cover

Phosphorescent Blues

Punch Brothers

CD (2015) - Nonesuch / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Bluegrass / Folk / Klassisk / Eksperimentell

Spor:
Familiarity
Julep
Passepied
I Blew It Off
Magnet
My Oh My
Boll Weevil
Prélude
Forgotten
Between 1st and A
Little Lights

Referanser:
Nickel Creek
Bela Fleck
Radiohead
The Strokes

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Akustisk eklektisk

Mangfaldig strengeleik, og tonar som vil både hit og dit.

Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis. Det har dei alltid vilja, og dei vil det ikkje noko mindre på The Phosphorescent Blues. Kvintetten slår det likså godt fast frå første tone. Familiarity – fortrulegheit – er eit opningsspor av eit anna format enn opningsspor flest. Eg opplevde på ingen måte å bli fortruleg med det sånn med det same. Ikkje sånn etter to, tre, eller fire gjennomlyttingar heller. Eg veit i grunn ikkje om eg er fortruleg med det endå. Det er eit musikkstykke som skiftar form og farge, humør og temperatur, fleire gonger undervegs. Det strekker seg over ti minutt og tre suitar, er varleg, hakkete, intenst og veldig, og tilslutt sakralt. Eit visst sonisk slektskap har det til eit og anna progrocknummer frå første halvdel av 70-talet. Og er det ikkje litt Radiohead her også tru? Jo det trur eg jammen det er. Ikkje så rart kanskje, Punch Brothers har hatt fleire Radiohead-låtar på liverepertoaret sitt, og på førre plate gjorde dei ein smått rabiat versjon av Kid A. Og flyt ikkje røysta til Chris Thile av garde litt som Thom Yorke si? Jo den gjer i grunn det. I alle fall på Familiarity. "A man among amens" er eit gjentakande ordspel, i ein song som handlar om mellommenneskelige interaksjonar i internettets og smarttelefonens tid. "So darling when you wake remind me what we've done, that can't be shared or saved or even sung". Fortruleg eller ikkje fortruleg, ein fabelaktig låt er det. Etterpå kjem det fleire fabelaktige. På andre vis fabelaktige.

Det starta vel eigentlig med at Chris Thile skulle ha eit backingband til ei soloplate han laga for cirka 10 år sidan. Om ein ikkje då tenker at det starta då Chris Thile i ein alder av åtte år byrja å spele med søskena Watkins. Sara og Sean Watkins. I bluegrass-trioen dei etter kvart kalla Nickel Creek. Parallelt med at Thile spelte der kom han også raskt i gang med ein solokarriere, og gav tretten år gamal ut sitt debutalbum som soloartist. På byrjinga av 2000-talet ekspanderte Nickel Creek etter kvart inn i nokså suksessfulle tilhøve, og byrja også dra inn soniske element som ikkje var heilt bluegrass. I 2006 bestemte dei tre seg for å gå kvar sin veg for ei tid. Og om lag samstundes startar altså historia om Punch Brothers.

Eg burde ha høyrt meir på Punch Brothers. Det er blitt ganske så klart for meg no. Men det er jo ikkje blitt for seint å finne fram til debutalbumet frå 2008, smelle i gang det nestenkonvensjonelle opningssporet Punch Bowl, og så ta det derifrå. Det skal fort vise seg å bli meir krevjande. Nummeret som fylgjer kjem i fire satsar, varer i over førti minutt, har tittelen The Blind Leaving the Blind, og er Chris Thile sin overmannande snirkelgang inn i sin ferske skilsmisse. To år seinare fylgjer albumet Antifogmatic, utan eksepsjonelt lange nummer, men så avgjort med labyrintiske tilhøve. Eit lite, og godt, steg i ein litt meir konvensjonell retning tok bandet med 2012 utgjevinga Who's Feeling Young Now?. Med konvensjonell meiner eg ikkje at dei gjekk i ein tradisjonell bluegrass-retning, men at det er ein ikkje ueffen popynde i det viltre og fantasifulle løpet dei legg opp til. Kor høyrer så T Bone Burnett-produserte The Phosphorescent Blues heime i dette bildet? Ja sei det. Kanskje er det det aller mest varierte dei har komme opp med til dags dato. Og det er jaggu meg ikkje verst.

Etter Familiarity skjer det litt av kvart. Like etter kjem Julep med ein kjælen bassgang, eit grasiøst refreng og generelt idyllisk stemning. To i lag med ein drink på verandaen og "a lifetime of summer". Utover albumet kan eg ane at temaet frå Familiarity dukkar opp att. Våre dagars hang til å kommunisere via små og større skjermar. "How long O Lord can you keep the whole world spinning under our thumbs" spør songaren seg i den svale My Oh My. Medan han i I Blew It Off, ein av dei friskaste popsongane på denne sida av Kissing the Lipless, konstaterar lakonisk at "there's nothing to say that couldn't just as well be sent". Og i avslutningsnummeret har bandet gått til det skritt å engasjere ein liten skare av fansen til å synge med i siste vers, via mobiltelefonane sine – "shine little lights of ours".

Variert sa eg. Temposkiftande, svingete og idérikt kan eg vel også seie. Men ikkje i den hensikt å briljere for briljeringas skuld. Tonen står i sentrum, formidlingsgleda lever rundt den, og musikaliteten har eit hjerte. Enten det handlar om å danse med popsteg, harmonisynge som om dei var tremenningar av Beach Boys, drive inn i rock'n roll med kontrabassen som riffmaestro i grumme Magnet, la strengar gå varme i ein gammal bluegrass-låt (Boll Weevil), eller at dei finn fram eit stykke av Debussy (Passepied) og gjer det kammerhandsaming på Punch-måten.

Heilt dogmatiske sånn i forhold til at dette berre skal handle om dei fem instrumenta eg nemnte innleiingsvis er bandet ikkje. På nokre nummer har dei fått med seg ein trommeslagar, Jay Bellerose. Og T Bone Burnett drar nokre tonar frå ein elektrisk gitar på tre av spora. Eg kan ikkje høyre at plata har tatt skade av det. Den er i grunn lite anna enn frisk.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo