart. Begge i eit melodisk skikt ikkje heilt ulikt det Beck vitja på Mutations plata si. Den første i ei effektfull og dynamisk kraft/ro drakt. Medan den siste glødar mellom vekslande kjensler, og når sitt klimaks idet Swift fleire gonger gjentek, med ein blanding av lengsel og ironi; "you with you're beautiful heart, you're beautiful heart."

Så då står det vel berre igjen å takke Gud for at han førte Richard Swift bort frå den klamme krakken bak eit vammelt "God is rockin' in the rich world", og inn på sporet av levande tonar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo