cover

My Ion Truss

Minus Story

CD (2007) - Jagjaguwar / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Indiepop / Powerpop

Spor:
In Line
Aaron
Stich Me Up
Battle of Our Lives
Beast at My Side
The Way Beyond
Parachute
Mama Mama
Pretty in the Light
Miles and Miles

Referanser:
Okkervil River
Death Cab for Cutie
The Feeling
Shearwater
Elf Power

Vis flere data

Se også:
The Captain is Dead, Let the Drum Corpse Dance - Minus Story (2004)
Heaven and Hell - Minus Story (2005)
No Rest For Ghosts - Minus Story (2005)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Historia om pluss og minus

Minus Story mjukar opp sin gamle formel og tøyer grensene mellom svevande melankoli og fyrig kraftpop.

Gjer det sjølv-prinsippet har alltid stått sentralt for Kansas-baserte Minus Story. Då dei stod i startgropa til skiva The Captain is Dead, Let the Drum Corpse Dance (2004), den tredje i rekka, men den fyrste signert under plateselskapet Jagjaguwar, var ikkje manglande kjennskap til både innspelings og produksjonsteknikkar noko å frykte. Heller enn å skjelve i buksene og hente inn utanforståande produsenthjelp valgte dei likegodt å gjere sin heller skrale kompetanse på dette feltet om til sitt musikalsk varemerke.

Kort fortalt: Resultatet blei det bandet, her i tverr nynorsk omsetjing, omtalte som ein "vegg med skit" (wall of crap), ein form for lag-på-lag produksjon der lydar og lydskapande element blei blanda halvt vilkårleg saman til popmusikk som skulle bli både grumsete, psykedelisk og strukturelt ganske så uvanleg. Det må poengterast at skiva ikkje alltid var den lettaste kost å fortære, men den fikk då sine tilhøyrarar. Oppfølgaren No Rest For Ghosts året etter gikk meg derimot hus forbi, men rørte visst rundt i eit meir opent og tonemessig luftigare stemningsleie. Med My Ion Truss kan ein i alle fall få bekrefta denne tendensen.

Interessant i så måte er det at dei no for aller første gang har hyra inn produsenthjelp, her i form av unge men erfarne John Congleton (Paper Chase, Explosions In The Sky m.fl). Uansett om ein skal fordele "skuld" på produsent eller bandet kjennast Minus Story i alle fall langt meir tilgjengeleg ut enn før, ja ein kan vel seie det har vakse fram eit meir kommersiellt uttrykk, ein Death Cabifisering på sett og vis. Melodiane svingar ikkje lenger innom dei aller smalaste sidevegane, lukta av mild psykedelia er mindre til stades og det heller inneslutta lo-fi uttrykket har blitt erstatta av ein sound med meir fylde og varme i kantane.

På ein måte er nok dette ein gunstig manøver. Enkelte vil heilt sikkert sette pris på å ha fått seg ein meir inkluderande inngangsportal til bandet, medan andre igjen kanskje føler at denne "normaliseringa" av form og innhald har gått på bekostning av det rotete, heimesnekra særpreget frå førsteskiva.

Lettvint og kanskje noko grovt rekna kan ein bryte opp My Ion Truss i tre delar.

Den første halvleiken inneheld dei meir tempodrevne bidraga, det meir rocka uttrykket og ein kan nok tenke seg at der er her singelmaterialet bør bli henta frå. I sentrum står den dampande og etterkvart svært så frenetiske rakkaren Aaron, platas utvilsame høgdepunkt. Eit bulderbrak av gitarer og trommer sparker igang ein mangefasert melodi. På strålande vis vekslast det mellom det mjuke og det meir hyperaktive før ei herleg overdådig avslutning kastar inn saksofon og gitaronani og sett med det strek for tre minutt med pur ekstase.

Rundt platas si midtre går vi over i ei meir eksperimentell fase, fasa eg som regel skipper glatt over når eg sender denne skiva i spelaren. Mørke Beast At My Side med sitt grumsete lydbilete høyrest ut som sporet som prøver for hardt å få plass på Radiohead si Kid A-skive, medan The Way Beyond blir både for messande og for masande for min del.

Interessa blir ikkje vekka ordentlig igjen før My Ion Truss mot slutten roar ned på tempoet, tek for seg dei lågmælte nyansar og let kjenslane og dei mjuke tonene frå pianoet ta opp større plass. Dette gjeld særleg under dei to korte og behagelige M&Ms-snuttane Mama Mama og Miles and Miles, begge med Geiger og dei svarte og kvite tangentane i hovudsetet.

Minus Story er labelbuddisar med Okkervil River og utan å skape heilt den same entusiasmen, delar dei såvisst noko av det tonemessige uttrykket med den plateaktuelle elvebanden. Eit anna likheitstrekk er at dei begge har den karakterrike vokalisten som kan tilføre det naudsynte vesle ekstra. Frontmann Jordan Geiger har ei dominerande (i beste betydning) og teatral stemme ein finn det behagelig å låne øyrene til, anten den måtte omkranse svevande melankoli (In Line) eller fyrig kraftpop (Stich Me Up).

My Ion Truss har altså noko ganske ulikt på menyen enn det The Captain is Dead, Let the Drum Corpse Dance hadde. Kanskje har Minus Story no funnet seg ein stil dei er komfortable med, eller kanskje dei neste gang velger å grave seg tilbake til dei gamle røtene.

For sjølv om veggen ikkje lenger er så full av skit som den eingang var, er den heller ikkje heilt rein endå.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Serena Maneesh - Serena Maneesh

(HoneyMilk)

Med oppheita fuzz-pedal, kvasse gitarfigurar og englar i kulissane presenterer gjengen frå sør-vestlandet eit inferno i svart, raudt og kvitt.

Flere:

The Core - Vision
Sukpatch - 23