cover

Work We Do Sounds We Hear

Brian Anderson

CD (2002) - Lost in America

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Folkrock / Singer/songwriter / Visepop

Spor:
What the Doctor Said
Leonardo
More Fun
Bird Dog
Last Comanche
Bunkertown
Men in Blue
Down to the Bottom
The Little That I Know
Hole in the Middle
Write the Book

Referanser:
Randy Newman
James Taylor
Cat Stevens
The Lucky Ones

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Lett visepop

Brian Anderson har ikkje til hensikt å lage ubehag eller å utfordre oss for mykje.

Kva med litt visepop frå ein pianospelande Chicago (byen, ikkje bandet) veteran? Du har ikkje høyrt om Brian Anderson, seier du? Vel, det er du sikkert ikkje åleine om. Etter det eg har klart å finne ut er dette hans debutplate som soloartist. Hans tidligare liv som musikar har stort sett bestått i å spele på lokale pubar og kafear, samt å delta på andre sine prosjekt (The Lucky Ones).

Då eg begynte å høyre på denne plata var min første tanke at dette minna jo litt om Randy Newman. Nå skal så avgjort ikkje mr. Newman ha skylda for alle som spelar piano og syng eigne låtar, men her er faktisk ein viss stemmelikhet også. Det stiller seg noko annleis hvis vi trekker fram begreper som låtkvalitet, tekstkvalitet, eigenart og generelt faenskap, for der kjem Brian solid til kort i ei slik samanlikning. Så derfor køyrer vi ikkje vidare på det sporet.

Brian lagar og syng småtrivelige, nokon ganger litt triste, nokon ganger litt morsomme og nokon ganger litt sjarmerande folkpop-sangar. Med hjelp frå lokale musikkvenner har han kledd låtane i ei lettfattelig og ufarlig drakt. Han har ikkje til hensikt å lage ubehag eller utfordre lyttaren for mykje.

Som dei fleste nå sikkert har skjønt blir ikkje dette særlig spennande. Musikken trillar av gårde, gjer sine små krumspring, og prøvar å skape litt hyggelig stemning. Problemet er at eg ramlar av lasset, plutselig er plata komme til spor åtte og eg har istaden filosofert over livet, fundert litt over ei bok eg har lest, eller kanskje til og med bekymra meg for været. Det er ikkje det at låtane er direkte dårlige, faktisk er det opp til fleire som har ganske så tiltalande melodilinjer, men eg saknar noko å bryne meg på, noko med klør og skarpe tenner. Så neste gang Brian, tar du ein liten djevel med deg i studio.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo